Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 5. Omskifte i jordbruk og levevis (før 1900)

Jernplog og åkerbruk

I Ola si tid var det at jarnplogen vart teken i bruk. Før den tid var det treplogen dei hadde å hjelpe seg med her på bygdene. Men i siste halvparten av 1800-talet var det ein mann i Hornindal, Ola Lien, som tok til å lage plogar med veltefjøl og kniv av jarn. Desse plogane kom i bruk i bygdene her i Nordfjord, og dei var kalla Lidaplogar. Det var først seinare at det kom utanlandske plogar, frå England og Amerika med stål til veltefjøler. Desse arbeidde jorda betre, og var ikkje så utsette for å ruste. Det var først i 1890 at dei første plogane av dette slaget kom. Lidaplogane var og eit stort framsteg frå dei plogane dei før måtte hjelpe seg med.

Åkerbruket tok seg mykje opp etter at dei nye plogane kom i bruk. Men ein vanske var det at garden ikkje var utskift. Der var i alt 14 brukarar med over 50 teigar på kvart bruk. Det var vanskeleg å vite merke alle stader, og mange av åkrane var så små at dei måtte gå saman og drive overpløgsle, som det vart kalla. På Buksebakkåkeren var det 6 mann som hadde overpløgsle. Dei pløgde då teigane opp i fellesskap, med den eine hesten etter den andre. Når dei hadde pløgt det opp heile stykket, drog dei opp teigane med merkeveit og sådde kvar sine teigar. Åkeren til kvar mann var ikkje meir enn 5 m brei og 20 m lang. Det var og på fleire andre teigar dei måtte ha overpløgsle. (Det er innsendt eit kart av utskiftninga av 1898 over heimebøen til Instituttet for samanliknende kulturforsking, med namn påsett på dei ymse teigane etter opplysning av Lars A. Loen.)

Det var berre der ein kalla Teigane at det var storbytte åkrar. Der var beste åkerlandet i Loen. I Bygdeboka (s.584) vert det fortalt at før 1900 var dette den største samanhangande åkeren i fylket, 40 dekar. Det var ikkje vekselbruk den gongen, og dei hadde dei same åkrane i mannsaldrar.

Det var folkesamt på Teigane om våren når 14 mann med hest og plog gjekk og pløgde, og dei andre husfolket var med og grov og slo sund moldklumpane og plukka ut ugraset som vaks i åkeren. Det var serleg langerot (kveke) og trauske som dei hadde mykje møde med å renske ut or åkrane.

Arbeidsdagen var oppdelt slik at dei hadde ei arbeidsøkt før frukost. Dei tok til klokka ½ 6 eller 6, etter frukost var dagen oppdelt i 2 sveiter til middag. Når dei kvilde mellom sveitane fekk hestane anten havre eller høy å ete. Folk gjekk då saman og prata, og somme av karane tok seg kanskje ein røyk. Røyk var noko som han Ola ikkje bruka, og han bruka ikkje tobakk i nokor form. Kvilda varde ca. 15 minutt.

Til middag kvilde dei ein time. Etter middag var det 2 sveiter til non. Etter non var det berre ei sveit, då gjekk kvinnfolka og tok seg av fjøsstellet, og han Ola sådde då det som var pløgt den dagen. Sidan horva dei kornet ned i jorda. Dei hadde teke til å bruke ei ledehorv, det var små trestykke som dei hadde sett jarntindar i. Desse trestykka var det bora hol i der dei hadde ein jarntein som feste dei. saman. Dette var for at horva kunne lede seg etter åkeren. Horva var oftast drega med hest , men det måtte følgje med to menneske, dei gjekk ein på kvar side av horva og hadde kvar sin togstubb fest til horva så dei løfte opp når stein eller ugras ville følgje med. Dette arbeidet var dei som regel ferdige med når sola glada i 8-k9 tida om kvelden. Det var såleis ein lang arbeidsdag. Ungane måtte og vere med i alle høve etter frukost. Det var oftast borna som måtte vere med når dei horva.

Kart over innmarka, side 1
Kart over innmarka, side 2

Merra hadde ein hard tørning i plogen. Ho hadde ofte føl, og det kunne vere knapt om foret så ho var blitt skrinn når plogen var frå seg gjord. men då var det å sleppe henne ned under Kjelderinene, der kom groren tidleg om våren, og då var det ikkje lenge før ho fekk meir kjøt på beina.

Elles hadde hestane det fint i dei tider. Slåtteteigane var så små at dei kunne ikkje køyre høyet i hus utan å kjøyre over grannen. Difor hadde dei utlader til dei teigane som var lengst ifrå tunet, og det køyrde dei heim om vinteren. Alt det andre høyet bar dei i hus. Dei hadde såleis ikkje noko bruk for hestane, før dei skulle køyre kornet i hus om hausten. Han Ola hadde difor oftast merra i hamne i Hornindal. Det var lang veg å gå både når ein skulle levere henne i hamnen og når ein skulle hente henne igjen, men så var ein fri å sjå etter henne heile sommaren.