Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 5. Omskifte i jordbruk og levevis (før 1900)

Vedlikehald av risgardane

Noko anna som måtte gjerast før slåtten tok til, var å setje i stand all risgarden ein hadde. I den tid var det einegard kring all innmarka både kring heimebøen og Lovik. Og Sjurebruket hadde ei lita kalvekvie opp for Bruakleiva att med Sjureholten, som dei hadde alt gjerde ikring. Av det andre gjerde hadde ein visse stykke for kvart bruk. Der nytta ein eine å leggje opp til gard, og så hadde ein staur av kvit-or som ein flette einen inne i og som heldt garden oppe. Desse staurane stod med ein 30-40 tommars avstand.

Var det klage over at garden ikkje var halden i god stand, kunne gardfuten komedere alle med seg ut på synfaring. Det hende at det gjekk ut 14 mann i eit følgje for å sjå på garden (når det her og andre stader i denne samanheng er snakka om garden så er det gjerde det gjeld). Var det då nokon som ikkje fekk garden sin godkjend, fekk dei strengt påbod om å gjere han i stand straks.

Ein hadde og grensegardar å gjerde mellom Auflem og Sæten. Garden mellom Loen og Auflem var delt slik at Oppigard hadde eit stykke og Nigard eit anna stykke. Til Sætagarden gjekk alle i fellesskap. Ein vart utkomederte av gardfuten kva dag ein skulle gjere dette arbeidet. Det ein hogg og la på garden kalla ein for "gardvond", og til desse gardane nytta ein lauvskog, som ein tok nær gjerdet på begge sider. Sætagarden gerde ein like til fjells på Klepp. Til neste delen ned for Gythamrane fekk ein oppsett einepålar og strenggjerde. Etter den siste krigen har det ikkje vore noko årleg tilsyn med denne gjerdeplikta.

Før 1900 hadde ein og noko gjerde å halde i stand for skogaslåtten på nordsida, og vådegard oppe kring Høgesætra. I den tida alle desse gjerda var haldne i stand gjekk mykjé av tida mellom vinnene til dette kvart år.