| | Ole Andreassen Strand
| 1 av 1 |
| Ca. år: 1965, Storekvia. Kopiert frå nettet. Lagt ut av Vegard Solheim. Tekst kopiert frå nettet: Ola Andersson Strand er her fotografert framfor det gamle tunet i Kvia eller Storekvia som den heiter i Aalandsboka. Ola fekk først skøyte på den øvste delen i 1926 og seinare også på den nedre i 1937 , der husa ligg plassert i dag. Bileta er teke kring 1965 og viser tunet slik det var opphavleg med ei lita lade, tømra stove og stabbur . I dag står kun lada og stovemurane att. Stova vart overteken av ekteparet Årestrand og flytt til Holmetunet på Oppheim og er soleis bevart for ettertida. | |
|
|
|