Bilde. Reise i kart/bilde

Tilbake til Startsida

Meny bildevsining

MENY
Reise i Kart
Velg start-kart.

Jordkloden
Europa
Noreg
Nordfjord
Loen sokn

Det er knytta informasjon berre til Loen sokn med sinde gardar og bruk

MENY
Flybilde-reise 19545
Velg statstad i seriein.

Start
Rake
Loen
Tjugen
Sæten
Sande

Loen bygdebase. Reise i kart/bilde

Kart som meny og informasjonskjelde.

Produktet "Reise i kart/bilde" er basert på ein 30 år gamal visjon om å bruke kartet som meny og som informasjonskjelde i ein bygdebase med gards og slektshistorie. Ein hadde tankar om å få etablert eit opplegg av same typen som landbruksforvatninga har etablert i produktet "gardskart på nett". I dette produktet kan ein slå opp bruk og få vist arealinformasjon for bruket. Som bakgrunn kan ein i tillegg få vist mange karttema som t.d eigedomsgrenser, gardsnr/bruksnrs, bygningar, vegar, elvar og vatn, hødekoter m.v. Ein kan også velgje flybilde som bakgrunnskart, og med flybilde frå ulike tidspunkt kan ein vise utviklinga for det akteulle bruket og for området omkring.

Det var nok urealistisk at institusjonane som står bak arbeidet med gards og slektshistorie skulle makte å etablere sitt eige kart-opplegg på same måten som landbruksforvaltninga har fått til. Her må det føyast til at eg heller ikkje har fått noko gjennomslag for etablering av ein landsdekkjande bygdebase. For dei lokale kreftene som arbeider med gards og slektshistorie er det berre bok som gjeld.

Om ein får etablert ein bygdebase som alternativ til bygdbøker, vil det være teknisk enkelt å bruke gardskartet som datakjelde i ein bygdebase utan å etabler eit eige kartsystem. Bruk som bustad i gards og slektshistoria er den same einginag som bruk i gårdskat på nett. Bruk i ein bygdebase vil innehalde all informasjon som trengs for å generere lenke til bruk i gårdskartet.

Gårdskart på nett er etablert som eit komplett produkt som omfattar alle grunneigedomar og er fritt tilgjengeleg for oppslag. For landbrukseigedomar som omfattar fleire grunneigedomar har landbrukforvatninga registrert kva grunneigedom som er hovedeining. Ofte er dette tunet og dermed bustaden for familien.

Dersom det skulle bli etablert ein landsdekkade bydebase med gards og slektshistorie, måtte ein sjølvsagt avklar dei formelle sidene om ein ville velge å leggje lenke til gardskartet. For prototypen "Loen bygdebase" har eg laga eit opplegge som viser korleis dette vil fungere. Opplegget for kartoppslag er skrive manuelt og blir ikkje etablert automatisk som del av grensnittet slik dette er omtalt i Lokhis-modellen. Med kart og flybilde som bakgrunn har eg lagt inn gardar og bruk som raude punkt som velgjast og på den måten fungere som ein eigen meny for Lokhis. Eininga "Brukdetaljar" i dette opplegge har lenke både til gårdskartet og til slektsdatabasen for det valgte bruket. Som omtalt for slektsdatabasen Lokhis er det ikke lagt ut detaljopplysningar om personar fødde etter 1920. Nettversjone av Lokhis for Loen har dermed ikkje med detaljopplysningar om den siste generasjone på bruket.

I opplegget "Reise i Kart og bilde" er bilde, tekst og informasjon knytt til dei geografiske nivåa grend, gard og bruk med følgjande modular: Gardpunkt(berre for grend), Brukpunkt (berre for gard), Bildepunkt (for grend og gard), Brukdetaljar med slektsinformasjon (berre for bruk), Bildegalleri og Tekst.

Nivåa Jordkloden, Europa, Norge og Nordfjord er med berre for å plassere Loen i ein større samanheng. Startnivå kan veljast i menyen til venstre (øverste)

Gardpunkt
Modulen gardpunkt er eigenltleg ein meny for å velge gard, men viser samtidig kvar i grenda dei ulike gardane ligg. Modulen har sattelittbilde av Loengrenda som bakgrunn og senteret for kvar gard er market som raudt punkt. Gard vel ein ved å klikke på punktet for garden. Bakgrunnsbildet er henta frå Google earth. (eksempel)

Brukpunkt
Modulen brukpunkt er ein meny for å velge bruk innan garden, men viser samtidig kvar dei ulike bruka har sitt driftssenter. Modulen har som hovedregel flybilde i svart /kvitt som bakgrunn og driftssenteret for kvart bruk er market som raudt punkt. Bruk vel ein ved å klikke på punktet for bruket. Flybilda som er nytta som bakgrunn er innkjøpt frå Terratec A/S. Tidspunktet for flybilda er sommaren 1993. (eksempel 2 for garden Loen)

Bildepunkt
Modulen bildepunkt er ein meny for å velge og vise naturbilder. Bakgrunnen her er også sattelittbilde eller flybilde, og bilda som kan visast er avmerka som klikkbare piler. Bildepilene er plasserte der bilda er tekne og pila viser retninga. Sjølve bilda vert viste på den måten som er standard for bildearkivet med bildetekst under bilda. Formatet på bilda er ca 500 punkt i vertikal retning. Originalbilda i full storleik er ikkje tilgjengelege på nettet. (eksempel for grenda (sokna) Loen)

Bildegalleri
Modulen bildegalleri gir eit eller fleier bildealbum for grenda, kvar gard og kvart bruk. Bildegalleria er bygt opp av klikkbare småbilde organisert i tabellform i to spalter med 300 punkt i bredda for kvart bilde. Når ein klikkar på eit bilde får ein opp bildet med tekst på den måten som er standard for bildearkive. (eksempel for sjurebruket i Loen)

Tekst
Tekstmodulen gir tilgang til meny med lenker som knyter tekst til grenda, kvar gard og kvart bruk. Teksten inngår ikkje som del av opplegget for "Reise i bilder", men kan finnast under andre delar av nettstaden til Loen webinfor eller kvar som helst på nettet. (eksempel for Sjurebruket i Loen)

Bruk detaljar
Bruk-detaljar er eit stanardisert opplegg for kvart bruk. Der er med samandrag fra tilgjengelege matriklar og folketeljingar, og lenke til bruket i systemt Lokhis. Lokhis innehelt person- og slekts-opplysningar. Der er også med lenke til gardskart for bruket frå det landsdekkande systemet "Gardskart på nett". Bruk-detaljar er den einaste modulen som er komplett med innhald for alle bruka i Loen sokn. (eksempel for bruk nr 1 Erkebruket i Loen)

Flybilde-reise og Lokalhistorie.

Dette er eit eige opplegg i serien "Reise i kart/bilde". Eg fekk tilgang til ein flybilde-serie som dekka heile Loen sokn frå Strand til Lodalen. Dei flese bilda i denne serien er frå 1954. Det var då ønskjelg å knytte lokalhistorie til bilda av gardar og bruk. Til dette føremålet var det praktisk å berre legge lenke til det som var laga for opplegget "Reise i kart og bilde"