LOKHIS.
Informasjons-modell

Til Lokhis-start
Siste oppdatering: 6.5.2024

Figur 1. Informasjonsmodell for LOKHIS

Figur 2. Datamodell for hovedmodulane i LOKHIS

Figur 3. Eksempel på forvaltninsopplegg. Tekstmodulen

LOKHIS

Produktnamn: Ved utvikling av ein bygdebase for Loen kyrkjesokn vart Lokhis (lokalhistorisk informasjonssystem) nytta som arbeidstittel. Dei overordna prinsippa for dette arbeidet er her omtalt som Lokhis-modellen.

Datainnhald og brukargrensenitt: Denne modellen skal gi eit innhald som tilsvarar gards- og slektshistoria i tradisjonelle bygdebøker. Brukargrensesnittet skal ha den same logikken som ved oppslag i ei bygdebok. Produktet vert kalla Bygdebase som indikerar at dette er eit digitalt alternativ til bygdebøker.

Databaseforvaltning: Datainnhaldet vert forvalta i modular der kvar modul inneheld datatypar (entitetar ) med nær tilknytning (figur 1). Data vert organisert som relasjondatabasar basert på ein overordna modell med realsjonstabellear både internt i kvar modul og mellom modulane.
Dei 3 modulane Person (med slektsrelasjonar og parforhold), Kjelde (med kjelder, kjeldeheningar og kjelseperaonar) og Bruk (med eigarar/bygslarar) utgjer kjernen i modellen. Figur 2 viser korleis desse 3 hovedmodulane er modellert i Lokhis.
I tillegg er det etablert relasjonstabellar mellom desse eingingane og teskt, bilde og kart. Relasjonstabellane har i tillegg til id også lenke til tekstbibliotekt, bildearkiv og kartsystem. Figur 3 viser forvatninga av tekst som eksempel.

Brukargrensnesnittet Det er programmert eit brukargrensesnitt som genererar alle skjermbide som trengs for å gi tilgang til heile datainnhaldet i ein logisk dialog med sluttbrukar. Basert på hensiktmessig modellerte databasar skal alle skjermbilda kunne generast med korte svartider. For Loen.Lokihis er det valt satsvis etablering av skjermbilda etter kvar oppdataering med oppslag mot ferdige skjermbilde. Ei slik satasvis generering tar ca 40 sekund for heile massen. For ein landsdekkande database må ein velgje generering av skjermbilda enkeltvis ved oppslag.

Etablering av datainnhaldet: I det følgjande er dei ei kort orientering om etablering av datainnhldet og kjelder.

"Kjelde".Innhaldet i modulen Kjelde , vart i utgangspunktet etablert frå offentlege arkivkilder slik dei kom frå digitalisering utført for arkivverket. Ved etablering av Lokhis for Loen kirkesogn har ein hatt tilgang til data fra kyrkjebøker frå 1750 til ca. 1930, folketelljngar til og med 1920, og gamle skifte tilbake til 1600-talet. Omstrukturering ved innlesing i kjelde-modulen vart utført ved hjelp av maskinelle rutiner uten å endre skrivemåte for namn mv.

"Person". Modulen Person vart etablert fra Kjelde-modulen. Etablering av personar med interne relasjonar og lenking av kjeldepersonar vart utført med støtte frå omfattede dataprogram som ikkje er omtalt her. Dette representerte hoveddelen av arbeidet med etablering av datainnhaldet.

"Bruk" Databasen Bruk vart etablert frå den eksisterende bygdeboka (publisert 1973) og matrikkelutskrifter som var lagt til grunn for arbeidet med bygdeboka. Gardar og delvis bruk kan oppfattes som varige einingar som ein tildelte kjennemerkefrie løpenr som ID uavhengig av administrativ inndelingar gjennom historia. Gjeldende kommune med tilhøyrande gardsnr og bruksnr vart lagt inn som eigenskapsdata.

"Tekst" som vart formidla gjennom Lokhis vart samla i ein felles katalog. Tekstene vart skriven som rein tekst i samsvar med ein egendefinert xml-standard (liknar litt på html). Tekstdokumeta og kapittela vart i i tillegg registrert i ein database med entydig id og med lenke til sjølve tekstdokumenta. I tekstbasen vart det etablert tabellar med relasjonar mellom gard, bruk og person på den ene siden og tekstdokument eller tekstkapittel på den andre siden. På denne måten kan ein ved oppslag automatisk få tilgang til alle dokument som er registrert for eksempelvis gard, bruk eller person. I tekstbasen vart det også registrert dokument som ikkje vart forvalta i tekstbiblioteket til Lokhis. Dette fungerer greit men ein har då ikkje kontroll med om teksten blir sletta, flytta eller gitt ny adresse.

Nokre dokument har eg skrive sjølv og nokre er kopiert frå andre kjelder. Tekst med historisk omtale for gardar og bruk er viktig for å vise korleis ein Bygdebase kan erstatte ei bygdebok.Eg har laga eit dokument som tilsvarer "Bygdeskildring" i bygdeboka, med eige kapittel for kvar gard. Dette vart laget for å få ei tiltalende startside for kvar gard som del av brukargrensesnittet. Dei fleste tekstane som inngår i Lokhis er dessuten lagde ut som vanlege html-dokumenter under litteratur på nettstaden min.

"Bilde". Som bildemodul i Lokhis for Loen blir det nytta ett utval av bilde frå mitt private bildearkiv. Desse vart samla i ein eigen katalog med standardisert format. På samme måten som omtalt for tekst vart det etablert ein bildebase der bilda vart registrert med id og forklarende tekst. For disse utvalde bilda vart det etablert relasjonstabellar i bildebasen som knytte disse bilda til aktuelle gardar, bruk eller personar. I Lokhis vart det berre nytta bilde frå min bildekatalog. Bilde frå andre blir kopiert inn i min bildekatalog og registrert i bidlebasen på vanleg måte med fullstendige kjeldeopplysninger. Dette gjeld m.a ei eigen postkortsamling som eg etablerte og skanna.

"Kart" . Kartmodulen i Lokhis består av bilde (skjermbildekopiar av kart). Disse er brukt på samme måten som vanlege bilde ellers. På slutten av 1990-tallet skaffa eg meg kartbehandlingsverktøyet ArcInfo, kjøpte kartdata for Loen sokn og installert produktet Lgis (landbruksforvaltninga sitt geografiske informasjonssystem) på maskina mi . Kartbilde som blir presenteret i Lokhis er skjermbildekopiar fra denne tida.

Kartsystema mine vart ikke overført til mi nye maskin fra 2014. I staden nyttar eg no gardskart på nett. Dette er ikkje implementert i brukargrensesnittet i Lokhis som vart utvikla omkring år 2000. Som kartmodul kan ein no bruke gardskart på nett. Formelle sider er ikkje avklart men gardskartet er no tilgjengeleg for alle slik at det ikke skulle være noko i vegen for å vise gardskartet.

Bruk av gardskartet er testa i eit eige opplegg . I dette testopplegget er bruka representert med eit punkt for sitt driftssenter i eit kartbilde. Ved å klikke på dette punktet får ein opp ei side for bruket.

Med driftssenter i gardskartet og bruk i Lokhis har ein eit samanfallande utgangspunkt og kan ha lenke både til gårdskartet slik bruket er i dag og til Lokhis med opplysningar om slekta som har budd på bruket. Versjonar av Lokhis som er basert på berre offentlege kjelder vil mangle detaljopplysningar om familien som bur på bruket i dag. Det er etablert ein kartbasert meny som omfattar alle dei gamle gardsbruka i Loen kyrkjesokn og bustadar etablert før 1964.

For dei som ikkje vel å sjå på hele opplegget for kartbasert brukargrensesnitt er det nedenfor lenke til 2 skjermbilde som viser hovedprinsippa for opplegget. Alle skjermbilda i dette kartbaserte opplegget er skrivne manuelt.

Eksempel 1: Kartbasert meny *** Eksempel 2: Bruk 70/1 i Loen

"Lokhis- brukardialog". I det følgjande er det orientert om korleis dialogen med brukarane er lagt opp. Lokhis-modellen har en egen modul som er kalt "Lokhis" (sjå den overordnede modellen, figur 1.). Det er eit program som styrer dialogen med brukaren og som genererer dei skjermbildene som brukeren får sjå. Brukergrensnittet er basert på dei oppslaga ein er kjend med fra bygdebøker. Nedafor er det eksempel på ein del av skjermbilda som vert etablert i ein logisk oppslagsekvens..

Sokn/grend (eksempel). Oppslag i systemet starter med ei forvaltningseining som kommune eller sokn. For Loen Bygdebase er startsida sokn. For sokna er det med en liste over alle gardene og starten på dokumentet "Bygdeskildring". Det er videre med lenke til andre tekstdokument og kart
Gard (eksempel). I lista over garder i sokna kan ein velgje gard. I dette eksempelet er garden Loen (gnr 70) valgd. For garden er det ei liste over alle bruka på garden. Skjermbildet har videre med kapittelet om garden Loen i dokumentet "bygdeskildring". Videre er det med lenke til andre dokument og lenke til bilde og kart.
Bruk (eksempel). I Lista over bruk på garden Loen har ein valgt Sjurebruket (bnr 70/6). For bruket er det med liste over alle eigarar og brukarar (bygslarar) for dette bruket så langt tilbake som det er kjent. Bruket har lenke til bilde, kart og tekst med eigne skjermbilde
Person og familie(eksempel). Frå lista over eigarar og brukarar (bygslarar) har ein valgt Ola Andersen Loen f. 1847. Vi kjem då inn i familiebildet for han. Familiebildet har med ektefeller, barn , foreldre og besteforeldre. Familiebildet har også med lenke til kilde/livslaup, bilde og tekst. Familiebildet er utformet som eit slektstre, og ein kan bla i slekta i alle retninger innenfor området som databasen omfatter.
Person med kjelde/livslaup(eksempel). I familiebildet kan det velge skjermbilde for livslaup for personen. Dette skjermbilder har med alle forekomster av kjelde der denne personen inngår som kjeldeperson. Sortert på tid gir dette oversikt over livslaupet til personen.

Skjermbilda vert generert i modulen for brukargrensesnitt. Med fullstednig etablering av alle realasjonar, kan brukargrensesnitt-modulen hente data frå alle aktuelle databasar og byggje opp aktuelle skjermbilde direkt ved forespørsel frå brukar. Som eksempel kan ein nemne oppbygging av familiebildet for ein valgt person: Opplysningar om foreldre, besteforeldre, ektefelle og barn vert henta frå personmodulen, tekst som er knytta til personen frå tekstmodulen, bilde som er knytta til personen fra bildemodulen og alle kjeldehendingar som personen inngår i frå kjeldemodulen. Dette er mogleg fordi dei ulike modulane har fått etablert dei nødvendige relasjonane i databasane på førehand. I familiebildet som vert vist, kan ein velge kven som helst av familiemedlemane og få etablert nytt familiebilde. På den måten kan ein liksom bla i eit slektstre som omfattar heile området som databasen dekkjer

Personsøk inngår ikkje direke i grensesnittet til Lokhis, men er etablert på grunnlag av ein rapport frå Lokhis Sjå rapporten for personsøk

På nettstaden for Loen Bygdebase er det lenke til Demo av brukargresnsnittet

Sjå også ein eigen artikkel om Bygdebase som har omtale av modellen, og vurdering av bygdebase samanlikna med bygdebok.