Sjurebruket Etterslekt.
Gen. 1814-1823

Tilbake til.
Til Litterturlista
Start. Ettterslekt etter 1800
Sjurebruket

INNHALD

Gen. 1814-1823
Generelt om fam.

Anders f.1814
Neste gen. 1844-1857

Rasmus f.1817
Slektsoversikt

Malene f.1823
Slektsoversikt
Framigardsbruket
Marsåbruket
Kolbeinbruket
Nedreberg
Marså-slekta i USA
Ole Andersen, USA
Rake Iowa, USA

Lenke til Lokhis:
Ola Rasmussen f. 1783. Nett ; Privat

Til dokumentstart

Slekter frå Sjurebruket i Loen

Generasjon fødde 1814-1823.

I kapittelet om Sjurebruket er det ei oversikt over brukarane på Sjurebruket før 1800. Ola Rasmussen f. 1783 er den første brukaren som overtok bruket og etablerte familie etter 1800.

Ola gifte seg med Janikka Rasmusdotter Sæten og dei fekk fire born: Anders, Rasmus, Bendikt og Malene. Her følgde ikkje han Ola den gamle namneskikken, for første guten skulle ha heitt Rasmus etter far hans, men han vart kalla Anders. Kanskje var det stykkfaren Anders Salveson Sande han kalla opp att med Anders. Han kom til bruket i 1802 og døde 85 år gamal i 1855.

Anders overtok Sjurebruket og var gift med Olina Arentsdotter (1819-1886). Dei hadde 5 born fødde i perioden 1847-1857. Sjå eige kapittel om denne generasjonen.

Rasmus (1817 - 1880), den andre sonen deira, reiste ut til kysten og i 1853 kjøpte han og fekk skøyte på ein gard på Øvre Myklebust på Bryggja i Davik. I 1860 sel han og skøyter frå seg garden til Knut Olson Hjelmeland.(Om Rasmus som for til Bryggja står i Aaland si bygdebok for Davik side 372). Dette var alt Olav A Loen hadde funne om Rasmus. Det han gjetta om Rasmus sin vidare lagnad var feil og er ikkje teke med her. I ettertid har ein motteke meir informasjon om Rasmus og hans etterslekt. Det er derfor skrive eit eige kapittel om Rasmus sin familie.

Den tredje av borna var Bendikt (1818 - 1906). Han halta noko og han lærde seg til skomakar. Han reiste til Nordland og vart verande der i mange år. Der dreiv han skomakarverksemd for ein vereigar og handelsmann. På sine gamle dagar kom han heim igjen og vart buande på Sjurebruket. Han var då kyrkjetenar i Lokyrkja nokre år. Når Bendikt var i godt lag, likte han å fortelje historier frå den tida han var i Nordland. Og han var gjerne med i kortlag. Det fortelst at når han fekk gode kort nynna han med seg sjølv og sa: "Eg elskar damene og damene elskar meg". Bendikt var før og rund i kroppen og ikkje særleg høg. Han var rundlett i andletet og med skjeggkrans kring kjakane. Som oftast stod han inn under nystova og hogg brenneved, og han bar rikeleg inn til omnen. Då han vart so gamal at han ikkje vann å bere inn ved, la han veden i eit tog og drog det etter seg. Han var alltid ein snill og godlynt mann.

Malene var den yngste av borna til Ola. Ho var fødd i 1823. Ho gifte seg med Arnt Rake på Framigardsbruket på Rake. Etterslekta hennar er svært omfattande og er omtalt i kapittel for bruka der slekta heldt til både her i landet og i USA.

Til dokumentstart

Rasmus Olsen (f. 1817) og hans etterslekt.

Samandrag.

Vi kjenner no hovedtrekka i livshistoria for Rasmus medan han var i Norge, og delvis også etter at familien flytta til USA.

Kjelde for dei nye opplysningane er Rune Bergesen med oppsummering frå norske arkivkjelder. Vidare er livshistoria for familen i Noreg og i USA opposummert i "Gards- og Ættesoga for Luster , band X. Prenta i 2013. Detta hadde samanheng med at familien var busette på plassen Hauståkeren under gnr. 148, Mo i Hafslo. Opplysningane om hans eigen fødsel og om barna han fekk medan han var i Loen er kontrollert mot kyrkjebøkene. Vidare er opplysingane om opphaldet på garden Øvre Myklebust i Davik henta frå bygeboka for Davik.

I boka "Nordfjordingenes historie i Amerika" står det at Hanna, yngste dottera til Rasmus, vart gift med Anders Johnstad 31/5-1883. Dei fekk 8 born. Det er det einaste ein har funne om Rasmus og hans familie i denne boka.

Nednafor er det med eit samandrag av kjende hendingar for Rasmus og hans familie før familien utvandra til USA. Vidare er omtale om heile familien i "Gards- og Ættesoga for Luster , band X. Prenta i 2013. Der er det med omtale av lgnaden for alle borna etter at dei kom til USA. . Sjå kopi i dokumentet Folk frå Loen"

Tidspunkt
Hending
7/4 1817
Rasmus vart fødd i Loen
28/1 1841
Rasmus vart gift i Hafslo kyrkje med Marta Rasmsusdtr.Tonning. Ho var fødd 1815 og døypt 25/11-1815 som uægte barn av Rasmus Rasmussen Tonning og Marta Hansdtr. Sunde.
10/2 1841
Rasmus og Marta fekk sonen Ole i Hafslo.
14/2 1843
Rasmus og Marta fekk dottera Johanne Rakel i Loen.
3/8 1845
Rasmus og Marta fekk tvillingane Berte Maria og Rasmus i Loen.
21/7 1852
Rasmus og Marta fekk sonen Elias Andreas fødd på Maurstad i Davik.
1853
Rasmus kjøpte og fekk skøyte på ein gard på Øvre Myklebust på Bryggja i Davik.
1860
Rasmus selde og skøytte frå seg garden på Øvre Myklebust til Knut Olson Hjelmeland.
3/8 1860
Rasmus og Marta fekk dottera Hanna Elisa, fødd på Otnes i Selje.
1865
Folketeljing. Rasmus og Marta er registrerte som husfolk på Otnes i Selje. Tidspunktet for flytting er ikke funne, men må ha skjedd rett etter at dei selde garden på Øvre Myklebust sidan dottera Hanna vart fødd på Otnes same året
1869
Sønene Ole og Rasmus flytta til Bergen for å reise til sjøs. Kort tid seinare emigrerte dei til Amerika.
22/5 1870
Rasmus utvandra til Amerika med kone og 4 born. Kjelde Skibslister Bergen-Quebec 1865-1873. Dei reiste på skip Galathea 22 mai 1870 og var nok framme 3-4 veker seinare. Dei som utvandra var: Rasmus Olsen Ottenæs 53 år med kone Martha 53 år og barna Elias 17 år, Johanne 26 år, Bertha 24 år og Hanna 9 år.

Nedanfor er kopiert frå "Nordfjordingernes Historie i Amerika" side 140.

ANDERS JOHNSTAD var født i Opstryn 14de april 1853. Utvandret til Amerika og kom til Faribault county i 1873, hvor han opholdt sig i flere aar. Reiste saa til Crawford county, Wis., hvor han den 31te mai 1883 blev gift med Hannah, født 31te aug. 1860 paa Ottenes, Selje, datter av Rasmus Olson og Martha, født Tonning. Efter endel aar kom han atter til Faribault county, hvor han forblev resten av sit liv paa en farm syd for Bricelyn. Han døde lste febr. 1908. De hadde 8 barn, nemlig Bolette, gift med Gust Miller, Minneapolis; Melinda, der døde som barn; Albert, Elmer og Reinert, alle tre tok del i verdenskrigen; Hilda, gift med W. Nelson, men døde nogen aar siden; Melianna, gift med Zina Tanner, Minneapolis.

Midt i teksten om Anders Johnstad var det ei side (141)med bilde uten tekst- kan være familien til Anders???

Til dokumentstart

Malene Olsdatter (f. 1823) si slekt

Generelt.


Malene Olsdotter Loen (1823 - 1890) var fødd på Sjurebruket i Loen. Med giftarmålet mellom Malene og Arent Arentson Rake (1826 - 1898) vart det slektsamband mellom Framigardsslekta på Rake og Sjureslekta i Loen. Det vart gjort søskenbyte slik som det ofte var i den tida. Malene vart gift med Arent Framigard og søstera hans, Olina, vart gift med Sjur-Anders.

Det seiest at Malene og Arent i alt hadde 12 born, og at det var 9 som levde opp (kjelde Olav A Loen). Denne presentasjonen har med 10 born som ein har funne att som fødde i kyrkjeboka, og av desse er det med opplysninar om etterslekt for 8. Det er rekna med at jenta som vart døypt Malene Andrine (1868) er den same som Andrine Malene som er registrert som død i 1893

Oversikt over borna til Malene og Arent på Framigardsbruket på Rake

Namn/ Fødd
Livshistorie.
Arnt f. 1847
Døde som barn i 1848
Brita f. 1849
Vart gift med Karolus Marså (Sjå kapittelet om Marsåbruket)
Janik f. 1851
Ho var trulova med Abraham Anderson Oppheim. Han reiste til Amerika, men kom tilbake etter to år for å hente henne. Janeke hadde i mellomtida fått ein son, men ho døydde i barselseng. Abraham gifte seg med Oline, søstera til Janeke. Dei reiste til Amerika og tok med seg sonen til Janeke. Kjelde: Brev til Ola Rake frå Mrs. Anna G Anderson 3.8.1989.
Lars f. 1854
Tok over Framigardsbruket, og slekta hans heldt fram der. (Sjå kapittelet om Framigardsbruket på Rake)
Oline f. 1856
Ho var gift med Abraham Anderson Oppheim etter at søstera var død (sjå omtalen for Janik). Etter opplysningar frå Arne Bøyum til Ola Rake dreiv dei Kolbeinsbruket på Rake ei tid før dei seld og reiste til Amerika. Dei tok då med seg sonen til Janeke.
Arent f. 1858
Reiste til Amerika. Sjå kapittelt om Rake i Iowa, USA
Anne Pernille f. 1860
Rreiste til Amerika. Vart gift med Ole Andersen. Sjå kapittelet om Ole Andersen i USA
Rakel f. 1863
Reiste til Amerika. Vart gift med Ole Andersen etter at søstera døde i 1891. Sjå kapittelet om Ole Andersen i USA
Malene f. 1865
Døde som barn i 1867
Malene Andrine f. 1868
Ho vart verande heime men døydde ung. Ho fekk ein son som heitte Johannes (John). Han voks opp på Framigardsbruket, men då han var 6 år, vart han henta til Amerika av onkelen sin A.A. Rake i 1896.

Til dokumentstart

Malene Olsdatter (f. 1823) si slekt

Slekta på Framigardsbruket på Rake.

Bruket og slekta

Framigardsbruket på Rake har gardsnr. 82 bruksnr. 5 i Stryn kommune. Rake er ein svært gamal gard. I stranda mellom Rake og Solvik er der gravrøyser som truleg er frå bronsealderen (Bygdeboka Innvik-Stryn, bind 1 1973, side 659), og der er funne ei grav frå vikingtida. Rake er nemnd i Bjørgvinnar Kalvskinn og Munkelivsboka frå det 13. og 14. hundreåret. I 1602 og 1721 er Framigardsbruket nemnt.

I 1721 kom Lars Arentson Fosnes som ny brukar på Framigardsbruket. Han fekk skøyte på bruket i 1721 og 1724, og ein halv laup som Arne Bøe hadde gjeve til fattige spilte, fekk han skøyte på i 1726 for 30 rdl. Frå han kjem den slekta som seinare har vore brukarar, og det har sidan skift mykje med Lars og Arent.

Til dokumentstart

Arent Arentson Rake (1826 - 1898).

Arent Arentsen som gifte seg med Malena frå Sjurebruket i Loenn var 4. generasjon av etterkomarar i bein line etter Lars Arentsen som kom inn på bruket i 1721.

Om Arent vert det fortalt at han var ein mykje nytta kvaksalvar, og han var flink å stelle med sår. Det fortelst og at han kunne stemme blod, og hadde Svarteboka. Det er ingen no som veit kvar den har vorte av. Det har vorte nemnt at ho kan ha kome bort då dei hadde nervefeber, for då dei gjorde reint, var det mykje som vart oppbrent. Arent var og mykje nytta som kjømeistar, og han hadde eit svært sterkt songmål. Det var alltid han som vart nytta som forsongar i gravøl. Rake hadde gravstaden sin ved Oldekyrkja i den tid, og dei rodde alltid når dei for til kyrkje, og det ikkje var is på fjorden. Dei brukte det slik at når båtane med likfølgjet kom fram til Skarstein landet stogga dei å ro, og då song dei ein salme. Petter Solvik som då budde på Brynestad, har fortalt at han høyrde songen opp til Brynestad, og han høyrde kor Arent song over dei andre.

Far til Arent døde 43 år gamal i 1825, og året etter fekk Arent skøyte på bruket. Han var berre eit barn, og brukar vart han ikkje før kring 1850.

Oversikt over baran til Arent og Malena er gitt i oversiktskapittelet om Malena. Det var sonen Lars tok over garden, og slekta hans heldt fram der.

Til dokumentstart

Lars Arentsen Rake (1849 - 1883)

Lars fekk skøyte på bruket i 1877. I 1869 - 70 hadde det vore utskiftning på heimebøen på Rake, og dei fleste vart då fløtte ut or det gamle tunet. Framigard vart då sitjande igjen i det gamle tunet. Lars fekk eit stort arbeid med å dyrke opp og rydje dei gamle tuftene til dei som fløtte bort. Det var berre 6 år han styrde bruket, for han fekk lungebetennelse og døde i 1883.

Lars Arentsen var gift med Malene Lassedtr. Opheim (1851 - 1903). Dei fekk 4 born: Malene f. 1877, Rakel f. 1879, Arent f.1881 og Lisabet f. 1883. Då broren Arent døde ung, var det den yngste dottera som tok over farsgarden då ho vart vaksen. Dei andre søstrene, Malene og Rakel, for tidleg til Amerika.

Året etter at Lars Arentsen var død, kom det ein ny Lars som brukar på garden, med di enkja Malena gifte seg med Lars Rasmusson Ytre- Eide (1846 - 1934). Enkjer var gjvaste gifte gutane kunne få når dei ikkje sjøl hadde gard. Enkja tok mot tilbodet med glede også av praktiske grunnar. Det var ikkje godt å styre med ein gard utan å ha ein mann som tok dei tyngste taka. Difor ser vi i gamle kjelder at kvinnene var sjeldan noko serleg meir enn eitt år i sitt enkjestand.

I andre ekteskapet hadde Malene og Lars Rasmusson desse borna: Rasmus f. 1889, Ludvig og Lovise. Alle desse reiste alle til Amerika. Rasmus var ugift, han kom heim og budde i lang tid med Malene og Rangvald Oppheim. Han budde til slutt på Heimen i Stryn.

Til dokumentstart

Lisabet Larsdtr. Rake (1883 - 1967)

Broren Arent døde 21 år gamal, og søstrene Malene og Rakel var farne til Amerika. Det var derfor Lisabet som fekk skøyte på garden i 1905. Ho vart gift med Elias Olson (1873 - 1937) som var frå Kolbeinsbruket (nr 1) på Rake. Han hadde ei tid vore i Amerika. Då han kom heim, gifte han seg og tok over Framigardsgarden.

Rake ligg fint til mot syd og har sol heile året. Det hadde i lang tid vore dyrka både epler og pærer, men no vart dei kjende med nye og betre sortar både av epler og pærer og plommer, og det vart planta nokre nye tre. Men den store fruktdyrkinga på Rake kom først i neste generasjon.

Det var ein stor huslyd på garden, og dei hadde kårfolk i det meste av si styringstid som skulle ha sitt. Dei måtte ofte ty til sjøen for å skaffe det daglege brød. Dei hadde små kastenøter, som dei ofte var to mann om. Med den kasta dei etter skræfisk, det er småfisk som smelte (kviting), hyse og flondre. Om våren kasta dei etter ørret. Dei hadde og ei storenot som heile grenda var i hop om, og om hausten og førejulsvinteren var dei ute med den for å kasta etter brisling eller notasild. Dette vart ofte slitsamt når ein attåt hadde alt stellet på garden. I den tid var det endå gjort med mykje handemakt.

Det var ein stor barneflokk. To gonger var det tvillingar og i alt var det 11 born: Då eldste guten Arent døde ung, var det Lars som tok over Framigardsbruket.

Oversikt over borna til Lisabet og Elias på Framigardsbruket på Rake

Namn/ Fødd
Livshistorie.
Pernille Oline f. 1908
Pernille Oline vart gift med Toralf Hammer (f. 1904). Dei overtok garden på Heggdal i 1933. Våningshuset var bygd i 1885, og det har dei modernisert frå kjellar til loft. Ny driftsbygning bygde dei i 1967. Garasje med verkstad vart bygd i 1975, og ei smie vart bygd i 1973. Mykje av jorda har vorte nydyrka i deira tid, ca. 20 dekar. Dei har 4 born: Oddlaug Herdis f. 1929, Herleif Olav f. 1931, Erling Asbjørn 1934 og Liv Malmfrid f. 1934.
Malene f. 1908
Malene vart gift med Ragnvald Johannesson Opheim (f. 1907). Dei fekk skøyte på Lundestad gnr. 82 bnr 19, fråskilt frå Framigardsbruket. Dei tok til som bureisarar og bygde både lade og våningshus. Mykje av garden har dei dyrka, og halve garden er utplanta med frukttre. Dei har 3 born: Irene f.1935, Atle f. 1936 og Jostein f. 1937.
Arent f. 1910
Arent var elste guten og tenkte seg til å ta over Framigardsbruket. Han døde ved ei drukningsulukke på bading i Marsåvika.
Lars f. 1911
Tok over Framigardsbruket, og slekta hans heldt fram der. Sjå eige underkapittel om Lars si slekt
Olina f. 1913
Olina vart gift med Ola Norman Wedvik (f.1910). Dei bor på Nordfjordeid, og har 4 born: Leif Sam f. 1936, Anne Lise f.1940, Egil f. 1943 og Atle f. 1948.
Ola f. 1915
Ola vart gift med Kjellaug Rasmusdtr. Yri (f. 1918). Dei budde på Grefsen i Oslo så lenge dei var i arbeid, Ola som assisterande overlege ved kjevekirurgisk avdeling ved Ullevål sykehus og Kjellaug som sjukepleiar ved Grefsenhjemmet Sykehus. Ola og Kjellaug har adoptert Olav Rake f. 1958. Ola og Kjellaug bygde seg hus i Olden og har flytta dit på sine gamle dagar.
Ann f. 1917
Anna gifte seg med Knut Alfred Andreasson Eide (f. 1909). Dei har bygt hus på Auflem i Olden. Dei har 2 born: Åse f. 1938 og Andreas f. 1944.
Ester f. 1920
Ester Eliasdtr vart gift med Arne Warholm (f. 1927). Dei var begge lærarar og busette seg i Vikersund. Dei har 2 born: Kjell (1952) og Endre (1955).
Gudrun f. 1922
Gudrun vart gift med Arne Johannesson Bøyum (f.1919). Dei bygde hus og bodde i Stryn. Dei hadde 2 born: Egil f. 1955 og Joar f. 1958.
Anton f. 1924
Anton var i fleire år radiotelegrafist på båtar i utanriksfart. Han kjøpte Solbakken gnr. 82 bnr 24 på Rake, og fekk skøyte i 1959 og busette seg der.
Einar f. 1924
Einar vart gift med Anna Sørensen (f.1930) og dei busette seg i Eigersund. Dei har 2 born: Eivind f.1955 og Tor Inge f.1958.

Lars Eliasson Rake (1911 -1985)

Lars fekk skøyte i 1947, og han tok til å plante ut heile garden utanom ystebønen med frukttre. Han fekk ein gild frukthage som var i sin beste bærealder omkring 1980 då Olav A Loen skreiv dette. Han har og prøvt med gulerøter og jordbær, men det har det vore mindre av i det siste. Han har fløtt husa bort frå det gamle tunet, og har bygt nytt stovehus i to høgder, og ny driftsbygning. Det siste er at han utvidar driftsbygningen med eit fruktlager. Det har vore stor omsnunad og framgang. Lars har også hatt mange andre interesser. Han har vore med i Stryn kommunestyre, og i mange andre nemnder. Særleg interessert har han vore i arbeidet med fruktavlen og i hagebrukslaget der han og har vore formann og med i styret.

Lars var gift med Borghild Andersdtr. Svarstad. Dei har hatt desse borna: Liv f. 1938, Eli f. 1941, Else f. 1943, Astrid f. 1945, Eivind f. 1947, Audun f. 1950 og Atle f. 1956.

Til dokumentstart

Malene Olsdatter (f. 1823) si slekt

Slekta på Marsåbruket.

Marså (gnr. 83 bnr. 1 i Stryn kommune) er ein einbølt gard som ligg mellom gardane Rake og Strand i Loen kyrkjesokn. Det er ein svært gamal gard, å døme etter at det i fjæra i sjøen nedanfor garden er ei eller to gravrøyser frå vikingtida. Desse gravene er visst ikkje blitt granska. På garden har dei og funne ei gamal handkvern. Elva Marså som garden har fått namn etter, er grensa mot aust til Rake, og der er svaberg og hamrar kring heimebøen.

Garden ligg solvend og er grøderik. I lia står det mykje bjørk og hatleskog som høyrer garden til. I gamal tid var det skogen med ved og slåttemark som gjorde garden verdfull og leveleg, det gav arbeid og livberging til mange menneske, som det ofte var på gardane i eldre tid. I bygdeboka for Innvik - Stryn i bind 1 side 669 finn vi at garden hadde kvern i elva, til å male korn, alt i 1661.

Ei tid på 1500 talet er ikkje garden nemnd, og det kan tenkjast at han då låg øyde. Men frå 1602 høyrer vi om at garden var i buk. Den første vi høyrer om heitte Oluf. Dottera hans fekk ein overlag låk lagnad. Ho fekk barn med Ivar R. Flo som var gift med frenden hennar. Ho fødde barnet i dølsmål, og vart dømd til å misse livet for å ha drepe barnet sitt, og vart avretta i Bergen i 1630. Ivar Flo fekk ei pengebot på 30 rdl. (Dette står i bygdeboka). Brukarane vart tidleg sjølveigarar. Botolv Simonson løyste ein part av garden og fekk skøyte i 1720, og resten løyste han og fekk skøyte på i 1727. I fleire ættledar har der vore ein plassemann som hadde eit stykke av jorda som vart kalla Storekvia. Det vart fråskilt med skøyte i 1927 og fekk namnet Skogli. I 1937 kjøpte dei noko meir jord til plassen.

I 1805 kom der ein Peder Andersson Flo og vart brukar på Marså, han fekk skøyte i 1816. Han var truleg frå Øvre-Flo, bnr. 5. Sidan den tid er det same slekta som har vore eigarar. Det var sonesonen til han som kom frå Flo som gifte seg med Brite frå Framigardsbruket på Rake.

Brite Arentsdtr (f.1848) sin familie på Marsåbruket.

Med giftarmålet mellom Karolus Anderson Marså (1846 - 1926) og Brite kom Framigardsslekta på Rake og dermed Sjureslekta i Loen inn i Marsåslekta.

Det vart mang ein hard arbeidsdag i skog og mark for Karolus og Brite. Karolus tok mykje av livberginga frå skogen. Kvar vinter var han i skogen og skaffa byføring av famneved av bjørk. I ruskever og om vinterkveldane var det å smie bunte-hatleband. Om våren var det å reise til Bergen med jekt og selje veden og banda, og smør og andre jordbruksvarer. Etter mange år vart han noko lut i herdane av arbeidet. Brite var og den som med sitt gode humør kunne få arbeidet til å gå unna.

Det vart etter kvart ein stor huslyd på Marså. Dei fekk 11 born, 6 gutar og 5 gjenter, som vaks opp og ein som døde som barn. Namna på alle borna som vaks opp var: Anders, Arent, Rakel, Johan, Malene, Lars, Elisabet, Peder, Karoline, Alfred og Dina

Av døtrene var det berre Malene som for til Amerika. Ho fekk tuberkulose og kom heim og døde heime. Søstera Karoline tok tilbake Marsåbruket på odel etter at det var blitt slet uit av slekta. Sjå meir om Malene og Karoline i kapittelet nedanfor om Brite si etterslekta på bruket.

Alle 6 gutane for til Amerika, og dei vart verande der borte. Dei fleste fekk seg farmar, og alle slo seg godt fram i den nye verda. Sjå meir om desse i eige underkapittel om Marsåslekta i USA

Den eldste dottera, Rakel, gifte seg med Simon Olsen Rake, og dei overtok Kolbeinsbruket på Rake. Sjå meir om hennar slekt i underkapittelet om Kolbeinbruket på Rake.

Dina var den yngste og ho gifte seg med Peder Jonsen Nedreberg. Dei bodde på farsgarden hans Nedreberg, og han var ordførar i Stryn kommune. Sjå meir om hennar slekt i underkapittelet om Nedreberg.

Elisabet døde 16 år gamal. Ho var fødd i 1885 og døde i 1902.

Brite Arentsdtr (f.1848) si etterslekt på Marsåbruket.

Malene Karolusdtr.(1878 - 1911)
Malene vart gift med Lars Kristianson Roset (1878 - 1949). Lars og Malene dreiv farming i Brimsmade, Nord Dakota. Dei gamle på Marså ynskte å få avløysing, og ville ta seg kår, og ingen av gutane i Amerika hadde høve til å kome heim og overta garden. Då avvikla Lars og Malene alt der borte og reiste heim i 1909, og fekk skøyte på Marså i 1910. Malene hadde fått tuberkulose og døde i 1911. Lars dreiv garden ei tid, men det var vanskeleg no då kona var borte, og han selde garden til Johannes Simonson Storesunde, som fekk skøyte i 1913. Lars gifte seg med Olina Pedersdotter Lillestøl frå Hornindal, og for på nytt over havet og busette seg i Canada. Lars og Malene hadde desse borna: Olga f. 1902, Krest f. 1903, Clarence f. 1906 og Olga f.1908.

Karolina Karolusdtr (1887 - 1969)
I ungdomen hadde ho huspostar og ymse anna arbeid både heime og på Austlandet. Då Marsågarden hadde kome ut av slekta, tykte både ho og andre at det var ille. Ho tok då garden igjen på odel og fekk skøyte i 1917. Ho dreiv garden i mange år, og ho hadde mykje strev då ho var åleine utan om foreldra som var gamle og var på kår. Til skogsarbeidet måtte ho leige karahjelp for å få famnved og band til sal. Det var tronge tider, og det var økonomisk vanskeleg for mange som hadde gjeld og måtte betale store renter i 20-åra. Då søsterdotter hennar, Bertanna Rake frå Kolbeinsbruket, gifte seg med Anders Lunde frå Yste Strand, overlet ho garden til dei. Sidan tok Karoline seg arbeid på Heimen i Stryn

Bertanna Simonsdtr (1903)
Anders Lunde (1895) hadde drive med ymse arbeid. Etter at han vart gift med Bertanna Rake, tok dei over garden på Marså og fekk skøyte i 1929. På Marså var det mykje skog og lite dyrka jord. Anders tok no til å dyrke opp meir jord, og han planta mykje av jorda til med frukttre. Marså ligg fint til og høver for fruktdyrking. Dei har bygt nytt våningshus på garden i si tid. Anders har vore presten sin medhjelpar i Lokyrkja i mange år. Dei har 3 born: Jens f. 1927, Sverre f. 1929 og Åge f. 1939.

Til dokumentstart

Malene Olsdatter (f. 1823) si slekt

Slekta på Kolbeinbruket på Rake.


Ei ny slekt kom inn på dette bruket då Ola Simonson Muri (1833 - 1921) kjøpte dette bruket og fekk skøyte i 1882. Han åtte tidlegare eit lite gardsbruk på Muri gnr 86 bnr. 4 som kona hans Pernille Olsdtr. (1836 - 1904) hadde odelsretten til. Ola var frå ein husmannsplass på Muri. Han hadde gode evner, framtak og arbeidsvilje. Han selde bruket på Muri og fløtte til Rake. Kolbeinsbruket som han kjøpte, var etter våre tilhøve ein stor gard, og låg slik til at sjøen var ein god lunnende til garden. Og så hadde dei små kastenøter som dei var eitt eller to bruk om.

Ola var med og kjøpte Raksjekta som var bygd av folk frå Gloppen. Namnet stod måla med store bokstavar i akterenden "Alia Olden 1887". Eigarar til jekta var Ola (Muri) Rake, Daniel Muri, Johannes Opheim og Knut Rake. Jekta gjekk kvar sommar med byføring til Bergen, oftast meir enn ein tur for sommaren. Full byføring rekna dei var 85 famner bjørkeved, 300 buntar hatleband og dertil bjørkeplank på toppen. Jekta var i bruk til 1914, då vart ho seld til Måløy. Der la dei dekk på henne, og ho vart nytta til å salte sild ombord. Ho vart opphogga i kring 1925. Ola var utanom å vere gardbrukar også med i Innvik heradsstyre og hadde mange kommunale ombod.

Rakel Karolusdtr. Marså (1873 - 1947), og slekta hennar på Kolbeinbruket

Rakel gifte seg inn på Kolbeinsbruket. Mor hennar, Brite Marså, kom frå Framigardsbruket på Rake. Rakel gifte seg med Simon Olson Rake (1867 - 1972). Simon var eldste son til Ola og Pernille Rake. Simon hadde stor interesse for sjøen, og han var notbas på storenota når dei dreiv sildefiske, elles hadde han ei mindre kastenot som dei brukte etter småfisk og ørret. Han var med i Innvik heradsstyret. Noko av det siste dei gjorde før Simon døde var at dei bygde eit stort stovehus på garden. Han vart ingen gamal mann og døde 60 år gamal. Dei hadde desse borna: Ola, Pernille, Bertanna, Kristina, Ragna og Simon. Dei site to var tvillingar. Dei hadde og ein liten gut som heitte Knut og som døde som barn.

Ola Simonson Rake (1897
I sin ungdom var Ola ein tur til Nord Dakota i Amerika. Sidan arbeidde han på fylkesbåtane i Sogn og Fjordane i 3 år. Då gifte han seg med Kristina Klemmetsdtr Opheim (1895 - 1981) og tok over garden. Skøyte fekk han i 1927. Han la seg serleg etter fruktdyrking, og mykje av garden vart utplanta med frukttre. Ola hadde mange interesser og ombod. Han var med i Stryn heradsstyre i fleire bolkar, og var formann i Stryn brannassuranse i mange år. Han har og vore medlem av likningsnemnda og overlikninga, og med i styret for Stryn elektrisitetsverk. I over 50 år har han vore fyrvaktar for fyret på Raksneset. Dei har desse borna: Ruth, Erna, Solfrid, Sverre, Kristi, Kåre og Bergit.

Sverre Olson Rake (1930)
Sverre gifte seg med Klara Andersdotter Loen (1937). Dei fekk skøyte på garden i 1962. Dei har halde fram med å plante frukttre, og dei har teke til med dyrking av bringebær. Dei har bygt både ny driftsbygning og nytt stovehus. I dei gamle husa bodde Ola og Kristina, og hjå dei budde Simon, bror til Ola. Sverre og Klara har desse borna: Ola f.1959, Alf f.1961, Kristi f.1963 og Inge f.1969.

Utflytte frå Kolbeinbruket:

Borna til Rakel og Simon Olsen

Pernille Simonsdtr. Rake (1900 - 1973)
Pernille vart gift med Bendik Jonsson Brynestad (1896 - 1928). Bendik dreiv ei tid som skomakar i Olden. Etter at han gifte seg med Pernille for dei til Amerika og busette seg i Billingi Montana. Der dreiv han med salmakar og skomakarverksemd. Han døde ung og Pernille fekk ei vanskeleg tid, og tidene var i det heile svert vanskelege i 20-og 30- åra der borte. Ho var ekspeditrise i ei bakarforetning i meir enn 35 år. Dei hadde 2 born: Anna f. 1923 og Jon f.1926.

Bertanna Simonsdtr, (1903)
Bertanna Simonsdtr gifte seg med Anders Lunde (1895) og dei overtok Marsåbruket. (Sjå meir om henne under slekta på Marsåbruket)

Kristina Alvhild Simonsdtr. Rake (1905)
Kristina er gift med Magnus Kristofer Svendal (1912). Han er spesialarbeidar på Bergens jernstøyperi. Dei bor i Rådal ved Bergen Dei har 2 born: Oddvard Sigmund f. 1937 og Helge Ragnar f. 1945.

Simon Simonson Rake (1910).
Simon var vegarbeidar, og drive heimefiske på fjorden. Han har butt hjå broren Ola på Kolbeinbruket

Ragna Simonsdtr. Rake (1910)
Ragna Simonsdtvart gift med Einar Elias Johanson Fredheim (1913). Einar har vore bygningsmann. Dei fekk byggetomt på Kolbeinsbruket på Rake: Fredheim gnr 82 bnr. 28, og fekk skøyte i 1954. Einar var kyrkjetenar i Loen kyrkje. Dei har 4 born: Reidun f. 1938, Jon Sigmund f. 1939, Svein Reidar f. 1943 og Ruth Karin f. 1945

Borna til Kristina og Ola S. Rake
I tillegg til Sverre som overtok Kolbeinsbruket, hadde Kristina og Ola desse borna som reiste ut: Ruth f. 1926, Erna f. 1928, Solfrid f.1929, Kristi f. 1932, Kåre f. 1935 og Bergit f. 1937.

Til dokumentstart

Malene Olsdatter (f. 1823) si slekt

Slekta på Nedre-Berg.

Nedre-Berg (gardsnr 48, bruksnr 1 i Stryn) ligg i bergsida utanfor Strynebukta. Dette er ein gamal slektsgard, og Per Johnsen har ættediplom av Norges Bondelag. Han er 12. generasjon av slekta som har vore brukarar og eigarar av denne garden.

Alt frå det første vi høyrer om garden, var det bondegods, og brukarane har vore eigarar. Bestefaren Peder Jonsen var gift med Helga Eriksdtr. Ulvedal. Ho skal vere av den mektige Randaætta som er kjend attende til Jon Simonsen Rand som døde før 1490, og han seiest å vere ætta frå Audun Hugleikson (Hestekorn).

Peder Johnsen og Helga Eriksdatter hadde 7 born. Av desse var det Jon Pedersen som overtok bruket. Han var gift med Ragnhild Jonsdtr Ytre -Eide og dei hadde 9 born. Eldste sonene deira, Per f. 1886, overtok bruket.

Diana Karolusdtatter Marså (1897-1946) vart gift med Per Johnsen (1886-1973) Nedreberg. Slekta på Nedreberg har med dette giftarmålet kome saman med slektene frå Marsåbruket, Framigardsbruket på Rake og Sjurebruket i Loen.

Per gjekk Voss folkehøgskule, og han kom tidleg med i arbeidet i ungdomslaget. I 20 år var han kasserar og med i styret for Firda Ungdomslag. I lang tid var han med i Stryn kommunestyre, og ordførar i fleire bolkar. Han hadde og mange tillitsyrke m.a. formann i forliksrådet, formann i elektrisitetsverket i Stryn, formann i vegnemnda og formann i Sunnfjord og Nordfjord fiskeristyre.

Mykje av si tid ofra han på det kommunale arbeidet, men livsyrket hans det var å vere bonde på Nedreberg. Han og Dina har etter at dei tok over garden i 1922. Garden ligg lagleg til for fruktdyrking. Far til Per hadde og stor interesse for frukt, og han var med i dei første frukt(r) og grønsakutstillingane i distriktet med fint resultat. Då dei fekk elektrisk kraft i 1920 sette Per opp ei sirkelsag på Lindset. Der kunne han sage tømmer frå eigen skog og take mot sagetømmer frå andre. Per og Dina hadde 2 born: John f. 1922 og Kåre f. 1928.

John Nedreberg (1922) overtok garden. Han gifte seg med Ragna Eliasdtr. Strand (1925) og dei har 4 born. Jon har vore interessert i song og musikk, og han har vore med i Stryn mannskor sidan 1966, og han har vore organist i Randabygda kapell, og i Loen kyrkje.

Kåre Nedreberg (1928) var radiotelegrafist i Oslo. Han er gift med Else Johansen (1927). Dei kjøpte seg hus og bor i Drøbak. Dei har 2 born.

Til dokumentstart

Malene Olsdatter (f. 1823) si slekt

Marsåslekta i USA.

Karolus og Brite Marså hadde 7 born som reiste til Amerika, og dei har ei stor etterslekt der borte. Dei 7 borna var:

  • Andrew Marså, Rake, Iowa
  • Arnt Marså, Leeds, Nord Dakota
  • Malene Marså Roseth, Brimsmade, Nord Dakota
  • Lars Marså, Corinth, Brimsmade, Nord Dakota
  • Johan Marså, Roseville, California
  • Peder Marså, Roseville, California
  • Alfred Marså, Eureka, California
  • Frå Jennie Marså Hill fekk Olav A Loen opplysningar om heile Marsåslekta i Amerika. Jennie var dottera til Lars Marså, men eg kjenner ikkje til korleis Olav A Loen kom i kontakt med henne.

    For Marsåslekta i Amerika har Olav A Loen stort sett berre oversett dei opplysningane han fekk tilsendt. I tekstdelen har ein derfor berre teke med omtale av den første generasjonen av etterkomarar, og viser elles til LOKHIS med data frå slektsdatabasen.

    Andrew K. Marså (1870 - 1961) var den første av Marså-familien som reiste til Amerika. Han reiste 19 år gamal i 1889. Han var i mange år postmeistar i Rake, Iowa. Han vart gift med Martha Erdahl. Dei hadde 4 born: Bertha (1899), Ruth (1901), Agnes (1902 - 1915) og Carl (1904 - 1979). Bertha og Ruth hadde 3 born kvar. Agnes døydde ung, og Carl var ugift.

    Arnt Johan Marså (1876 - 1957) reiste først til Rake, Iowa, og deretter til Brimsmade, Nord Dakota. Han farma først i Benson Country og sidan i 9 år i Williams Country. Han reiste seinare til Leeds, Nord Dakota. Han vart gift med Anna Marie Holm (1889 - 1966). Dei hadde 4 born: Clifford (1915 - 1922), Melvin (1917), Elvin Richard (1920) og Maurice (1925). Clifford døde medan familien budde nær Corinth, Nord Dakota, og han er gravlagd i Berthel kyrkjegarden. Melvin er gift og har to born. Elvin Richard er også gift og har eitt barn. Maurice har ikkje born, men også han er gift. Johan Marså (1882 - 1958) arbeidde som avdelingsleiar ved jernbana og budde ei tid i Brimsmade, Nord Dakota. Han arbeidde og i Drake, Nord Dakota og i Adolph og Duluth i Minnesota. Han slutta ved jernbanen og arbeidde i 34 år i ei jarnbedrift. Dei hadde heimen sin i Duluth, Minnesota. Han var gift med Olina Stenberg (1887 - 1960). Ho var fødd i Sandefjord. Dei hadde 7 born: Clarence (1909 - 1974), Alice (1910), Mabel (1913), Bernice (1915), Clara (1918 - 1938), Violet (1920) og Roymond (1921). Clarense og Clara vart ikkje gifte. Dei andre gifte seg og hadde etterkomarar.

    Malene Marså (1878 - 1911) reiste til Amerika saman med broren Johan. Ho vart gift med Lars Roseth (1878 - 1949). Lars var fødd på garden Roset i Innvik. Han reiste til Amerika i 1900 og fekk seg farm i Brimsmade, Nord Dakota. Malene fekk tuberkulose og dei reiste heim til Noreg i 1909. Dei overtok og fekk skøyte på garden Marså (Sjå meir om det i Marsåslekta i Noreg). Malene døde i 1911 og i 1913 reiste Lars og borna attende til Amerika, og flytta då til Canada. Han gifte seg på nytt, og kona var frå Lillestøl i Hornindal. Dei fekk ein son, Melvin Roseth. Han har etter at han vart vaksen vore ein tur heim til Noreg. Lars og Malene hadde 4 born: Olga (1902 - 1902), Krest Emil (1903 - 1910), Clarence Olaf (1906 - 1958) og Olga (1908) Både Clarence og Olga vart gifte. Clarence har 3 born og Olga har 5 born.

    Lars Marså (1880 - 1979) reiste til Brimsmade i Nord Dakota i 1905. Han arbeidde på farmar i Brimsmade, og ein vinter arbeide han i Black Duck, Minnesota. Han reiste så til Williams County for å drive med farming. I 1909 gifte han seg med Jorgine Tufte (1883 - 1960). Ho var fødd i Noreg, og hadde utvandra frå Hol i Hallingdal. Lars tok flytur til Noreg i 1948. Han vitja då søstera Karoline, og slektningane hennar her. Etter at han var komen attende til farmen skreiv han eit lite brev til den norske avisa "Skandinaven", eit kort resyme om dei første 50 åra i USA, med ei helsing heim til Gamlelandet. Dette brevet er teke med nedanfor.

    America hilsen frå Lars Marså, Corinth Nord Dakota til norsk "Skandinaven" papiret. «Jeg vil sende nogen bemerkninger om hvad som har foregået her Nordvestre Nord Dakota de siste 50 år. Kan sige at jeg har bodd her siden jeg kom hid i 1905. Jeg var nykomer og havde ikke veret her i USA mer end 2 måneder da jeg filed på homestead i Minot Nord Dakota. Det så temelig vilt ud da jeg først kom ud på mit Homestead, svaret få folk bodde her på Prairien, ikke et hus at se nogen steder , bare små skur og en del jordhytter her og der så jeg havde ikke store tanker om landet her. Men efter at folk kom ind og begynte at pløye op landet og bygge huse blev det forandring. Det blev mer trivelig at leve. Jeg tenkte ikke på at bo her mer end 14 måneder så jeg kunde prøve det op. Men jeg forandret min mening og bygynte at farme her. Det var ikke bare moro de første årene da vi havde flere torkeår så vi ikke fik nogen ting hvad avling angår av nogen betydning. Der til Haglstorme og på sine steder de første år Prairiebrand. Jeg kunde skrive en hel bog om hvad jeg har set og gjennemgået disse 50 år nu, men vil slutte. Beste Hilsen til mine slektninger, alle kjente i Rakegrendene og til Redaktøren og alle bladets lesere fra en nordfjording»

    Lars Marså
    (Dette fekk Olav A Loen tilsendt frå slekta i Amerika)

    Lars og Jorgine hadde 5 born: Chester Edvin (1909), Elvin, Melfrid (1911 - 1972), Ben Bernard (1912), Berniece (1914) og Jennie Leannes (1916). Jennie var gift med Hans Hill, og det er ho som har skaffa opplysningane om Marsåslekta i Amerika. Jennie og Hans hadde ein son. Ben hadde ei dotter, men etter dei opplysningane vi har fått var det berre desse to barnebarne etter Lars og Jorgine

    Peder Olai Marså (1890 - 1980) reiste til Amerika i 1910. Han kom til Brimsmade og fekk arbeid. Då Amerika kom med i den første verdenskrigen vart han send i krigsteneste i Frankrike. Han kom tilbake etter krigen utan å ha vorte såra. Peder er best kjend som "Pete Marso". Han arbeidde på den store nordlege jernbana i nokre år. På grunn av dårleg helse har han vore på sjukeheim i mange år. Han var pasient ved Rekonvalesent Heimen Roseville, California.

    Alfred Marså (1892) var den yngste av dei 6 brørne på Marså, der alle reiste til Amerika. Han kom til Brimsmade i 1912, og arbeidde hos brøren Johan og Lars. Seinare arbeidde han for ei treforedlingsverksemd i fleire statar: Montana, Washington, Oregon, Idaho og California. Han var og forsikringsagent i Spokane i Washington. Sidan 1949 har han bodd i Eureka, Washington. I over 20 år har han no butt på Vance Hotel. Han er den einaste av dei 6 brørne frå Marså som enno lever.

    Til dokumentstart

    Malene Olsdatter (f. 1823) si slekt

    Ole Andersen Loen si slekt i USA.

    Dette kapittelet har med omtale av Ole Andersen Loen og to av døtrene til Arent Arentson Rake og Malene Olsdotter (Anna Pernille og Rakel). Begge vart gifte med Ole Andersen Loen i Amerika, først Anna Pernille og deretter Rakel året etter at Pernille døde. Det er Anna Pernille og Rakel som høyrer til etterslekta frå Sjurebuet i Loen i og med at mor deira kom derifrå. Ole Andersen inngår i etterslekta berre gjennom desse giftarmåla.

    Olav A Loen kom i kontakt med denne slektsgreina gjennom Helmer Ingmann Loen og kona hans, Martha Anna Holm. Helmer var son til Ole Andersen (meir om han seinare). Martha fortalde slekta i USA om det arbeidet som Olav A Loen heldt på med, og i fleire år kom det brev med slektsopplysningar frå etterkomarane etter Ole Andersen. Olav A Loen fekk ikkje innarbeidd all denne informasjonen i slektshistoria, og teksten for denne slektsgreina har derfor blitt supplert i ettertid.

    Ole Andersen Loen.

    Ole Andersen Loen var fødd på Magnebruket. Far hans, Anders Olson Tjugen, var frå Olabruket, bruk nr 1 på Tjugen. Han gifte seg med Anne Hansdtr. Loen. Ho hadde odel til Magnebruket, og dei busette seg der. Ho døydde i 1847 og Anders gifte seg andre gongen med Ingeborg Isaksdtr. Loen. Ho var frå Isakebruket, bruk nr 5. Då Anders døde i 1871 var Ragnhild, dotter frå første ekteskapet, gift med Ola Knutson Loen på Knutebruket, bnr. 10. Dei tok då over Magnebruket, men dei pakta det bort i 15 år. Då dottera deira, Brite Olsdotter, gifte seg med Lars Olson Sæten, tok dei over Magnebruket og dreiv det.

    Siste kona til Anders, Ingeborg Isaksdotter, reiste til Amerika med fleire av borna etter at ho var blitt enkje. Dette var truleg i 1881, for i slektsopplysningane for Ole Andersen (son til Ingeborg) går det fram at han kom til Amerika i 1881.

    To av døtrene til Anders Olsen gifte seg og vart verande heime. Anna gifte seg med Anders Kolbeinson Melheim på bruk nr. 3 på Melheim i Olden. (Sjå om dei i bygdeboka for Innvik - Stryn. Ny utgåve 1973. Andre bindet side 55). Jartrud vart gift med Rasmus Knutson Beinnes på bruk nr 1 på Beinnes i Olden (Sjå bygdeboka Innvik - Stryn. Ny utgåve 1973. Andre bindet side 153).

    Anna Pernille Rake (1862 - 1891)

    Anna Pernille var dotter til Arent Arentson Rake og Malene Olsdotter Loen. Ho kom til Amerika i 1882 og gifte seg same året med Ole Andersen Loen som kom til Amerika året før. Dei busette seg i Blue Earth Minnesota. Dei hadde 5 born: Ida Marie, Louise, Andrew, Albert og Andreas.

  • Ida Marie (1883 - 1942) gifte seg med Gene Porter (f. 1886). Dei hadde ikkje born.
  • Louise (1885 - 1893) døde av difteri.
  • Andrew (1887 - 1962) var ugift
  • Albert (1889 -1966) gifte seg med Anna Hanson (f. 1890). Dei hadde 7 born: Agnes Ovidia (1910), Gladys Luella (1912), LLoyd Raymond
  • (1912), Ruth Irene (1915), Margaret Helene (1920), Orville Duane (1922) og Gordon James (1925). Frå kona til Gordon James, Delores Maye Daniel, fekk vi tilsendt opplysningar om alle etterkomarane etter Albert med bilete.
  • Andreas (1891 - 1965) gifte seg med Anna Abrahamson (f. 1890). Dei hadde ikkje born.
  • Rakel Arentsdtr. Rake (1863 - 1922

    Rakel var søster til Anna Pernille, første kona til Ole Andersen. Ho kom til Amerika i 1888. Anna Pernille døde i 1891 og året etter gifte Rakel seg med Ole Andersen Loen. Dei dreiv med farming i Howard, Sør Dakota. Dei hadde 4 born: Lauris, Lauris, Martin og Helmer.

  • Lauris (1893 - 1893) var dødfødd
  • Lauris (1895 - 1970) gifte seg med Selina Langorgen (f. 1904). Dei budde i Howard Sør Dakota.Dei hadde 7 born: Raymond Ordell (1924), Orlin Kenneth (1926), Lois Maxine (1927), Curtis Leroy (1929), Vernon Carroll (1931), Evelyn Leonore (1933), Leonard Stanley (1939).
  • Martin (1898 - 1960) gifte seg med Inga Hage (1907 - 1977). Dei budde nord for Howard, Sør Dakota på ein farm. Dei hadde berre ei dotter Anna Belle (1926).
  • Helmer Ingmann (1904 - 1980) var den yngste av borna til Ole Andersen og Rakel. Helmer vart gift med Martha Anna Holm. Ho er av norske foreldre og vart fødd i Steele i Nord Dakota i 1910. Helmer og Martha budde i Howard i Sør Dakota og dreiv farming i 15 år. Då flytte dei til Californi i1941. Helmer var inspektør for Bendix corporation. Han vart pesnjonist i 1966. Martha var styrar av kafeteria for ein stor skule i Los Angeles i 25 år til ho slutta i 1968. I 1979 vart ho utnemnd til "Årets mor" i heimbyen Palmdale. Ho var då aktiv med i arberidet for kyrkja og sosiale foreiningar. Helmer og Martha reiste til Noreg i 1972. Dei vitja då slekta si i Loen, Rake og Olden. Helmer kom ein ny tur i 1977 åleine. Sonedottera hans, Beverly Loen, gjekk då på universitetet i Oslo, og ho kom ein snartur til Loen medan han var her. Då han var på gjesting på Marså hogg han namnebokstavane H L inn i ein stoir stein, ved sida av namnebokstavane A R til morbroren Arent Rake som budde i Rake i staten Iowa. Helmer og Martha opplevde gullbrudlaup, og då var slekta deira i Amerika samla. Helmer og Martha hadde 5 born: Helen Marie (1927 - 1927), Ronald James (1929), Irwin O' Dean (1931), Harold Myron (1935) og Janice Rea (1950)
  • Til dokumentstart

    Malene Olsdatter (f. 1823) si slekt

    Rake i Iowa. USA

    Denne artikkelen av Olav A Loen har omtale av Arent Arentsen Rake si slekt i USA og opphavet til byen Rake i Iowa.

    Arent Arentson Rake i Amerika

    Arent var fødd på Framigardsbruket på Rake 3.11.1858. Foreldra var Arent Arentson Rake og kona Malene Olsdotter frå Sjurebruket i Loen. Det seiest at dei i alt hadde 12 born, men nokre av dei døde som born, og ein kjenner berre til 9 som vaks opp. Av dei var Arent omlag midt i søskenflokken. Utferda frå våre bygder hadda alt teke til i 1860 åra. Det var den sikraste vegen for dei fleste til å skape seg ei framtid. Lars, elste broren, vart verande heime og tok over farsgarden. Den elste søstera Brite vart gift med Karolus Marså og fløtte dit og vart bondekone. Av dei andre søskena var det berre Andrine som vart verande heime, alle dei andre for til Amerika.

    20 år gamal reiste Arent til Amerika i 1878. Han kom til Wells i Minnesota, men reist straks vidare til Syd Dakota og tok seg homestead med 160 acres 6 engelske mil nord for byen Madison. I 1879 gifte han seg med Randine Ellingsdtr. Foreldra hennar hadde i 1857 kome frå Sogn til Amerika då Randine var eitt år gamal. Den kjende pionerpresten Elling Eielsen vigde dei. Då kona ikkje ville reise til Syd Dakota, selde han farmen sin der, og pakta farmen til mor hennar som då var enke, og var der i 3 år. Våren 1882 kjøpte han land i Winnebago i Iowa, og her slo han seg til for godt.

    Det synte seg at dette kom til å verte eit sentrun for farmarkolonien i dette distriktet. I 1887 vart det opna eit postopneri som vart lagt på farmen hans og han sjøl vart postopnar. Postopneriet fekk namnet Rake etter farmen hans. Då jarnbana kom gjennom distriktet vart stasjonen lagd på hans eigedom, og byen fekk etter det namnet "Rake".

    I"Nordfjordingenes historie i Amerika" som kom ut i 1940 ogvar prenta i Minneapolis, der står det om Arent Rake: "Der findes vel neppe nogen anden Nordfjording, der likesom Rake kan peke på en by som berer deres navn. Foruten at vere en dyktig farmer har og Rake vert en virksom forretningsmand, saasom landagent, kjøpmand og i mange aar bankier. Han har ogsaa indehatt alle de tillitshverv en kommune kan by paa".

    Arent Rake var med og stifta det lutherske kyrkjesamfunnet på staden i 1889. Han gav 3 acres til tomt, og kyrkja vart bygd på hans farm i 1891. To gonger har han teke turen til Norge og har vitja heimbygda. Siste gongen var i 1930-åra før den siste verdskrigen. Då han vitja Marså, der søster hans hadde livt, hogg han namnet sitt inn i ein stor stein eller berg som låg på eigedomen. Namnebokstavane A R vert ståande, og sidan har andre norskamerikanarar av slekta sett namnebokstavane sine på same steinen.

    Han og kona fekk eit langt samliv, og dei feira gullbrudlaup i 1929. I alt hadde dei 10 born, men av dei var det 4 som døde i ung alder

    Dei andre 6 var: Theodore (Ted ?), Mary, Laura, Minnie, Josephine og Abbie.

    Mary vart gift med Martin Erdal og dei tok over farmen til Arent Rake. Etter at kona til Arent døde, livde Arent saman med Mary og svigersonen i byen Rake. Mary og Martin hadde 11 born. Nokon av dei bur i Rake i Iowa, og elles andre rundt Frost.

    Rasmus Erdal frå Oppstryn (1840 - 1915).

    Rasmus Erdahl var far til Martin, som var gift med Mary Rake og tok over Arent Rake sin farm. Rasmus kom til Amerika i 1861. Den første tida arbeidde han med ein farmar i Madison i Wisconsin. I 1862 hverva han seg som soldat og gjekk med i borgarkrigen for å frigjere negerslavane. To andre ungdomar frå Stryn melde seg samtidig. Det var Lars Maurset og Marius Tonning som og gjekk med i krigen. I "Nordfjordingenes historie i Amerika" står det: "De første Nordfjordingene var strakst villige aa vaage sitt liv for sitt nye adoptivland. En daad som virkelig maa beundres"

    Etter 3 år i hertenesta mønstra Rasmus av og for til Faribauet i Minnesota i 1865. Han fekk seg homestead og tok til som farmar. Ikkje lenge etter gifte han seg med Brita Legreid. Dei hadde 5 born. Ei av døtrene hans, Martha, vart gift med Andrew K Marsaa. Han var postmeistar i mange år i byen Rake. Sonen Martin var som nemnt gift med Mary Rake.

    Rasmus Erdahl får eit fint ettermele i "Nordfjordingenes historie i Amerika": "Rasmus Erdahl var i sandhet en hedersmand, som gjorde hvad han kunde, ikke blott som tapper soldat i borgerkrigen, men ogsaa som farmer. Han omtales som en mand med dypt kristelig alvor, bramfri og beskjeden i si fremfærd, samt med et varmt hjertelag for de fattige og nødlidende"

    LOKHIS (slektsdatabasen) har med opplysningar om fleire av etterkomarane etter Arent Arentson Rake i Iowa. Desse opplysningane har Ola Rake skaffa .

    I julenummeret av Fjordingen i 1985 har Ola Rake med ein artikkle om Rake i Iowa.