Litteratur.


Etterslekt etter 1800.

Til Litterturlista

INNHALD

Om Sjurebruket
1. Generasjon 1814-1823
2. Generasjon 1844-1857
3. Generasjon 1867-1882
4. Generasjon 1902-1907

Lenker til Lokhis
Sjurebruket i Loen ; Privat
1. Ola Rasmussen f. 1783 ; Privat
2. Anders Olsen f. 1814 ; Privat
3. Ola Andersen f. 1847 ; Privat
4 Andreas Olsen f. 1880 ; Privat
Olav Andreasen f. 1903 ; Privat
Audun f. 1939. Privat

Slekter frå Sjurebruket i Loen

Føreord.

Sjurebruket er eit av dei 14 hovudbruka på garden Loen. Alle desse bruka har Loen som felles gardsnamn. I tillegg har kvart bruk eit lokalt namn, som for dei fleste bruka er etter ein av brukarane som har vore på bruket. Sjurebruket har såleis namne etter Sjur Rasmusen som var brukar omkring 1700.

Olav A Loen (1903 - 1984) samla opplysingar om alle etterkomarar for personar som vart fødde på Sjurebruket etter 1800. Slektsboka som han var i ferd med å skrive før han døydde hadde denne innleiinga:

"Vi skal no, så langt vi kan, følgje dei som voks fram på Sjurebruket, og fløtte ut til framande stader her i landet og i Amerika. Og sjå kor ei bondeslekt på ein liten vestlandsgard spreier seg vidt ikring og kom med i yrke av mange slag"

Denne presentasjonen er laga av Audun Loen. Teksten er stort sett kopi av det Olav A Loen hadde skrive og det som er kalla "no" er ca 1980. Personar fødde etter ca 1980 er ikkje nemnde i desse tekstdokumenta.

Via nettet er det tilgang til ein kopi av LOKHIS (slektsdatabase) som ikkje har med detaljoopplysningar om perseonar fødd etter 1920. For dei som har Lokhis innstallert lokalt er det tilgang til heile innhaldet (Privat).

Frå 1723 til 2020 har Sjurebruket gått frå far til son. Dokumentet om Sjurebruekt har med omtale av alle desse brukarane. Fullstendig oversikt over etterkomarane er skaffa berre for dei søskenflokkane som voks opp etter 1800. Dette omfattar også svært mange personar for dei eldste. I 2021 vart Sjurebruket selt til nabo.

Etter 1800 har det vokse opp 5 søskenflokkar (generasjonar) på Sjurebruket. Denne presentasjonen har eit dokument for kvar av dei 4 første av desse generasjonane (søskjenflokkane): 1814-1823, 1844-1857, 1867-1882 og 1902-1907. Det er ikkje laga eige dokumnet for den siste generasjonen. I tillegg til dette er det to dokument med etterkomarar i Amerika og eit dokument om slekta før 1800. Kvar av dokumenta har eigen meny med lenke til startdokumentet. På den måten fungerer dette som ein samla presentasjon