Vis register

Fotturar i Loen-området. Omtale

Meny fottur (w3)

Fotturar i Loen-området. Av Audun Loen.

1. Innleiing

Dette tekstdokumentet er ein alternativ presentasjon av fotturane. Hovedpresentasjonen går ut på å velge punkt langs turstien inntegna i eit kart/flybilde. Til kvart punkt er det knytt tekst og bilde. Det er utdrag av teksten for kvart punkt som er samla i dette tekstdokumentet med lenke til nokre av bilda som er vist for kvart punkt. Det er presentasjonen med kart og bilde som er mest oppdaterrt.

Opplegget har med omtale av fotturar i Loen-området. Dette gjeld både fjellturar og turar i bygda. Det vil neppe bli fleire fjellturar for mitt vedkomande.

Systemet vil få lenker til realvant informasjon knytt til kvar tur i den grad slik informasjons er lagt ut på nettet.

Av trykte kjelder som inntil vidare berre er tilgjengeleg på papir kan ein nemne:

  • Setrar i Olden og Loen sokn. Av Kjell Råd. 2005.
  • Opptur - 267 fotturar i Sogn og Fjordane. Av Anne Rudseng. Hovudfotograf Finn Loftesnes. 3. opplag 2006.

Dokument-start
Meny fottur (w3)

2. "Storerunden" Rundtur i Loen

2.1. Om garden Loen

Loen er namnet både på garden Loen og på heile grenda med 15 gardar som soknar til Loen skule og Loen kyrkje. Denne rundturen går berre på garden Loen sitt område.

Garden Loen ligg inst i Nordfjord heilt nede med fjorden. Om ein køyrer langs riksveg 60 finn ein Loen mellom bygdesentra Stryn og Olden. Garden har i dag (2006) gardsnr 70 i Stryn kommune.

Loen er ein av dei opprinnelge gardane i Indre Nordfjord og jordbruket har frå gamalt vore hovenæringsvegen. Driftsgrunnlaget har dei siste hundre åra vore delt på 14 hovedbruk, og desse eksisterar framlies som eigne landbrukseigdomar. Det er imildertid berre nokre få av eigaran som i dag har jorbruket som viktigaste levevegen og desse leiger areal frå dei andre. I følgje Økonomiks kartverk (år 2000) har garden ca 550 dekar fulldyrka jord i drift. Dei viktiagaste driftsgreinene er frukt-, bør- og grønsakdyrking og mjølkeproduksjon. Dessutan spelar sauhald og kjøttproduksjon på storfe ei viktig rolle.

Opprinneleg hadde alle gardsbruka husa sine samla i to tun omkring Lokyrkja, og før utskiftninga i 1898 var det omlag 100 hus i desse tuna. Gjennom to jordskifte har husa på 8 av dei 14 buka blitt flytta ut frå det opprinnelege tunet

Frå slutten av 1800-talet kom turisttrafikken til å spele eig viktig rolle for Loen, og det var naturen med breane som var reisemålet. Turistskipa kom etter kvart inn på Lobukta. Turistane vart førde i land ved kaia og køyrde med hest og stolkjerre til Vassenden. Der vart dei førde med båt over vatnet til Kjenndalen, og vidar med hesteskyss til breen.

Hotel Alexandra har sidan starten i 1884 hatt ei viktig rolle for turistrafikken i Loen. I dag er det i mellom anna tradisjonen som er bygt opp omkring denne reislivsverksemda som er drifkrafta for turisttrafikken. I tillegg til Hotel Alexandra finn ein på garden Loen også hotell Loenfjord, Loen hotell, Lovik camping, Trollhaugen hytter og Loen Pensjonat.

Hotel Alexandra
Hotell Loenfjord
Loen pensjonat

I samband med reislivsnæringa må ein også nemne Loelva med laksefiske og Lofossen. Frå Saghølen under Lofossen går det laketrapp til elva ovanfor fossen. Laksefikset er i dag utleigt til Bergen sportsfisekrlag. Laksetrappa føl den same traseen som frå gamlt førde vatn til kvernene og til eit sagbruk. Det var i førstninga av 1800 talet at det vart bygt demme i Lofossen og for å føre vatent til kvernane. Demma vart riven bort ved rasulukka i 1936 og seinare omkring 1990. Demma vart siste gongen bygd opp att med stein. Over Lofossen var det steinbru som vart riven bort ved ulukka i 1936.

Loen har i løpet av dei siste 50 åra også fått industri med Nordfjord kjøttindustri som den viktgaste. Ei anna industriverksemd i Loen er Stryn betongelement. Mesteparten av det opprinnelge jordbrukarealet langs sørsida av elva er i dag nytta av industri- og reislivsnæringa.

På grunn av reislivs- og industriverksemdene har det vor auke i folketalet i Loen. Det er no nye bustadfelt rundt hotell Alecandra (Heggeli) i Lovik (Brennhaugen) og i Kvitefjellet (mot grensa til garden Sæten).

2.1. Om turen rundt Loen. Storerudnen

Storerudnen er ein rundtur i Loen som vert nytta av turistar og bygdefolket. Turen tek ca 1 time i turisttempo. og på denne rundturen får ein sett mesteparten av garden Loen.Veslerunden er ein kortare tur som går berre på nordsida av elva.

I denne presentasjonen har ein valt å starte turen i Lotunet på same måten som forfattaren av denne omtalen.Det er då mest vanleg å starte med å gå innomver mot Lofossen, over brua og utover til Lovik. Derfrå tilbake over brua på fylkesveg 60 og langs hotella og tilbake til Lotunet via kyrkja.

Når ein går denne turen ved kvart feriebesøk i Loen får ein med som har hendt sidan sist. 2011-versjonen av rundturen er oppdatert med bilde til og med 2011.

Det er Sjurebruket som er startpunkt i denne versjone av turomtalen. Nabobruka er Arnebruket ovanfor mot kyrkja og Trulsbruket nedanfor vegen. I same området mot kyrkja ligg bruk nr 60 (Tamburhuset) og bruk nr xxx med Gartneri .

Det som er nytt i dette området dei siste åra er felling av grantrea lang vegen, oppføring av nytt våningshus på Trulsbruket, frådeling av det gamle våningshuset og nystova på Trulsbuket med oppussing av nystova. Vidare er våningshuset på Arnebruket skilt ut som eigen bustad.

Våningshuset på Sjurebruket set frå sør
Våningshuset på Sjurebruket sett frå vest
Utsikt mot fjorden.frå Sjurebruket.
Lotunet- kyrkjevegen
Vedlikehald av Trulsnystova
Nytt våningshus på trulsbruket

Frå Lotunet går turen innover Teigane, forbi Gjerstundhuset, Isakebruket, ned Teigabakken, over Stubben, forbi Gamle-Isake og inn til Fjøsane og Lofossen

Området på nordsida av Lofossen vart oversvømt ved rasulukka i 1936. Det førde til at skulehuset som stod her blei flytta. Det same vart husa på Isakebruket. Akkurat der vegen innover svingar over lofossen, hadde alle lobruka sommarfjøsar, og denne staden vart kalt "Fjøsane". No er alle fjøsane borte, og området er opplagsplass for tømmer m.v.

I fjordingen har det vore ein artikkel av Brynjulv Loen, med tittel Gamle Loen . Ein vikit del av denne artikkelen er historia om skulehusa i Loen.

Før 1936 var det steinbru over lofossen, men den vart riven bort i ulukka i 1936.Den brua som er der no vart bygt (vedlikehalden) omkring år 2000. Ovanfor fossen er det ei demme for å føre vatnet ned i elvelaupet som tidlegare gav vatn til kvernene og eit sagbruk, og i dag til laksetrappa. Det var i førstninga av 1800 talet at det vart bygt demme. Demma vart riven bort ved rasulukka i 1936 og seinare omkring 1990. Demma vart siste gongen bygd opp att med stein.

Teigane og Lotunet Gjerstunhusa i Loen
Stubben. Mot tunet på Isakebruket
Stubben. Mot Gamle-Isake og Fjøsane
Sommarfjøsen på tomta etter Gamle Isake
Jakob Loen og stabburet på Gamle-Isake.
Gamle Isake før 1936
Frå Lofossen mot Revholen.
Fjøsane i 1938 få år etter rasulukka
Inntaket til laksetrappa.
Fossen sett frå brua og oppover mot demma.
1991 Demma i Lofossen
etter at ho hadde rasa ut.

2000 Den nye demme i Lofossen.
Dagens bru over Lofossen. 2000.
1991 Steinbru ovar Lofossen før 1936.

Frå Lofossen går turen på sørsida av Loelva til Lovik. Det er aktuelt med ein astikkar ned til Saghølen, som er den beste fikseplassen etter laks i Loelva. Laksen kjem ikke opp Lofossen, men på midten av 1950-talet vart det bygt laksetrapp slik at laksen kan gå også til øvre elv. Ein kan vidare leggje turen gjennom bustadfeltet på Brennhaugen/Lovik med usikt til NK i vest og bustadfeltet i Kvitefjll i aust. Akkurat der vegen går opp til Brennhaugen ligg tomta til undomshuset.Ungdomshuset er rive og det er no bygt nytt rekkehus. Olav A Loen har skrive om undomslaget frå dei første tider og om bygginga av Undomshuset. Det er teke med lenke til dette kapittelet i bok om Garden og ætta på Sjurebruket: Ungdomslaget

Ellers går turen langs området til Nordfjord kjøttindustri (NK). NK har no kjøpt opp areal m.a. på Framigarsbruket og Trulsbruket for bygging av nytt fryseri (i 2011). På det tidlegare kulturbeitet til Trulsbruket er det to hus. Deine eie er av nyare dato men det minste er frå ca 1938. Bilde av dette huset er teke med fordi det vart bygt med tømmer fra gamlestova på Sjureburket og såleis er av historisk interesse for Sjurebruket. Huset er overteke av NK, og neste gong eg går Storerudnen er det kanskje borte??????.

I Lovik må ein ta ein avstikkar til den nye båthamna og den nye miljøparken. Der er det også kort veg til Loen skule og Loen stadion.

2005.Ny sti til Saghølen
Saghølen sett frå sørssida (Kvia).
Saghølen mot nordsida av elva (Skåra).
Saghølen mot utlaupet frå laksetrappa.
Rekkehus på den gamle ungsomshustomta.
Ungdomshuset ved åpning i 1915/1916.
Utsikt til NK frå Brennhaugen.
Jorddyrking bak Brennhaugen 1980.
Jordbruksarealet bak Brennhaugen 2011,
1. huset i kvitefjellet 2006.
2011. Bustadfeltet i Kvitefjellet.
Sakrishusa med våningshus og driftsbygning.
Gamalt hus på Trulsbruket bygt i 1938.
Bustadshuset på Famigardsbruket.
NK. Tilbygg på eksisterande industrianlegget.
NK. Planert område mellom industri- og bustadfeltet.
NK. Ferdig parkeringsplass.
NK sitt bustadfelt mot Lovik camping.
NK. Utgraving av tomt for fryseri.
NK. Klargjort tomt for fryseri.
Naust og miljøpark i Lovik.
Loen skule sett frå parkeringplassen.

Frå Lovik og heilt forbi hotel Alexandra er det opparbeidd gang- og sykkelveg langs fylkesveg 60. Fotturen går langs denne gangvegen til Joker-butikken. På austsida av Loenfjord hotell vel vi å krysse veg 60 og gå ned til elva og deretter langs elvekanten bak hotellet til båthamna. Ved båthamna kryssar vi fylkesvegen på nytt til gangvegen. Før vi går vidare utover gangvegen tar vie ein snartur opp i parken ved hotell Alexandra. Ved avkøyrsla til bustadfeltet i Heggelig går vi tilbake langs Hotel Alexandra og forbi inngangen.

På den delen av turen som er omtalt ovanfor, passerar vi først Lovik Camping og Loen hotel. Frå først av var Loen Hotel berre ei vegkro med namn Richards Kro. Hotellfløyen vart bygd til seinare. Det har vore lite drift på hotellet dei siste åra. Lovik Camping vart etablert av eigaren av bruk nr 13 på 1950-talet. Ved jordskiftet i 1968 vart dette bruket flytta til Lovik, og fekk dermed utvida arealet som kunne nyttast til campingplass. I dag er det mange som har campingvognane sine ståande fast heile året på denne plassen.

På nordsida av elva er det avkøyrsle til gardsvegen til Halsteinbruket. I staden for å gå heile vegen rundt Lovik kan ein gå til Lotunet via denne vegen (Veslerunden). Vidare går fylkesvegen langs med teigen til Trulsbruket og teigen til Magnebruket. Her har det skjedd omfattadne planering og etter jorddkiftet i 1968.

Ny gang- og sykkelveg over Loelva.2004.
Utsikt langs fylkesveg 60 mot Lovik.
Lovik camping. oversikt ca 1970.
Resepsjonen til Lovik Camping.
Utsikt mot Lovik camping sine campinghytter.
Krodelen og resepsjonen til Loen Hotel
Øyrabakken 2007. Planert.
Utsikt mot Lotunet.

Butikken i bygda er ei vidareføring av "Drageset-butikken" med over 100 års handelstradisjon i Loen. Den gamle butikken hadde fornt mot det som i dag er fykesvegen mot Lodalen. Sjå gamalt postkort som viser området før utfyllinga. I 2011 fekk butikken nytt inngangsparti

Hotel Loenfjord er bygd på utfylt grunn i det gamle elvelaupet. På baksida av hotellet langs Loelva er det flott utsikt innover med fellet Skåla som bakgrunn, og utover mot fjorden. Det er også fin utsikt mot Hotel Alexandra og bustadfeltet i Heggelia ovanfor og mot Loen skule/barnehage på utfylt grunn på andre sida av elva.

I parken sør for Hotel Alexandra er det fin oversiktover fasaden mot sør. Bak hotellet er det no i ferd med å bli opparbeidd klatrerute til fjellet Hoven. Hotellet sin hovedinngagen ligg no mot aust og denne vart flytta frå sørsida ved ombygginga i 1980.Jubileumsboka for hotellet i 1984 gjer greie for alle utbyggingstrinn fram til 1980

Butikken i Loen med buss-stopp.
Utviding av fasaden av Butikken.
Loelva og hotell Loenfjord med Skåla i bakgrunnen.
Nærbilde av Hotell Loenfjord.
Utsikt mot Hotel Alexandra og Heggelia.
Utsikt mot Loen skule m.v. på andr sida av elva.
Småbåthamna til Hotel Alexandra.
Utsikt frå småbåthamna mot hotell Loenfjord.
Tilbygget til Alexandra med Spaanlegg og utebaseng.
Alexandra sett frå parken sør for hotellet.
Hotel Alexandra- inngangen.

Frå hotellet går storerudnen langs vegen til Lodalen, men tar av ved avkøyrsla mot Lotunet og Loen kyrkje. Dermed er rundturen fullførd. På denne strekninga gåre ein forbi Markusbruket, opp Hogabakken og forbi staden der Tindebuda låg.

Markusbruket vart flytta ut frå det gamle tunet ved utskiftninga i 1898 og har no husa like innanfor Hotel Alexandra. Det var familien på Markusbruket som i si tid etablerte hotel Alexandra. Denne familien hadde også poståpneri, butikk, og bensinstasjon. På gardsbruket vert det no drive med dyrking av frukt, bær og grønsaker. Postkontoret låg lenge i privatbustaden til ein av etterkomarane frå Markusbruket. Postkontret vart seinaere flytta til same lokalet som nærbutkken, men er no lagt ned.

Tindebuda låg på sørsida av vegen på toppen av Hogabakken. Den er no riven og flytta til Holmetunet på Opheim. I vegkanten ovanfor tindebuda stod det en stein som det er knytt ei segn til. Segna er med i boka som Anders frå Antunsbruket gav ut. Denne steinen står framleis.

Husa på Marksusbruket.
Vegen tilbake til hotel Alexandra.
Historisk. Vegen frå hotellet til Lotune.
Historisk, Mot Hogabakken.
Tindebudsteinen og Lotuent.
Tindebudsteinen og Erkebruket.
Historisk. Hogabakken, Tindebuda og Lotuent.
Bildefrå bygdeboka: Tindebuda og Klovsteinen>

Loen kyrkje er siste stoppen på rundturen. Loen kyrkje feira 150-års jubileum i 1988 (1838 - 1988). Det vart då laga eit jubileumsskrift om kyrkje (er ikkje lagt ut digtialt enno). I fylkesarivet sitt kulturhistoriske leksikon er det artikklar om kyrkja, steinkrossen fraomfor kyrkja og minnesmerke om ulukkene, m.a. om to steinar som er reist framamafor kyrkja med namna til alle som omkom i ulukkene. Kyrkejgarden er no utvida mot aust med 113 nye gravplassar . Dette arbeidet vart fullført i 2011. Det har samtidig blitt opparbeidd parkeringsplass sør for kyrkejgarden. Ved utviding av kyrkjegarden vart det funne gravminne (merke etter langhus).

Like ovanfor kyrkja ligg Loen pensjonat. Pensjonaltet tilhøyrer bruk nr 16 i Loen. Dette bruket har også ein campingplass i Lovik ved sida av Lovik camping

Lokyrkja med steinkrossen.
Minnesteinane om Lodalsulukkene.
Arkeologisk utgraving - kyrkjegarden.
Arkeologisk utgraving- parkeringsplassen.
Utsikt frå kyrkja og ut over fjorden.
Loen pensjonat
Vegen frå kyrkja tibake til Hotellet.

Til start turomtale - Storerunden
Gå til presentasjon via kart/flybilde - Storerunden

Dokument-start
Meny fottur (w3)

3. Tur: Lofjellet, frå Opheim til Loen

3.1. Om Lofjellet

Lofjellet reiser seg sturbratt nord for garden Loen. Frå garden ser ein berre opp til ca 800 -1000 meter, og på det høgste punktet som er synleg frå garden er det bygd ein varde. Fjellet bakanfor er ikkje synleg frå Lotunet. Toppen av Lofjellet ligg bakanfor varden og er på ca ….

Bildegalleri. Lofjellet sett frå bygda.

I aust endar Lofjellet i Grimedalen som er eit lite dalsøkk mellom Lofjellet og fjella austanfor. Her ligg Lohøgesetra på 690 meter over havet. Rundt setra, oppover Grimedalen, utover Lofjellet og innomver mot Aksla er det gode beiteområde. På 1800 talet hadde bruk a på Logarden slåtteteigar rundt og nedanfor Høgesetra, og dei hadde kyrne på beite her etter olsok. I dag vert området nytta til sauebeite.

Elva frå Grimedalen endar i eit djupt gjøl og renn ut i Hagedalen i grensa mellom gardane Loen og Tjugen. Setrevegen frå Loen til Høgesetra går langs jølkanten. Frå Sæten er det fint utsyn mot toppen av Lofjellet med Høgesetra.

Rett bakanfor hotell Alexandra ligg Tungegjølet. Elva og utlaupet frå dette gjølet vert kalla Gjølmunna. På vestsida av Tungegjølet er det eit flott utsyn frå Hoven. Frå Tungegjølet hellar Lofjellet nedover mot Opheim. I området mellom Lofjellet og Raksfjellet har gardane Rake og Opheim setrar. Desse setrane har felles setreveg frå Opheim til Rakssetra som ligg på 540 m.o.h. Derifrå går setrevegen vidare til Opheimssetra på 640 m.o.h.

3.2. Om turen over Lofjellett

Turen føl setrevegane ved opp- og nedstigning, og ein tursti over fjellet. Ein kan gå turen i begge retningar, men i denne omtalen er turen lagt frå Opheim til Loen. Ein får då biltransporten til Oppheim på oppturen i staden for å bli henta med bil på Opheim på nedturen (det er for langt å gå langs bilveg frå Opheim til Loen i samband med fotturen over fjellet).

På Opheim er det flott utsyn mot Olden, Loen og ut fjorden. Sjølv om ein ikkje ønskjer å ta fotturen, kan ein biltur opp til Opheim vere ei oppleving i seg sjølv. Den beste utsiketne finn med det same ein kjem opp på høgda. Før ein startar fotturen køyrer ein heilt til enden av vegen mot utmarka på Opheim. Der er det parkerinsplass/snuplass. Fotturen til Rakssetra tek ca ½ time og til Opheimssetra ytterlegare ½ time.


Bildegalleri. Opheim.

Bildegalleri. Rakssetra.

Bildegalleri. Opheimssetra.

Frå Opheimssetra går det tursti rett opp. Før ein kjem opp på høgda deler stien seg. Til venstre (vest) går stien til Raksfjellet og Årheimsfjellet med utsyn over Stryn sentrum. Til høgre (aust) går stien innover Lofjellet. Stien over Lofjellet går på strynesida av høgdedraget inn til Tungegjølet, og passerar i bakkant av dette. Stien går deretter framover mot Loen langs kanten av Tungegjølet og ned til Varden. Frå Varden er det utsyn over Loen og Lodalen. Frå varden går stien innover mot Grimedalen og deretter rett ned til Høgesetra


Bildegalleri. Varden.

Bildegalleri. Lohøgesetra.

Setrevegen frå Høgesetra til Loen er bratt, men med utforbakke går dette unna på ½ til 1 time. Nedstigninga endar på Kvilebakken. Derifrå er det slakare utfor ned til grensa mot innmarka på garden Loen. Turen går gjennom tunet på Knutebruket og føl gardsvegen ned til fylkesvegen frå Loen til Lodalen. Ein kjem ned på denne vegen like ved Lofossen. Frå Lofossen er strekninga til Lotunet og til hotella ved fjorden så kort at denne kan inngå i fotturen (under 1 km) sjølv om det er langs bilveg.

Før ein går ned til bygda frå Kvilebakken kan ein ta ein kort avstikkar til Saubrua (100 meter) og sjå gjølet og elva.

Til start turomtale - Lofjellet
Gå til presentasjon via kart/flybilde - Lofjellet

Dokument-start
Meny fottur (w3)

4. Tur til Skålatårnet på toppen av Skåla

Presentasjonen av tur til skåla er under arbeid. Det som er lagt inn nå er berre midlertidig, basert på bilde frå tur til skåla 1968 og 1978, diverse turar til Tjugen sæter og til Skålavatnet, og bilde som finns på andre nettstadar på internett, m.a. bildearkviet til Svein Lunde

Det er planen å få tatt bilde frå tur sommaren 2007, og då vil alt bli omarbiedd.

4.1. Om Skåla

Skåla ligg aust for garden Loen og er det høgste av fjella som omkransar bygda. Skålefjellet fungerar på ein måte som kulisse bak Loen sett frå fjorden. Dette er eit motiv som går igjen på mange postkort, måleri, og private foto.

På toppen av Skåla ligg Skålatårnet med overnattingsplass til 22 personar. Dette tårnet vart bygt i 1891 etter initiativ av doktor Kloumann. Toppen med Skålatårnet er ikkje synleg frå sjølve Loen-bygda, men er synleg frå Rake og gardane lenger ute langs fjorden.

Turen til Skålatårnet på toppen av Skåla er den mest kjende og mest nytta fjellturen i Loen. Turen startar på ca 30 m. over havet på Tjugen og endar på 1848 m. over havet. Det vert no kvart år arrangert motbakkeløp "Skåla rett opp". . For vanlege turfolk tek turen 4 - 6 timar opp og 2 timar ned.

For folk i Loen har Skåla alltid hatt ei spesiell betydning. I Losongen ståpr det: "Ser du Skåla i solarglans , som i mot himmelen leikar", og i diktet Mitt fjell. " er det Skåla Olav A Loen tenkjer på.

4.1. Om turen

Start på Tjugen
Fotturen til Skåla startar på Tjugen. Når ein kjem frå Loen, køyrer ein forbi Tjugen camping, og forbi gardsvegen til gardstuna på Tjugen. Deretter kjem ein til parkeringplassen som ligg mellom fylkesvegen og elva. Her er det plass til ca 50 bilar. I enden av parkeringsplassen er det ei informasjonstavle med mellom anna 3D bilde av fjella i Loen med innteika turstiar.

Frå parkeringsplassen går turen oppover langs veg over innmakra. Deretter kan ein velgje traktorveg i ei sløyfe mot motvest, for deretter å kome inn på stien, eller ein kan følgje stien rett opp heile vegen.

Parkeringsplassen , Vegen mot Skåla ,

Tjugenfossen
Frå enden av traktorvegen føl ein stien vidare oppover. Før ein kjem opp på høgda har ein Tjugenfossen på høgre sida. Tjugenfossen lever eit meir anonymt liv enn den fortenar. Frå bygda ser ein berre toppen av fossen, og frå stien er den ikkje synleg. Fossen er eigentleg ganske imponerande og hadde vore ein atraksjon om den låg ved alfarveg. For å sjå fossen treng ein berre å gå litt til høgre for stien like etter at ein er ferdig med traktorvegen på tur oppover. Vær forsiktig for plutseleg står du på kanten av stupet

Tjugenfossen 1968 ,

Tjugen sæter
Tjugen sæter ligg på toppen av den bratte opptigninga. Vegen til Skål går på nordvest-sida av elve medan Tjugen sæter ligg på den andre sida med bru over elva. Frå gamalt har brua blitt teken bort om hausten og lagt ut på nytt om våren på grunn av faren for snøras. Sætra ligg på 425 meter over havet. Frå sætra er det flott utsikt mot gardane Tjugen og Loen og ut over fjorden. Sætra høyer til gardane Tjugen og Haugen, men også Sande har hatt beiterett der. Sela har blitt haldne ved like.Sjølv om Tjugen sæter er ein liten avstikkar frå stien til Skåla, er sætra verd ei vitjing.

Utsyn frå Tjugen sæter ,

Sjingla
Frå Tjugen sæter går ein tilbake over brua og føl stien langs nordvestsida av elva til bua ved Sjingla. Her er det passe stigning og lett å gå. Under vegs passerar ein staden der elva frå Skåla renn inn i Fosdøla. og tar bilde av dette.

Frå gamalt vart brua fjerna om hausten på grunn av faren for snøras, og lagt ut på nytt om våren (er kanskje ei fast bru no?) Sjingla (Sjinglesteinen) ligg på andre sida av elva på toppen av ein bakke. Der er tradisjonelt ein kvileplass på vegen til Skåla. Der er det ein liten bekk som renn forbi og ein fin stein å sitje på.

Brua over Fosdøla ved Sjingla,

Skålavatnet
Frå Sjingla går det fin og lett sti oppover til Skålevatnet, men litt brattare på slutten. Det er stort sett grussti heile vegen. Stien går først i ei sløyfe mot nordaust, og deretter mot sør-søraust. Sjingla og sløyfa mot nord har ikkje utsyn mot Loen, men på mesteparten av strekninga opp til Skålavatnet er det fin utsikt mot Loen.

Skålavatnet ligg mellom Storeskåla og Vesleskåla. Vatnet er islagt til langt ut på våren, men på sommarstid er det åpent og det er ein idyllisk stad. For dei som ikke orkar å gå helit opp på Skåla, kan det vere ein fin tur å gå opp til Skålavatnet og ta ein matpause der før ein snur og går tilbake. Frå vatnet ser ein ikkje ned til Loen på grunn av Vesleskåla som stengjer for utsikten.

Idyll ved Skålavatnet,

Skålatårnet
Frå Skålavatent går stien først opp i skaret mot søraust. Deretter mot nord langs kanten av bratthenget mot Loen og så mot aust opp til toppen og Skålatårnet, I perioden mellom 1905 og 1913 vart det bygt veg til Skålatårnet, og frå Skålavatnet går stien over brear og med trappetrinn i ura mellom breane. Den gongen var breeane større enn i dag og derfor går stien gjennom ur utan trappetrinn enkelte stadar.

Skålatårnet ligg på 1848 meter over havet. Det er bygt i stein i to høgder med soveplass til 22 personar i 2. høgda. Tårnet vart bygt i 1891 med doktor Kloumann som initiativtakar. Historia om tårnet (Skåatårnet eller Kloumanntånet) er publisert i eit eige jubileumsskrift ved 100-års jubileet.

Skålatårent sett frå lufta,

Til start turomtale - Skåla
Gå til presentasjon via kart/flybilde - skåla