Nordfjord - Loen sokn - Nesdal Ytre - AbrahamsbruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Abrahamsbruket

Lodalen 1900 - 1940 Bruk 79/3 Abrahamsbruket

Heile tunet på bruket vart sopa bort i ulukka i 1905. Bruket vart bygt opp på nytt lenger opp på ei tomt som låg inne på området for det gamle Nesdal Indre. Seinare vart det bygt nytt våningshus på bruket sin eigen teig i Nesdal Ytre lenger nede. Husa på dette bruket vart heller ikkje rørde i ulukka i 1936, men båra gjekk heilt opp til det nye huset. Det nye huset med tomt har seinare blitt skilt frå bruket (nr 7) og selt. Det har blitt halde ved like og blir brukt som feriebustad. Det gamle våningshuset og låven på bruket er revne, og på den gamle tomta er det no bygt ein feriebustad.

Abrahamsbruket hadde den delen av det gamle tunet som låg lengst mot aust. Dette tunet var delvis bygt inn på området for Nesdal Indre. På kartet er teigane frå jordskiftet i 1877 for dette bruket merka med A.

Ved ulukka i 1905 var det to generasjonar på bruket. Den gamle brukaren Jacob Abrahamsen var då 54 år og kona hans Mari Andersdtr frå Indre Nesdal var 64 år. Det var sonen Abraham Jakobsen som hadde skøyte på bruket. Han var 30 år og var gift med Anne Larsdtr Åning. Ho var 41 år. Dei hadde 4 born: Johan Andreas Elias (f. 1895), Lars (f. 1896), Martin (f. 1899) og Dagfinn (fødd etter avslutning av kirkeboka). Alle i familien som er nemnde ovanfor omkom i ulukka.

Etter ulukka overtok Sakarias Rasmussen Mettenes og Martha Gjertine Jakobsdtr f. 1867 bruket. Ho var søstera til eigaren av bruket, og bruket gjekk dermed ikkje ut av slekta. Dei bygde opp att bruket og dreiv det fram til den nye ulukka i 1936. Husa vart ikkje øydelagde då, men båra gjekk heilt inn til det nye våningshuset. Dei flytta frå dalen og bygde seg ny heim i Loen. (Viklund, bruk nr 70/40).