Nesdal Ytre
Bygdeskildring. Gardane Ytre og Indre Nesdal
| Flybildekart med oversikt over Gardane Indre og Ytre Nesdal. Kjelde: Finn.no |
Felles for Nesdalgardane
Nesdal-gardane ligg på sørsida av Lovatent ved utlaupet av elva frå Kvanndalen. Kvanndalen og halve Kjenndalen (arealet på sørsida av kjenndalselva) høyrer til Nesdal. Kjenndalen er omtala under Bødal.
Nesdal er delt på 2 gardar, Nesdal Indre (gnr 78)og Nesdal Ytre (gnr 79). Kvar av gardane har 3 bruk. I tillegg er det eit tidlegare bygselbruk som er registrert som bruk nr 4 på Nesdal Indre.
Nesdal grensar i aust og sør mot fjell og bre. I Kjenndalen grensar Indre Nesdal mot Bødal som eig på nordsida av elva. Begge Nesdalgardane har teigar også på nordsida av elva i Kjenndalen, men mesteparten på nordsida høyrer til Bødal. I vest grensar Ytre Nesdal mot Raudi sin teig på sørsida av Lovatnet.
Kvanndalen som går opp frå Nesdal høyrer til Nesdal. Der ligg det sætrar (sjå Sivert Nesdal sine erindringar om berging av høy og sæterliv).
Det er ikje noko naturleg skilje mellom innmarka til dei 2 Nesdalgardane. Grensa er ei bein line som går frå utlaupet av gjølet i Kvanndalen til det ytterste neset av Nesdal-deltaet. På denne måten vert flatene i Nesdal delt relativt likt på dei to gardane.
I dag (2000) er det ingen som bur fast i Nesdal, men dei husa som står igjen er sommarstad for eigarane, og arealet vert nytta til sauebeite. Mesteparten av det som i dag er klassifisert som jorbruksareal høyrer til Nesdal Indre.
| Kartoversikt over gardane Indre og Ytre Nesdalavgrensa med eigedomsgrenser. Kjelde: Finn.no |
|