Nesdal Ytre
Bygdeskildring. Gardane Ytre og Indre Nesdal
Nesdal Indre
Til Nesdal Indre høyrer den delen av innmarka i Nesdal som vender oppover mot Kjenndalen. Tuna ligg vestanfor begge elvelaupa til storelva. Garden har utmarka si i Kjenndalen og aust for innmarka mot nordsida av Kvanndalen. Ved rasuslukka i 1905 vart Indre Nesdal spart. Årsaka til dette er omtale i kapittelt om rasulukka i Bygdeboka (sjå der). Båra slo då heilt opp til husa på bruk nr 2. Husa på dette bruket vart seinare flytta lenger opp. Det var jordskifte for Indre Nesdal i 1905, og på dette kartet ser ein plaseringa av husa.Ved rasulukka i 1936 var det Indre Nesdal det gjekk verst ut over. Husa på bruk nr 1 og 3 vart då tekne, medan husa på bruk nr 2 vart ståande.
Indre Nesdal har i dag gardsnr 78 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 48 i Olden skipreide og hadde då 49 som gammalt matrikkelnr.
|