Nesdal Ytre
Bygdeskildring. Gardane Ytre og Indre Nesdal
Nesdal Ytre
Til Nesdal Ytre høyrer den delen av innmarka som vedner nedover mot Loenvatnet. Tunet for gardane i Nesdal Ytre skal ha blitt flytta, og i Bygdeboka er det oppgitt at dette må ha vore omkring 1656. Det var jordskifte i 1878 og då var tunet plassert heilt ytterst på neset mot vantet og like ved grensa mot Nesdal Indre. Ved jordskiftet vart det delt slik at kvart av bruka fekk grunnen under egne hus slik at ingen trong å flytte ut av tunet. Dette var situasjonen før rasulukka i 1905. Nesdal Ytre har mesteparten av utmarka si i Utigardsberget sør for garden, i Ravnefjellet og på sørsida av Kvanndalen.
Ved rasulukkea i 1905 vart husa i Nesdal Ytre tekne av båra. Husa på garden vart bygde opp igjen lenger oppe, og inn mot grensa til Nesdal Indre. Dei nye tuna vart ikkje tekne ved rasulukka i 1936, og husa står framleis.
Nesdal Ytre har i dag gardsnr 79 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 fekk garden matrikklenr 47 i Olden skipreide og hadde då 50 som gammalt matrikkelnr.
|