Nordfjord - Loen sokn - Rake - FramigardsbruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Framigardsbruket

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 4.1 . Framigardsbruket

Slektskapet med Sjurebruket

Framigardsbruket på Rake har gardsnr. 82 bruksnr. 5 i Stryn kommune. Rake er ein svært gamal gard. I stranda mellom Rake og Solvik er der gravrøyser som truleg er frå bronsealderen (Bygdeboka Innvik-Stryn, bind 1 1973, side 659), og der er funne ei grav frå vikingtida. Rake er nemnd i Bjørgvinnar Kalvskinn og Munkelivsboka frå det 13. og 14. hundreåret. I 1602 og 1721 er Framigardsbruket nemnt. Det er i 1721 at Lars Arentson Fosnes kjem som ny brukar og får skøyte. Skøyte på heile bruket får han i 1724, og ein halv laup som Arne Bøe hadde gjeve til fattige spilte, fekk han skøyte på i 1726 for 30 rdl. Frå han kjem den slekta som no er brukarar, og det har sidan skift mykje med Lars og Arent.

Arent Arentson Rake (1826 - 1898).

Med giftarmålet mellom Arent og Malene Olsdotter Loen(1823 - 1890) vart det slektsamband mellom Framigardsslekta og Sjureslekta. Det vart gjort søskenbyte slik som det ofte var i den tida. Malene vart gift med Arent Framigard og søstera hans, Olina, vart gift med Sjur-Anders. I den tid såg dei mykje etter medel og vørnad, og det var vel foreldra som har funne ut at det var høveleg med eit slikt giftarmål. Det var jamt vørdelege folk på begge sider, og på den måten kunne dei halde på medelen innanfor slekta.

Om Arent vert det fortalt at han var ein mykje nytta kvaksalvar, og han var flink å stelle med sår. Det fortelst og at han kunne stemme blod, og hadde Svarteboka. Det er ingen no som veit kvar den har vorte av. Det har vorte nemnt at ho kan ha kome bort då dei hadde nervefeber, for då dei gjorde reint, var det mykje som vart oppbrent. Arent var og mykje nytta som kjømeistar, og han hadde eit svært sterkt songmål. Det var alltid han som vart nytta som forsongar i gravøl. Rake hadde gravstaden sin ved Oldekyrkja i den tid, og dei rodde alltid når dei for til kyrkje, og det ikkje var is på fjorden. Dei brukte det slik at når båtane med likfølgjet kom fram til Skarstein landet stogga dei å ro, og då song dei ein salme. Petter Solvik som då budde på Brynestad, har fortalt at han høyrde songen opp til Brynestad, og han høyrde kor Arent song over dei andre. Far til Arent døde 43 år gamal i 1825, og året etter fekk Arent skøyte på bruket. Han var berre eit barn, og brukar vart han ikkje før kring 1850. Om Malene er det ikkje noko sers som er fortalt, men ho fekk ein stor barneflokk, så ho fekk sikkert nok å gjere med å halde alt i stand ute og inne. Vi veit at det var mykje arbeid både i stova og i fjøsen den tid som fall på kvinnene. Dei måtte og vere med ute og hjelpe til på åker og eng. Somme tider fall og setergonga på kona i huset. Når vi så tenkjer på kor mange born dei fekk, så sa det seg sjølv at fristundene vart sjeldne. Det seiest at dei i alt hadde 12 born, men vi veit berre om 9 som levde opp. Det var : Lars, Arent, Brite, Jannikke, Oline, Anna, Rakel, Andrine og Malene.

Om desse borna veit vi at Lars tok over garden, og slekta hans heldt fram der. Brita vart gift med Karolus Marså. Av dei andre søskena var det berre Andrine som vart verande heime. Ho fekk ein gut som heitte Johannes. Han voks opp i Framigard, og då han var 10 år, for han til Amerika. Andrine var ei svært ven kvinne, men ho fekk ein ulukkeleg lagnad, og ho døydde ung. Dei andre søskena for alle til Amerika då dei vart vaksne.