Nordfjord - Loen sokn - Rake - FramigardsbruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Framigardsbruket

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 4.1 . Framigardsbruket

Lisabet Larsdtr. Rake (1883 - 1967)

Broren Arent døde 21 år gamal, og søstrene Malene og Rakel var farne til Amerika. Det var derfor Lisabet som fekk skøyte på garden i 1905. Ho vart gift med Elias Olson (1873 - 1937) som var frå Kolbeinsbruket (nr 1) på Rake. Han hadde ei tid vore i Amerika. Då han kom heim, gifte han seg og tok over Framigardsgarden. Rake ligg fint til mot syd og har sol heile året. Det hadde i lang tid vore dyrka både epler og pærer, men no vart dei kjende med nye og betre sortar både av epler og pærer og plommer, og det vart planta nokre nye tre. Men den store fruktdyrkinga på Rake kom først i neste generasjon.

Det var ein stor huslyd på garden, og dei hadde kårfolk i det meste av si styringstid som skulle ha sitt. Dei måtte ofte ty til sjøen for å skaffe det daglege brød. Dei hadde små kastenøter, som dei ofte var to mann om. Med den kasta dei etter skræfisk, det er småfisk som smelte (kviting), hyse og flondre. Om våren kasta dei etter ørret. Dei hadde og ei storenot som heile grenda var i hop om, og om hausten og førejulsvinteren var dei ute med den for å kasta etter brisling eller notasild. Dette vart ofte slitsamt når ein attåt hadde alt stellet på garden. I den tid var det endå gjort med mykje handemakt. Det var ein stor barneflokk. To gonger var det tvillingar og i alt var det 11 born: Pernille, Malene (tvilling med Pernille), Arent, Lars, Olina, Ola, Anna, Ester, Gudrun, Anton og Einar. Dei to siste var og tvillingar. Då Arent døde ung, var det Lars som tok over Framigardsbruket.