Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 2. Slekta sler rot (frå 1723)

Ola Rasmussen (brukar 1756)

Sonen Ola Rasmusson vart brukar i 1756. Han vart gift med Sigrid Rasmusdotter Loen frå Monsbruket. Det ser ut til at dei tok til med ei sterkare drift på gardane, såleis la dei større vinn på åkerbruket. Det var også tidleg dei hadde teke til med fruktdyrking i Loen. Det fortelst såleis om Lars Larsson Oppheim, som vart brukar på Arnebruket i 1742, at han åtte ein fin eplehage som var verd 1 rdl. Dette var kanskje den beste eplehagen i Loen, men han var sikkert ikkje den einaste. Dei hadde også humlegard, der dei dyrka humle til bryggjinga, slik at dei var sjølhjelpte. Dei utvida og kornåkrane, for korndyrkinga var svert årviss både for bygg (hommel) og havre. Dei dyrka så mykje korn at dei også hadde korn dei kunne selje. I 1738 gjorde brukarane i Loen semje om åkrane. Ny sak vart det om det same i 1751. Retten var då samla i Loen frå 1. til 6. oktober. I Bygdeboka (side 583-584) finn vi namna på dei åkrane som då var i bruk. Mange av desse namna kjenner vi den dag i dag. Den største åkeren var Teigane. Den låg aust over frå tunet og inn mot Åkredalen, den var kring 40 d.ar. Der hadde dei kvar sin teig alle 14 brukarane. I alt var det over 30 teigar dei dyrka korn på.

I Ola si tid var det og at dei vart sjøleigarar på bruket. Godseigar Henrik Pedersen Finde som budde i Hellevik Ytre Holmedal selde i 1767 eigedomen sin i Loen for 90 rdl. for kvart bruk. Det var desse bruka som då vart sjøleigarar, nr. 3 Magnebruket, nr. 4 Antunsbruket, nr. 6 Sjurebruket, nr. 7 Monsbruket, nr. 8 Framigardbruket, nr. 10 Knutebruket, nr. 14 Arnebruket og nr. 15 Halsteinbruket.

Det var nok ein stor dag for han Ola og kona då dei hadde fått papir med kongens stempel på at dei no var sjøleigarar på det bruket dei hadde levt på og streva med i fleire ættledar. Det hadde ofte vore hardt å magte å betale leiglendingeskatten at åt dei andre tiender og skattar til prest og fut. Diverre fekk ikkje Ola lenge nyte godt av å vere eigar av eigen gard. Alt året etter i 1768 døde han berre 44 år gamal.

Enkja sat att med borna og strevet på garden. Men det var med henne som med dei fleste enkjer som sat att med gardsbruk, at der strakst melde seg mange friarar. Alt i 1771 er Sigrid gift med Ola Jokumson Flo, og han fekk skøyte på bruket. Sonen frå første ekteskap, Rasmus, var då berre 12 år gamal, og såleis berre eit barn.