Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 2. Slekta sler rot (frå 1723)

Rasmus Olsen (brukar 1779)

Malene Jonsdotter var berre 20 år gamal då ho fløtte til Loen og vart gift med Rasmus Olsen som og var på same alder i 1779. Dei var såleis svert unge då dei laut ta over alt arbeidet og ansvaret for Sjurebruket. Mor til Rasmus, Sigrid, var då alt død i 1775, og Jokum, stykkfaren, veit vi fløtte frå garden. Så det vart nok å gjere då dei tok over styringa.

I den tid Rasmus var brukar vart det gjort semje mellom bøndene i Loen om korleis dei skulle bruke sætrehamnen og sætra. Dette gjeld Høgesætra. Der var fleire gode sletter der både på sætervollen, i Hamnen, i Lida og ein del inne på Sjureneset. No galt det å berge denne slåtten frå fefot til dei hadde slege det og fått det inn i løer som dei hadde oppsette til det bruk. Der hadde dei høyet til dei drog det heim om vinteren på snøføre. Dei drog det då heim på høyslodar som det var kalla. Dei hogg først bjørkegreiner som dei la under, og lå så høyet på det, og batt det saman med tog. Som oftast fekk dei med seg unge sterke gutar på dugnad når dei tok heim høyet om vinteren.

For å berge denne slåtten frå krøtera, hadde dei ei sæter eller støyl på sørsida av dalen, den var kalle Lostøylen. Der skulle krøtera gå til dei var ferdige med slåtten på Høgesætra. Då hadde dei krøtera dit, truleg kring olsok, 29. juli. Der hadde dei vådegard for at krøtera ikkje skulle gå seg utføre og i Gjølet. Og dei måtte ha gjætarar til å passe på buskapen. Denne gjætinga var like mykje for å halde dei borte frå der som det var fårleg som for å passe dei frå udyr. Det fortelst at det var desse gjætargutane eller "tular" som dei vart kalla, som har bygt opp den varden som vi ser på fjellet når vi ser opp frå Lotunet.

Palmesøndag 1796 var det ei sørjeleg hending som skaka opp folket både i Loen og i Olden. Det var 8 mann som skulle ro i ein fering frå Loen til Olden. Det seiest at det var i pent ver, men ut ved Tyvaneset kvelvde båten og alle dei 8 sette livet til, og dei fann heller ikkje igjen nokon av dei. Der var ingen frå Logarden, dei fleste var frå Oldedalen, desuten var ein frå Oldeøyra og ein frå Nesdal. Segna fortel ikkje noko om kva ærend dei hadde, og korleis ulukka bar til. Men dette var sambygdingar og slekt og vener, så vi skjønar det vart eit sårt minne i lange tider.