Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 5. Omskifte i jordbruk og levevis (før 1900)

Nye driftsmaåtar for eng og beite

Etter utskiftninga var det høve til å kome med nye driftsmåtar på gardane, og dei første slåmaskinene kom til bygda. Ola Olson på Antunsbruket fekk den første slåmaskina som kom til Loen. Han hadde ei kort tid vore i Amerika. Etter at han var komen heim og hadde teke over bruket, kjøpte han slåmaskin i 1901. Sidan kom dei andre gardane med litt etter kvart. No kjøpte dei og ein stor vollplog for to hestar, som dei var saman om heile garden. Det vart større fart i nydyrkinga, og dei pløgde opp mosegrodde engstykke. Dei gjekk no over til skiftebruk, og kjøpte inn grasfrø, og fekk auka formengda med mykje større avlingar på kvart mål jord.

Denne nydyrkinga gjorde at fellesbeite på heimebøen vår og haust vart dårleg likt av mange, og somme tok og sette gjerde kring attlegdene sine så dei ikkje kunne beitast. Kring 1914 vart det sett opp gjerde mellom eigedomane, og folk fekk beite kvar på sine eigedomar. Men i Lovik der kvart bruk hadde to slåtteteigar heldt fellesbeite vår og haust fram som før. Dei fleste løyste ut omlag samstundes om våren, og gardfuten avgjorde når beite skulle slutte, og ein skulle ha krøtera i utmarka. Det var og han som avgjorde kva dag ein skulle få sleppe krøtera på Lovik om hausten. I den tida krøtera gjekk i Lovik og i heimeutmarka før dei fløtte på støylen, vart dei om natta bundne inn i sommarfjøsane. Dei stod i eit eige fjøstun ved brua på nordre sida. 13 bruk hadde fjøsane der, berre Knutebruket hadde fjøsen sin på sørsida attmed Knutekvia om lag der husa på Brustad står.

I den tida kyrne fekk beite i Lovik, måtte ein gjæte for elva så dei ikkje kom over elva og gjorde skade på heimebøen, det galdt både haust og vår. Dette var ein gamal skipnad på garden. Det var to som gjette kvar dag, og det gjekk etter ei fast rute frå øvste tunet og ned over slik som dei budde før utskiftninga i 1898. Desse var det som gjætte saman: Lønda og Knute, Mons og Innigard, Isake og Framigard, Erke og Markus, Antuns og Halstein, Arne og Magne og Sjure og Truls. Dette heldt ein fram med like til skogutskiftninga i 1928, då Lovik og var med i utskiftninga, og det vart innlagt ny innmark av utmarka, som vart delt saman med Lovik. Dei 14 brukarane fekk då kvar sin teig der, og dei gjerde inn kvar sine stykke, og sambeite vart slutt og med det også gjætinga for elva. Denne gjætinga var svert tidkrævande, men nødvendig når ein ikkje hadde gjerde som hegna, og det var vanskeleg å setje opp langs elva på grunn av laksefiske. Der dei hadde born i høveleg alder var det dei som måtte gjæte, men dei måtte og i veg vaksefolk der dei ikkje hadde noko anna.

I 1890 åra slutta dei å nytte Høgesætra til beite, og kring 1900 var det slutt på all slåtten der. Med dette skifte gjekk kravet til arbeidshjelp ned, og dei gjekk meir og meir over til å kjøpe det dei trengde, og å selje produkt frå gardane. Både mjølk- og kjøtproduksjonen tok seg svert opp.