Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 5. Omskifte i jordbruk og levevis (før 1900)

Skogsarbeidet og byføring

I Sjure hadde flokken minka då dei elste borna hadde fare ut, og foreldra hans Ola var døde. Dei to yngste gutane var enno heime. Den yngste, Lars, døde då han var konfirmert, den andre, Andreas, gav seg til heime for det første. Ein vinter var han i snikkarlære på Loøyra. Elles var han med i skogen og i slåtten og det arbeidet som kravdest på garden. Han Ola var enno i si fulle arbeidsform. Og no dei var to vaksne karar ville han gjerne få stor byføring med famneved og band.

Den vinteren smia han Ola ein bunt ( 40 bandehalver) om morgonen før han gjekk på skogen, og to buntar om kvelden etter at han kom heim. Det var den største byføringa han hadde hatt, men han kjende at han var godt sliten då våren kom, og han sa det sidan at det var for hardt for helsa, så han ville ikkje prøve det opp igjen.

Han Ola var glad i skogen. Når han gjekk der i arbeid, var det som trea var gode kjenningar. Han måtte stogge opp og sjå kor dei hadde vakse, og femne ikring dei og kjenne kor dei fylte meir i famnen for kvar gong. Alltid hadde han noko å fortelje om dei. Om ei bjørk, kunne han seie: "Det er svert som den har vakse, det er ikkje lenge sidan eg hadde tenkt å hogge henne til vagjer (det er eit køyrereidskap dei bruka i tømmerskogen) for der var ein så høveleg bøyg på henne. Men sjå no er det berre så vidt eg kan femne ikring henne." Han måtte bort til henne og legge hendene ikring for å vise det fram.

Ein annan stad var det ei ungeik som vaks så godt i skogen hans. Ho var berre ein renning det første han hugsa, men no var ho så stor at det kunne verte bord av henne, og no hadde det ronne opp fleire eiker i den same teigen. Slik var det alltid i skogen, nye ting å prate om og sjå på for kvar ein dag. Der stod og leivningane etter ei kjerpeeik, han fortalde at ho i si velmakt melte sju farner, og det med vottane på. Men ho var innhola og no hadde halvdelen falle ned, så no var det smått stell med det gamle kjempetreet. Ho stod i Trulsteigen i Svorabakken.

Slik var og arbeidet heime for han. Han fekk mykkje å gere i si tid, men arbeidet var som ein god kjenning som han helste med glede for kvar dag som kom.