Nordfjord - Loen sokn - Nesdal Ytre - PerbruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Perbruket

Lodalen 1900 - 1940 Bruk 79/1 Perbruket

Heile tunet på bruket vart sopa bort i ulukka i 1905. Bruket vart bygt opp på nytt lenger opp, og husa vart ikkje rørde i ulukka i 1936.

Lokaliseringa av husa på bruket går fram av gardskartet frå dagens ØK(kartid 158) og jordskiftekartet frå 1877 (kartid 161). Det ser ut til at det er teigar merka med B på jordskiftekartet frå 1877 som gjeld bruk 79/1. Før ulukka i 1905 hadde såleis dette bruket den mellomste delen av tunet. Lokaliseringa av teigen der husa stod, går også fram av dagens ØK.

Etter ulukka vart tunet på bruket bygt opp igjen på den øverste innmarkstiegne som tilhøyrde bruket. I følgje dagens ØK står det framleis våningshus og driftsbygning på denne staden.

Diverse bildemateriale samanlikna med kartet frå 1877 tyder på at bruk nr 79/1 hadde fått ny låvebygning etter 1877, men før 1905. Den nye låvebygningen var snudd 90 grader høve til den gamle, og låg såleis med lengderetninga søraust - nordvest. Den nye låvebygningen låg elles på samestaden som den gamle, bakanfor låvebygningen til bruk nr 79/3 sett frå vatnet.

Den same slekta har levd på bruket sidan før 1700. Det ser ut til at bruket har gått frå far til son utan noko avvik frå tradisjonen. Det har såleis heile tida veksla mellom Peder og Salve som brukarar. Ved ulukka i 1905 var det ein Peder (f.1.11.1870) som var brukar, men faren Salve (f. 5.11.1836) levde framleis.

Salve hadde 6 barn: Synnøve (f.1869), Peder (1870), Colbein (f. 1872), Anders (f. 1874), Sivert (f.1875) og Andrine Johanne (f. 1878). Faren Salve budde framleis på bruket og omkom i 1905. Kona hans var død tidlegare. Dottera Andrine Johanne døde i 1870, og dermed før ulukka i 1905. Sonen Anders hadde kome heim frå Belgia kvelden før der han var bygningssnikkar og han omkom i 1905. Colbein var flytta til Frøholm i Innvik omkring 1900 og overlevde. Sivert var flytta heimanfrå og vart misjonær på Madagaskar. Han har skrive ei bok med erindringar, og der er det omtale av Lodalen før 1905. Den yngste dottera Andrine vart gift med Ola Monsen på bruk nr 1 i Indre Nesdal, og overlevde ulukka.

Sonen Peder hadde overtek bruket, var gift med Oline Monsdatter (f. 1872) frå bruk nr 1 i Indre Nesdal og hadde fått 4 born: Sivert Johan (f.1897), Johanne Samuline (f. 1900), Brite Karoline Kamilla (f. 1902) og udøypt son (f.1905). Peder, kona og alle borna omkom i ulukka i 1905. Kona hadde fått siste sonen same dagen, og søstera hennar Dortea Elisabet (f. 1880) var på vitjing for å hjelpe til. Ho omkom også i ulukka. I tillegg til familien omkom ei tenestejente Lea Karoline Bentsdotter Langeset (f. 1886).

Etter ulukka i 1905 vart først Colbein (broren til Peder som omkom) brukar. Han fekk skøyte på bruket i 1909, men selde til Markus M Loen same året. Bruket vart deretter teke på odel av Ola Monsen og kona Andrine på bruk nr 1 i Indre Nesdal. Ho var søstera til brukaren Peder som omkom. Bruket vart drive med forpaktar til sonen Sivert overtok i 1921. Han var den siste som flytta frå Nesdal vinteren 1936/37. Året etter flytte han tilbake til Lodalen, men då til Bødal der han seinare bygde seg hus og dreiv med kafé. Han busette seg seinare på Rake.