Jobruket
Lodalen 1900 - 1940 Bruk 79/2 Jobruket
Heile tunet på bruket vart sopa bort i ulukka i 1905. Bruket vart bygt opp på nytt lenger opp, og husa vart ikkje rørde i ulukka i 1936.
Jobruket hadde den delen av det gamle tunet som låg lengst mot sørvest. Etter jordskiftet i 1877 fekk dette bruket ein hovudteig som grensa inn til og omfatta det gamle tunet. På kartet er teigane frå jordskiftet i 1877 for dette bruket merka med C.
Etter ulukka vart bruket bygt opp på nytt på den øvste teigen på innmarak i Nesdal ytre. På denne teigen står det i følgje dagens ØK framleis 3 hus.
Situasjonen før ulukka i 1905 var såleis. Den førre brukaren Ola Jonson var død 47år gamal i 1870, og Rasmus Rasmussen Langeset hadde gifta seg med enkja Eli Haraldsdtr Rustøy. Ho døde året før ulukka i 1904 og Rasmus Rasmussen omkom i ulukka 61 år gamal.
Ola Jonson og Eli Haraldsdtr hadde 2 born: Thorine Malene og Jon. Thorine var gift med Lars Jørgensen Indre Nesdal og var flytta dit. Ho overlevde dermed ulukka. Jon hadde overteke bruket og gifta seg med Synneve Jørgensdtr Nesdal. Dei hadde fått 6 born Olina, Elina, Olav, Anna Bertine, Jenny og Rasmus.
Alle 6 borna omkom i ulukka i 1905, men foreldra Jon og Synnøve overlevde ulukka fordi dei var hos lækjar i Bergen. Synneve døde imidlertid året etterpå i 1906 i barselseng saman med barnet. På dette bruket omkom også Johanne Rasmusdtr Helset f. 1864 som var på bruket for å passe borna medan foreldra var borte. Ho var i nær slekt fordi Mor hennar, Dorthe Jonsdtr. kom frå dette bruket.
Brukaren Jon gifte seg på nytt med Anne Andersdtr Rand og dei fekk 4 born: Olav, Synneve, Alfred og Borgny. Familien byde opp bruket på nytt, og det var ingen av dei som omkom i 1936. Familien flytte frå bruket og busette seg i Stryn.
|