Nordfjord - Loen sokn - Marså - MarsåDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Marså

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 5. Marsåslekta

Fig. Slektskapet med Sjurebruket i Loen

5.1 Marsåbruket

Marså (gnr. 83 bnr. 1 i Stryn kommune) er ein einbølt gard som ligg mellom gardane Rake og Strand i Loen kyrkjesokn. Det er ein svært gamal gard, å døme etter at det i fjæra i sjøen nedanfor garden er ei eller to gravrøyser frå vikingtida. Desse gravene er visst ikkje blitt granska. På garden har dei og funne ei gamal handkvern. Elva Marså som garden har fått namn etter, er grensa mot aust til Rake, og der er svaberg og hamrar kring heimebøen. Garden ligg solvend og er grøderik. I lia står det mykje bjørk og hatleskog som høyrer garden til. I gamal tid var det skogen med ved og slåttemark som gjorde garden verdfull og leveleg, det gav arbeid og livberging til mange menneske, som det ofte var på gardane i eldre tid. I bygdeboka for Innvik - Stryn i bind 1 side 669 finn vi at garden hadde kvern i elva, til å male korn, alt i 1661.

Ei tid på 1500 talet er ikkje garden nemnd, og det kan tenkjast at han då låg øyde. Men frå 1602 høyrer vi om at garden var i buk. Den første vi høyrer om heitte Oluf. Dottera hans fekk ein overlag låk lagnad. Ho fekk barn med Ivar R. Flo som var gift med frenden hennar. Ho fødde barnet i dølsmål, og vart dømd til å misse livet for å ha drepe barnet sitt, og vart avretta i Bergen i 1630. Ivar Flo fekk ei pengebot på 30 rdl. (Dette står i bygdeboka). Brukarane vart tidleg sjølveigarar. Botolv Simonson løyste ein part av garden og fekk skøyte i 1720, og resten løyste han og fekk skøyte på i 1727. I fleire ættledar har der vore ein plassemann som hadde eit stykke av jorda som vart kalla Storekvia. Det vart fråskilt med skøyte i 1927 og fekk namnet Skogli. I 1937 kjøpte dei noko meir jord til plassen.

I 1805 kom der ein Peder Andersson Flo og vart brukar på Marså, han fekk skøyte i 1816. Han var truleg frå Øvre-Flo, bnr. 5. Sidan den tid er det same slekta som har vore eigarar. Det var sonesonen til han som kom frå Flo som gifte seg med Brite frå Framigardsbruket på Rake.