Nordfjord - Loen sokn - OpheimBilde - Kart - Tekst

Opheim

Bygdeskildring. Garden Oppheim

Flybildekart med oversikt over garden Oppheim. Kjelde: Finn.no

Oppheim ligg høgt oppe på ein vang over ovanfor garden Rake. Frå Oppheim er det flott utsyn utover fjoren, inn til Loen og inn til Olden (det vil seinare bli skaffa utsiktsbilde frå Oppheim).Innmarka ligg rett ovenfor Raksneset medna utmarka strekkjer seg heilt inn til grensa mot Loen. I vest grensar Oppheim mot utmarka til Rake og i eit lite hjørne mot sørvest grensar Oppheim også til garden Marså.

Garden var i 1563 berre eitt bruk, men vart seinare delt opp i fleire bruk. Oppdelinga har variert ein del. I matrikkelen fra 1647 var det seks bruk, i matrikllen frå 1838 var det fem bruk, og i matrikkelen frå 1688 var det fire bruk. Plassane Håheim og Holene (Storstein) er på 1900-talet skilt ut som eigne bruk. I bygdeboka til Åland er det skrive meir om brukstalet.

Oppheim har i dag gardsnr 81 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 4 i Olden skipreide og hadde då 3 som gammalt matrikkelnr. I matrikkelne frå 1886 fekk Oppheim gardsnr 4 i Indviken herred.

Kartoversikt over garden Oppheim avgrensa med eigedomsgrenser