Nordfjord - Loen sokn - OpheimBilde - Kart - Tekst

Opheim

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 81 Oppheim

Namn, opphav og landskyld

Oppheim ligg på ein vang høgt oppe med eit framifrå utsyn over fjorden, innover Loen og sørover mot Olden. Namnet er særs høveleg. Det provar at garden er gammal. Alle namn på heim er gamle. Ei røys, Dærøysa, er trule- gravrøys. Namnet er i mellomalderen skrive i dativ «i Upphæimi»; nominativ skulle då vere Uppheimr: bustaden, garden høgt oppe.

Av Bj. K. ser vi at prestebolet i Olden åtte 4 1/2 l. i Upphæimi. Garden er elles ikkje nemnd i mellomalderen, og det er likt til at han låg øyde etter Svartedauden til midten av 16. århundre. I 1563 er han nemnd att. Han har då berre ein brukar, Oluff p. Opeme (Irm. i 1584), som legg den vanlege leiglendingsskatten, 1 dl., og 1 dl. i skatt for jordegods.

Landskylda var i 1626 4 1/4 laup. I 1702 vart skylda avteken 1 1/4 1. og stod sidan ubrigda til 19. århundre. Etter segna vart skylda avteken av di åker-reinene brast ut. Av jordboka frå 1626 ser vi at garden då hadde «temmelig avling» enda han låg «på et field». Alle brukarane då hadde «ringe formue». I 1702 vart det med dokument som vi no ikkje kjenner prova at Oppheim var opprudd i Rake si utmark. Av di bøen var så ring, åkrane så grunne og tørre, og garden låg høgt til fjells og var så bratt at alt måtte berast og ein difor måtte ha stor tenarhjelp, vart det då avteke 1 1/4 l.