Nordfjord - Loen sokn - RaudiBilde - Kart - Tekst

Raudi

Diverse artiklar 2 Eugene Rodi i Norge (Fjordingen 31.5.2002)

Sør-Norge rundt

Eugene og kona Sharon Rodi kom til Oslo 20. mai der dei leigde bil for rundreise i Sør-Norge. Sharon si slekt på farssida med etternamnet Lia, er for det meste å finne i Hvittingfoss i Kongsberg kommune, og på morsida hadde ho slekt å vitje i Flåm. Tysdag gjekk turen til Ålesund. Derifrå reiste ekteparet til Bergen og i dag går ferda heim til Minneapolis.

Vi har hatt eit kort, men fantastisk opphald i Norge, seier den 59 år gamle dataingeniøren. At han ikkje skulle bli farmar, har si spesielle historie. Faren Elmer som no blir 86 år gamal overtok faren Ole sin gard i Benson, men måtte berre gje opp av helsemessige årsaker. På den måten kom dei til byen Minneapolis då Eugene var 8 år gammal. I dag arbeider han med "memory-system" i computerfirmaet UNISYS som staffingeniør og designar i Roseville, ein forstad til Minneapolis.