Nordfjord - Loen sokn - RaudiBilde - Kart - Tekst

Raudi

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 76 Raudi

Steinskred 1885

Den 2. mars 1885 gjekk ei ovstor steinskrede over garden. Kvitehammaren brast då ut og for nedover garden med brak som av toredøn. Ein ovstor stein sprang over stova, men ho vart likevel sundslegen av steinspruten, og eit par menneske fekk skade. Gamlekona Synnøve vart svimeslegen og døde eit par timar etter. Ein 10 år gammal gut (Sivert, no i Am.) fekk avslege eine lårbeinet sitt. To jenter som låg i fjøset var underleg nok uskadde, endå 8 kyr og 50 smalar vart ihelslegne, og store steinblokker låg strødde utover fjøstufta. Mykje av åker og bø fekk og skade, så, skylda vart nedsett til det halve. Ein ovstor stein la seg like nedafor tunet, og romet under han er no nytta til løe og geitefjøs. Steinen som var ikring 17-18 m lang, 8 m høg, låg før ovafor husa og gav dei livd imot skred. Han vart no kløyvd og fura ein 3 m nedover, skjekte stova og slo ned løa. Dei hadde alltid trygt seg til "Storesteinen", men han vart då deira våde.