Nordfjord - Loen sokn - Nesdal IndreBilde - Kart - Tekst

Nesdal Indre

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 78 og 79 Indre og Ytre Nesdal

Namn og opphav

Den gammalnorske forma var Nesdalr. Garden ligg på eit nes utfor dei to dalane Kvanndalen og Tjønndalen og har vel namnet av det. Alt frå før 1300 er det skilt mellom Nidre-, Indre- og Ytre-Nesdal. Nesdalsgardane er opptekne frå Bødal. Dette vert sagt i ein dom i 1657. Gravfunn kjenner ein ikkje. Namnet Nesdal er vel «pendant» til Bødal. Det ligg difor nær å tru at det opphavlege namnet var Nes likeins som Beer, Bø, og at Nesdalr opphavleg var namn på dalen som går opp frå garden i søraust og øvst heiter Kvanndalen.

Gardane er nemnde i ymse kjelder frå mellomalderen. Av Bj. K. ser vi at prestebolet i Alda åtte 1/2 1. i «Nidra Nesdal", prestebolet i Loda åtte 5 1/2 1. i «Nesdale ytra», 1/2 1. i «inra Nesdal» og 1/2 m.m.b. i «Nesdali», som Inga å Sundi gav for sal. Sigurdr Bonde; Lo-kyrkja åtte (ein) tveites leige i Nes dale. I dipl. av 1340 ser vi at i «Nesdale inra» var 7 m.m.b. leige avfall og i «yttra Nesdale» var 11 m.m.b. avfall.

I 1401 åtte Erlend Jonson på Setten m. a. gods også 9 m.m.b. i «innathunum i Nesdalle», 7 1/2 m.m.b. i «yttratunum» og 2 1/2 m.m.b. i «Yttra Nesdalle». Av dipl. dagsett 29.1. 1469 ser vi at Ulvhild Jonsdotter m. a. då åtte 19 m.m.b. i Næsdal, og derunder låg halve «Tiænnedaal» og «Muledaal» til hagelende. Ho var dotter til Jon, som var son til Erlend.

I tiendepengemanntalet av 1520 og manntalet av 1522 er ikkje gardane nemnde. I 1563 legg Laurits i Nesdall (indre) 18 skill. 2 1. s. og Erlend i ytre Nysdall 9 skill. 2 1. s. i skatt. I 1567 svarar Nesdall 3 gsk. 1 bsk. i leiding. Ellend Y.-Nesd. var lagrettemann i 1588.