Nordfjord - Loen sokn - MarsåBilde - Kart - Tekst

Marså

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 83 Marså

Namn og opphav

Namnet er i mellomalderskjelder skrive på ymse til dels meiningslause måtar. Bj. K. (frå tida 1306-60) skriv Marso, Masså, Måssa(!) og Masso. I Munkelivboka er namnet skrive Masså (1427), Massås(!) (1463) og Massa (ikring 1490). Etter 1600 er skrive Marso, Mørsa, Mårsåe, Marså. Nokre av desse mellomaldersformene gjeld vel garden Marså i Oppstryn (sjå under Flo). Bygdeuttalen av namnet er Marså med tostavingstone. Tydinga av første parten er vand. Andre parten er vel å, elv. Truleg er namnet opphavleg eit elvenamn.

Garden er sikkert gammal. Ute i Storevik, utafor naustet, er sikkert ei, kan hende to, gravrøyser. Dei er visst ikkje granska. Her er det og funne ei lita gammal handkvern.

Det som Bj. K. melder om Marså, gjeld Marså i Oppstryn.

Munkeliv-klosteret åtte Marså, og garden er som før sagt nemnd i Munkelivboka både i 1427, 1463 og i 1490-åra. Munkelivparten var i 1463 eitt spann sm. i landskyld. Saman med det andre Munkelivgodset kom garden under kruna. Presten Absalon Beyer kjøpte garden saman med anna Munkelivgods i 1660-åra. I 1720 og 1727 løyste brukaren Botolv garden frå Absalon sine arvingar og presten P. 0. Schreuder.