Nordfjord - Loen sokn - SætenBilde - Kart - Tekst

Sæten

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 3. Hungersår og tronge kår (frå 1783)

3.10 Bryggjing, dugnad og utedo

Han Ola var glad for at det var så godt kornår i fjor, og dei fekk vel i hus både hommel og havre. Melta og bryggja hadde han gjort fleire gonger, for ein laut hjelpast åt grannane med eit slikt storarbeid. Det var fleire dugnader, og då måtte ein alltid ha øl til dei som var med. og det for vel å ha noko å by på, for det var svert som dei fekk arbeidet til å gå. Det var og reine festdagar. Såleis då dei skulle tekkja den nye røykstova, med never og torv. Det var ein fin dag, og det møtte fram så mange at dei greidde å få ferdig arbeidet på ein dag. Det var ein sommar som både han Ola og ho Janikke kom til å hugse. Men dei kom frå det med helsa, endå det hadde vore eit strævsamt år

Røykstova var både vel frå seg gjort, og såg godt ut då ho var ferdig, like att med vegen opp til kyrkja. No fann han Ola ut at når dei hadde byggjinga for seg så skulle dei og få bygt eit utedo. Det var ikkje vanleg at dei hadde det den gongen. Dei hadde uthusa som dei smette seg inn i når det var lyst. Utedoet bygde han inn til koveveggen på vestsida. Han sette opp halvetak inn til veggen, og klædde dei tre andre veggane med bord.