Nordfjord - Loen sokn - SætenBilde - Kart - Tekst

Sæten

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 3. Hungersår og tronge kår (frå 1783)

Borna til Ola - Rasmus, Bendikt og Malene

I 1815 får dei så den andre guten og han kallar dei Rasmus. Om dei hadde hatt ein son før som heitte Rasmus, så kunne han vere død, men det hende og at dei kunne ha to søner med same namnet for å følgje namneskikken. Då Rasmus var vaksen reiste han ut til kysten og i 1853 kjøper han og får skøyte på garden Øvre-Myklebust på Bryggja i Rugsund sokna i Davik. Han var visstnok ugift, og i 1860 sel han og skøyter frå seg garden. (Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. 11 Dei einskilde bygder. 4 Davik. side 372). Den tridje sonen heitte Bendikt. Han var fødd i 1818. Han halta noko når han gjekk, og han lærde seg til skomakar. Då han var vaksen for han til Nordland og dreiv skomakarverksemd for ein vereigar og handelsmann. Seinare kom han attende til Loen, og var buande på Sjurebruket. Han var ugift.

Malene var einaste gjenta, ho var fødd i 1822, og oppkalla etter bestemor si på farsida. Ho vart gift med Arent Arentsson Rake.