Nordfjord - Loen sokn - StrandBilde - Kart - Tekst

Strand

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 83 Strand

Namn, opphav, eigarar og bruka

Garden ligg i den lange stranda mellom Marså og Staveneset, og namnet er difor særs høveleg. Han vert somme tider i første bel av 17. århundre også kalla Garpestrand. Første parten truleg av gammalnorsk garpr: stridbar, uroleg Kunne vere nytta i namnet med omsyn til dei jamlege skreda som går her. Den urolege stranda kunne det tyde. Strand er ikkje nemnd føre 1602 og er vel oppteken noko føre år 1600. Garden er sikkert oppteken frå Rake, og er difor 6g kalla Rakestrand.

Landskylda var i 1626 1 l. sm., men vart i 1740 avteke 1 pd. av di garden hadde lide mykje skade av skred. Etter jordboka frå 1626 var garden då ei «ringe jord», hadde lite brennevedskog, og brukaren var fattig.

Helvta av garden var odel, resten var bytt likt mellom Innvik prestebol og Munkelivklosteret. Kvar jorddrott var bygslerådig for sitt. Munkelivparten vart løyst 1716 og 1720 frå prestane P. 0. Schrueder og R. Brandal, som hadde arva parten etter presten Abs. J. Beyer. Prestebolsparten, som låg i same bruk (nr. 1) vart løyst i 1860 for 200 spd. Odelsparten vart pantsett i 1670-åra for 30 rdl. til Vik-ætta, etter segna av di to søner av eigaren då skulle ut i krig (Gyldenløvefeiden). Godset låg så under Vik-ætta. Brukaren løyste godset i 1723 frå Tue L. Bruvoll for 45 rdl., men Tue si dotter tok godset att med odelsrett fem år etter, og ætta hennar åtte godset til 1847 då det vart løyst.

Garden har alltid sidan 1602 vore to jamstore bruk. I 1620åra låg dei nokre år under ein brukar.

Merkeskilsdom mellom Strand og grannegardane innafor 1732. Semje om setrehamna mellom Strand, Årheim og Visnes 1864. Semje mellom dei to Strand-mennene 1875, tingl. 1877, om skogen.

Det er nye folk som no sit på begge bruka. På det eine bruket, nr. 1, sat same ætta, son etter far, i over 200 år. Ei tid var brukarane på br. nr. 2 og av same ætta. Brukarane her var velstandsfolk. Buet etter Anders Eirikson, d. i 1790åra, var verd 720 rdl., ein sum som var sjeldsynt då mellom bønder.

Ved kong. resol., dagsett 16.6. 1922, er gardane i Rakegrenda 1-4 overførde til Stryn herad og Lo-sokna.