Personer - Elias Monssen HogrenningDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Elias Monssen Hogrenning

Diverse offisielt 2015 02. Elias Hogrenning

Artikkelserie i 4 delar om fjellførar Elias Hogrenning.

Publisert i Fjordingen 7. og 9. januar.2015.

Av Dagfinn Hovden

DEL 1 AV ARTIKKELSERIE OM FJELLFØRAR ELIAS HOGRENNING.

TOPPTURAR FOR HUNDRE ÅR SIDAN

Toppturar har hundreårige tradisjonar på våre kantar. I desse artiktane av Dagfinn Hovden får du møte Elias Hogrenning, legendarisk fjettførar og kLatrar. Han leia ei rekkje toppturar for over 100 år sidan, "urikkande som fjettet sjølv" som Slingsby skreiv om han.

Overrettssaførar Kristian Bing frå Bergen var ein av dei fremste fellkarane i Noreg på slutten av l8oo-talet og heilt opp til 193o-åra. Han er særleg kjend for alle sine turar på Jostedalsbreden, i tevling med Slingsby og Patchell. Han skreiv mange artiklar om ferdene sine i Turistforeninga sine årbøker. Han skipa Fjellmannalaget i Bergen, og var sekretær i Bergens Turistforening, og seinare formann. Han skreiv og artiklar i ei årbok for Turistforeninga i Bergen.

I slutten av august 1893 kom han med dampbåten til Hogrenning, med plan om å gå derifrå over breden til Sunndalen i Oppstryn. Pga. av dårleg førebuing, ringt utstyr og tjukkeskodde, vart det litt av ei villmannsferd.

Men det merkelegaste er at den røynde sakføraren etter turen bad den 2l-årige bondeguten Elias Hogrenning om å skrive ei skildring av ferda. Han hadde ikkje anna bokleg opplæring enn den folkelege omgangsskulen, der det meste av undervisninga var på pære dansk, dei vart pinte under Pontoppidan, som ein rettkome sa på den tid. Kvar hadde denne ungdomen i Stryn lært å skrive så godnynorsk?

Kom til Hogrenning

Elias fortel at bergensaren kom med dampen om ettermiddagen 22. august og emna seg over breden til Sunndalen i Oppstryn, tinga seg hus på Hogren- ning, og neste morgon skulle han i veg. So skriv Elias:

"Det vart eg som kom til aa slaa fylgje med honom. Seinare hev han i eit brev bede meg um aa skriva litt om turen me kom til aa taka. Han samla, skreiv han, slike reiseskildringar i ei aarbok fyr "Turistforeningen for Bergen by og stift". Javel, eg skal freista aa skriva ein stubb, men De fær orsaka, godtfolk, eg er ikkje nokot vidare kar med pennen. Kl. 7 om morgonen stod me reiseferduge. Det hadde vore sturtande regn tidlegare om morgonen, og vedret saag ikkje rart ut no helder - til ei ferd upp i ukjende høgfellet. Men bykaren sa han hadde ikkje tid til aa liggja vente paa godvedr, og so ruslade me i veg. Eg hadde berre eit taug og litt mat aa bera. Han hadde ei skreppa med nokot smaatteri i, som han bar."

Som i Strandgata

Dei hadde med seg ein togende, men ikkje ei isøks, eller noko slags bredder, og meir enn ringt med mat og klede, og skorne hadde glatte ledsolar. Galskap, ville ein i dag kalle slik åtaferd, og det fekk dei røyne etter som tida leid. Som so ofte på brede, vart det tjukkeskodde. Elias meinte dei laut vende og freiste kome seg ned att snarast. "Men bykaren tok det rolegt. Han berre saag på kartet sitt og kompassen sin han, og so traska me i veg - nett som me sku voret midt i Strandgata", skriv Elias.

Men Bing og, skynte omsider at det gjekk ikkje å kome seg heilt til Sundalssætra under desse tilhøva, og melde at dei laut freiste å kome seg ned i Erdalen til Greidung. Det synte seg å vere alt anna enn lett. Hard og bratt brede med mange sprekker. Dei laut ofte snu og vende opp att, og heldt fram so lenge med vender og lirkingar at tida gjekk frå dei, og dei hadde ikkje anna råd då det vart myrkt, enn å finne seg ei deild i isen i livd for den kalde istrekken.

Det vart ei lang og kald natt, med for Iite klede og berre eit kjerteljos til varme. Han Elias hadde med seg eit sokkepar, og trædde den ein sokken ned over hovudet, det vermde litt, og med å bykse opp og ned og slå floke, berga dei seg til dei i 3-tida om morgonen kunne freiste kome seg vidare. Det var bratt med mange sprekker, men ei snøstripe her og der gjorde at dei til slutt kom seg velberga ned i dalen.

Vart bergteken

Ein kunde tru at ei so ringt førebudd og so djervt gjenomførd bredekliving vilde gi Elias avsmak på fleire fellferder? Men so var ikkje tilfelle, kanskje tvert imot. I alle fall gav han seinare i livet uttrykk for takksemd mot Hr. Bing for at han fekk vere med. Ein kan godt segja at han vart bergteken etter denne ferda. I 1898 hadde dampbåtane langs kysten vår vorte so tidtgiengde at ein kunde kome seg frå England til Lyngen med rimeleg tidsforbruk. Slingsby planla ei herferd mot Lyngenhalvøya saman med dei røynde engelske klatrarane Geoffrey Hastings og Walter Parry Haskett-Smith. Det var mykje som måtte førebuast til ei slik ferd, og Slingsby hadde fengje oppgåva å skaffe ein berar. Han skriv i boka si:

"Gjenom Mister Bing frå Bergen, som vårt trekløver skuldar stor takk, sikra me oss tenestene til Elias Monssen Hogrenning frå Loen i Nordford, den beste og blidaste norske berar eg hev hatt hugnaden av å klive med. Den unge kraftkaren gifte seg berre to eller tre viker før han for opp til oss - over 13O mil og åtte breiddegrader frå brud og heim."

Dei kleiv Istinden, og på fortoppen "fekk me demonstrert kva krefter Hogrenning rådde over som murmeister. Før me visste ordet av det, stod ein vel vaksen varde der." På sveda oppover mot stortoppen, synte Hogrenning seg som eit veritabelt kraftverk, fortel Slingsby. Om vegen opp til Store Isskardtind skriv Slingsby: Kor fint leidde ikkje Hogrenning oss opp den hoggbratte eggja opp på den høgste toppen. Og om den bratte nedturen segjer han: "Varsamt, sakte og sikkert nådde leidaren vår floget. Ei totoms rimne gav det einaste haldet ned hamaren. Gjennom fem nervepirrande minutt laut fyrstemann - Hogrenning aksle alt ansvar åleine. Ah! Sjå honom, urikkande som berget sjølv". Om klivet opp på Store Lenangstind segjer Slingsby: "Opp, opp, opp hogg meister Hogrenning steg for oss i gylet."