Elias Monssen Hogrenning
Diverse offisielt 2015 02. Elias Hogrenning
DEL 4 AV ARTIKKELSERIE OM FJELLFØRAR ELIAS HOGRENNING.
SIKKER, STØ OG PÅLITELIG
Hjørundfjordfella var heller ikkje ukjende for Elias. I Climber's Book på Hotell Union på Øye skriv herrane Alec H. Bourne og C. A. Bourne i l9O5 På s. 64-68 om 1O dagar på Øye, der dei kleiv Velleseterhorn, Urkedalstind, Slogen og Geithorn. Dei skriv: "Elias Hogrenning frå Flo, tilrådd oss av herr Bing i Bergen, hev vore føraren vår heile tida, og hev synt seg å vera ein fyrsteklasses førar både på fell og snøv. Han er ogso ein glad og livleg fylgjesvein og talar noko engelsk. Det var vår finste tur til Noreg, og distriktet var ukjent for Hogrenning".
Bourne kosta seinare på Elias ein tur til England, ei ferd han seinare hugsa med glede.
I 19O7 førde Elias herrane W.V. Goulstone og Douglas F. Greenough frå Dallington i Northhampton på Smørskredtind, Konehorn, Slogen frå Vest (som Slingsby kleiv fyrst i 1899), Råna, Midtre Ringdalstind, Velleseterhorn og Geithorn.
I 1910 førde Elias S. A. Gillon og P. Keith Murray opp austeggja på Kviteggja. Gillon skriv det var ein tur som ikkje høver i rått og kaldt veir, men dei hadde ein stor dag for oppgåva. Dagen etter førde Elias dei same på Store Brekketind.
Kolåstinden
Den 13.08.191O tok Gillon og Elias dampbåten kl O6.0O til Store Standal og freista seg på austeggja på Kolåstinden. Gillon skriv: "Nådde den fyste djupe klyfta i eggia 1O3O. Hogrenning fann lett ein veg ned til breden og hogde djuptallerkar i den harde snøven 15O yards eller so. Deretter vart snøven mjukare og hallinga lettare. (...) Siglde det meste av vegen attende i A1 skyssbåt på to og ein kvart time."
I DNT 1919 stend det ei liste: Foretegnelse over førere med det av Den Norske Turistforening utstedte førerpaten, og her finn me: Elias Hogrenning - Flo i Nordford, for omliggende bræer. Då Elias søkte om førarpatent, tykte han vel at det ikkje vilde vere or vegen med eit godt skotsmå,I frå nokon som var betre kjend i miljøet rundt DNT i Oslo, og lagde difor ved søknaden fylgiande utsegn frå Therese Bertheau: "Jeg kan gi Elias Hogrenning min allerbedste anbefaling til at faa det førerpatent han søger. Jeg har seet ham manøvere i det mest forrervne bræterrain, og ligesaa i Horungernes mest beryktede trakte, overalt var han sikker, stø og paalidelig."
Ein kiempekar
Brorson til Elias, Jakob Hogrenning, førde tradisjonen vidare og leidde folk over Jostedalsbreden i 40 år. Han døydde i 1996, nitti år gamal.
Elias var på mange vis ein kjempekar, men han vart berre 6O år gamal. Rasmus Myrhaug skriv i DNT 1933: "Heilt uventa kom bodskapen om at Patentførar Elias Hogrenning døydde 24. februar 1932. Han var i sin beste brage, sterk og frisk og førall. Ingen skulde tru at han so brått var fal for dauden. Han var fødd på Hogrenning i Lodalen i 1872. I 1898 vart han gift med jordgjenta Johanne Fagerheim på Flo i Uppstryn. Det var ein liten og mykje urudd gard; so der var rikeleg arbeid for sterke arbeidsnevar; og det hadde Elias. Den som vil rydja seg gard i Vestlandsfjordane og dalane, lyt eige både mot og manndom. Mang ein slitsam arbeidsdag la Hogrenning etter seg på Fagerheim.
I eit bladstykke som vart skrive åt 9o-årsdagen til mor hans, stod det: "I eventyri les vi om vene gjentor som vert bergtekne. Men store, sterke menn kan og verta bergtekne av dei norske fjelli. Dei som fyrst vert bergtekne, kjem seg vondt eller aldri meir lause att. So er det med Elias Hogtenning. Når det lid fram på sumaren og fjelli tek til å berrkast, lokkar dei og dreg. Og ein god dag stryk han frå kjerring og born og fer upp i felli og breda (...). Dei er mange som i takksemd minnest Elias Hogrenning for trygg og påliteleg føring og god kameratskap på forvitnelege turar på norske bredar og høgfiell."
|