Elias Monssen Hogrenning
Diverse offisielt 2015 02. Elias Hogrenning
DEL 2 AV ARTIKKELSERIE OM FJELLFØRAR ELIAS HOGRENNING.
ELIAS Hogrenning
Fødd i 1872 på Hogrenning i Loen. Gift med Johanne Flo frå bruk nr 3 på Nedre-Flo og vart gardbrukar der. Paret fekk 10 born. Elias Hogrenning leia ei rekkje toppturar og klatreekspedisjonar, mellom anna for W.C Slingsby
I Turrisforeninga si årbok for l9OO finn me i lista over "Nybestigninger" i 1899: Mr. G. Hastings og Elias Monssen Hogrenning foretog en række nye ture i juni og juli. De besteg; Lille Isskarstrnd 22.juni, Pipertind 23. juni, Tviilingtind (øst for Store- tind, døbt af Hastings) 27. juni. Troldtind (døbt af Slingsby i 1898) 29. juni, Durmaalstind 4. juli; paa toppen kl. 4.45 morgen. Derfra traversertes Jækkevarre fra øst til vest med bestigning af den midterste top. 11. juli besteg de Reindalstind.
Åtak på trolltinden
Den vandaste oppstiginga var nok på Troltinden, som dei hadde gienge framom aret før, og som Slingsby hadde meint måtte vere uklivande. No stod dei på Forholtbreden og gløste på sørvesteggja på Trolltinden. I Bergen Fjellmannalags Aarsoversyn 1899, skriv Elias i ein artikkel "Fjellklyvinger" om åtaket på Trolltinden: Det sågfælt ut - og til nærare me kom, til fælare vart det. Det var som fjellet lutte og bøygde seg framyver for å helsa på oss. Og me stod tvihuga. Skulde me våga oss i kast med den faarlege klyving elder late det vera! Sistpå vart me samde om aa prøva ein stad - gjekk det ikkje, fekk me snu um og gaa ned att. Me kraup fyrst opp nokre smaaknausar på bræi, so kom me til fellet. Det var hamrar på hamrar kvar me saag. Me gjekk att og fram og smaug oss uppgjennom rivorne i fellet nett som ikonnen. Soleids gjekk det uppyver lidt um senn, men me kom i knipe paa knipe kvar me skulde upp. Fjellet vart meir og meir bratt. No og daa tenkte me at når knipetaket var yver, skulde fellet leggia seg meir attyver. Men nei! Der stod me i stupande bratte fellet. Ikkje livande skapning å sjå. Berre fiell og jøklar. Og fraa høgdi kom lause issrykke av og til setjande nedyver, dansad om øyro vaare og krasad seg sund med sterkt brak djupt nede. Hepne var me, at ikkje noko av isstykki trefte oss. Me stod der reint raadville. Longt hadde me alt kravlat upp, og å koma nedatt, var mest umogeleg. Det stod no til meg kva me skulde giera. Me laut daa freista koma oss oppyver so langt som raad var, tykte eg. Det er ellest lettare aa gaa upp enn ned. Me kom til fjellblokkar so bratte som husveggen. Me sparkad og klorad kvar me kunde, og balansen måtte vera stød. Eit lite glepp var det same som dauden med ein gong. Eg, som gjekk først, maatte vera stød baade paa hand og fot. Toget vaart var 4O fot langt; eg giekk først og hjelpte so med toget honom etter. Slik giekk det heile fellet uppetter. Men mange gonger var det fælslegt. Ein liten rykk eller sleng til sides elder attyver, og eg hadde ramla ut i lause lufti, teke kameraten min med og baae hadde me vore dødsens om faa sekund. Me arbeidde soleis i 9 timar førn me kom til toppen - hangande etter henderne og sjelvande paa føterne, daa dei som oftast hadde lite aa stydje seg paa. Midt i fellet heldt me middag og sov ein halvtime i ei liti skår. Sengi vaar var baade bratt og faarleg, men det var likevel utrulegt kor den vesle søvnen hjelpte på krefterne.
På toppen
Kl.7 om kvelden stod me i den bleike kveldsoli paa toppen. Og ei underleg kjensla kom yver oss då me tenkte paa at her paa desse heilage steinar hev vel ingen mannafot fyrr vore. Eg bygde varde paa toppen, og me gav oss i ro der uppe vel ein time. So var det aa tenkja paa aa koma nedatt. Gud fylgje oss tilbaka! Gledeleg for dei, fann dei ei brukande rute frå toppen og ned på Stortinddalsbreden, og so var det ein lang, lang veg attende til leiren. Litt seinare i artikkelen kjem fylgjande sukk frå Elias: "Dei engelske ApineClub-karane er no ogso nokre vaaghalsar, som ingen maa gaa til fiells med utan aa ha god øving i det stykket. Dei gjeng der som mange vilde segja var reint uråd å koma fram. Eg vil ikkje med dette segia at nordmannen gjeng attum engelskmannen. For nordmann er no nordmann lell. Eg hev ofte reist saman med dei - og vil vaaga!"
Nemner ikkje sikringsutstyr
Eg finn det verd å legge merke til, at i skildringa av denne vanskeleg klivinga, nemner ikkje Elias eitt ord om kva slags sikringsutstyr dei hadde, utanom ein togende på 40 fot. Då finn du forankring berre der det finst ein bergnase som du kan leggie toget rundt, og då kan det verte langt millom forankringane. Og når den røynde fellmannen Hastings let Elias gå fyrst i toget i denne vanskelege ruta, er det tydeleg at han heldt Elias minst jamgod med seg sjølv.
Lyngsalpane
I 2Ol3 kom det ut ei prektig bok om Lyngsalpane av naturfotograf Jan R. Olsen der Elias Hogrenning er namngjeven 22 gonger. Her gjeng det fram at i tillegg til dei ovannemnde fella, kleiv Hastings og Hogrenning: Fugldalsfjellet, Store Jægervasstind, Store Fornestind, Støvelfiellet, Store Struptind, Stortinden og Istinden.
I DNT l9ol s. 112 hev Slingsby ein 4-siders artikkel New Climbs in Norway in 19OO: Den 20. Juli tok Frøken Bertheau, herrane Slingsby, Baker og Hogrenning laust for å finne og klive eit av Tinde-fjella frå Loen. Dei kryssa eit skard millom Skaala og Sandenib på Skålabreden, som dei giekk over i tjukk skodde, slik at dei aldri fekk auge på fella. Dei kom seg over eit litt vride bredeparti ned til Garden Hogrenning, der foreldra og syster til Elias gav oss ei kongeleg mottaking med rjomegraut, heimebrygga øl og aquavit. Sjølv om den vesle bredegonga var det einaste me hadde gjort, tykte me alle at det hadde vore triveleg. Husbonden sjølv, Mons Hogrenning, hadde ein gong vore på ei stutt vitjing til Amerika og fortalde på morosam vis kor snøgt pengane hadde smelta burt for honom i New York. Våningshuset på garden er eit framifrå døme på god gamaldags nordfordsk bygningskunst, med den store, opne peisen og mange forvitnelege eignalutar som spinnerokk, vevstol, osteform og mykje anna.
To dagar seinare gjekk same laget pluss Howard Priestman over breden og ned Nigardsbreden til øvst i Jostedal.
|