Elias Monssen Hogrenning
Diverse offisielt 2015 02. Elias Hogrenning
DEL 3 AV ARTIKKELSERIE OM FJELLFØRAR ELIAS HOGRENNING.
SKAGASTØLSRYGGEN MED SLINGSBY
Etter at Patchell, Bowen og Vigdal sumaren 1896 hadde kome seg forbi Halls Hamar, stod der berre att ein mole På Skagastølsryggen som ikkje var overvunnen: Vgapet i nordenden av ryggen. Slingsby var ein hund etter slike problem, og i august 19OO låg han fleire dagar på Turtagrø saman med Elias Hogrenning og venta på brukande klatreveir. Slingsby vart utolug då fineveiret ikkje kom, men skriv at Elias let seg ikkje tyngie av tida som gjekk, ein dag sola han 9 støvelpar, og skodde ein hest attpå. Ola Berge og Slingsby var oppe kvar morgon tidleg og skoda i veiret.
Den andre morgonen meinte Slingsby at dei burde legge i veg, men let det vere av di Elias, som dei no kalla "The Boy", hata snødekte steinar, sjølv om han hev framifrå klatregivnad. Den 4. august kunde ikkje Slingsby vente lenger, so tidleg morgon la dei i veg. Slingsby, Elias, Ola Berge og Eilert Sundt, som var heppen for å få vere med i eit slikt lag. Ola rekna seg som lokalkjend, og vilde gjerne gå finst, og "The BoY", "big, strong, and capable as he was, was placed second so that he could back up ole", skriv Slingsby, som kom tredje. Den nordvende sida av skardet er styggeleg bratt, men med tak både for hand og fot, sjølv om dei er små, og med to slike førarar var utfallet gjeve. "Ole bad no og då omhjelp frå den sterkvaksne Hogrenning nedanfrå, og båe arbeidde glupt og utan vande i lag," skriv Slingsby.
Henning Tønsberg, som var med å skipe Norsk Tindeklub i 19O8, hev i DNT 1911 ein artikkel om Jostedalsbreden. Saman med O. Bjerknes starta dei frå Tjugen og la i veg opp den vanlege råsa til Kloumannstårnet på fellet Skåla, der dei vilde overnatte. Der var det korkje parafin til primusen eller ved til omnen.
Varde på toppen
Tønsberg og Bjerknes vilde opp på Tindefiell, som dei meinte var uklive, men då dei kom nærmare, såg dei til si undring ein varde på toppen! Tok difor laust på den mindre og spisse Yngvar Nielsens Tind, som var kliven første gong av Kristian Bing i 1893 og seinare av Birger Huun i 19OO, båe kjende bredeklivarar. Dette var røynde flellfolk, so dei kom seg opp på den spisse toppen, som so vidt hadde plass til dei. Tønsberg skriv:
"Mens vi sat deroppe i det deilige' solvarme veir, hører vi med ett stemmer. Naa! Der blev opstandelse, vi sprat op, og ventet hvert øieblik se gæster dukke frem paa galleriet. Men hvad var det? Jo, der var det to skikkelser der bevæget sig paa Tindefeld. Præsentationen runget over svælget. Det var Dr. H. Natvig og Elias Hogrenning der stod deroppe. For et underligt træf. Efter hvad vi siden fik høre, var Tindefell besteget 8 dage før av Grenough med Hogrenning."
Tønsberg finn det merkeleg at to lag skulde møtast same dag på fell som det nesten aldri var folk på.
Over Jostedalsbreden
I DNT 1914 skildra O. Bjerknes korleis han og H. Tønsberg var komne til Hjelle i Oppstryn på veg til Turtagrø, og ikkje var nøgde med den "vanlege" ruta opp Erdalen. Då bredane var låke det året, fann dei det litt risikabelt å vere berre to mann i tauet, og sikra seg Elias Hogrenning som tredjemann. Og det var nok ikkje so dumt. Det var i slutten av juli, og lite årssnøv på isen. Det vart mykje isøksarbeid og nokre store sprekker. Bjerknes skriv:
Efter nogen stigning stanses vi av en enorm langs spræk. Vi tørner av til venstre, et drøit stykke, til sprækken skar indunder næsten lodret bræstigning, hvor den heldigvis var fyldt av nedstyrtede sneblokker. Her slap vi over og sparket os lodret op nogen meter. Herfra fulgte et flat stykke frem mot Skaalfjeldets lodrette væg. Like efter stod vi og saa paa hinanden. En bundløs bergschrund strakte sig til begge sider saa langt øines kunde.
Hogrenning, som er en lang beslutsom kar, utførte her en smuk manøvre. Godt forankret lot han sig falde ret frem mot feldvæggen paa den andre side sprækken, fik godt tak med begge hænder og lempet kroppen over avgrunden. En kort lodrett klatring fulgte derfra til god ankerplads, og snart var alle over. Hadde bergschrunden været en halv meter bredere, vilde muligens en langsommelig vendereis været nødvendig. Straks efter var vi oppe paa Skaalfjeldet, og hadde igjen fast grund under føttene.
Dei møtte mange vanskar og sprekker etter dette, men kl. halv eitt om natta nådde dei Fåbergstølen. Bjerknes av sluttar slik "Nogen erstatning for ruten op Erdalen, er vaar rute ikke, dertil er den for lang. Men for dem som ikke er ræd for lidt strabadser, og ikke har noget i mot at ta natten til hjælp, kan den anbefales som en interessant brætur.
|