Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.1 Anders Olssen (f. 1807) og Olina si styringstid

Anders Olssen og familien

Om Anders og Olina veit vi ikkje så svert mykje. Dei var strevsame og flittige på sin eigen gard med dei gjeremåla som der var. Han Anders hadde styringa ute med garden og skogen. Og ho Olina hadde utan om husstellet og fjøsen om vinteren, arbeid med å syte for klæde, både gongklæde og sengklæde. Ho hadde også born som vaks opp og kravde sitt stell.

Anders og Olina hadde fem born. Det var fire gutar og ei gjente. Jenta Janik, var den elste, ho heitt etter bestemor si. Så var det han Ola som var oppkalla etter bestefaren. Så var det Arent, han var oppatkalla etter bestefaren på Rake. Den tredje guten kalla dei Lars, kanskje venta dei endå på ei gjente sidan dei ikkje kalla han opp etter bestemora på Rake. Denne guten høyrde vi ikkje meir om då han skulle ha vore vaksen, så han døde truleg ung. Dei fekk endå ein son og den kalla dei Rasmus. Truleg ville dei nye oppatt Rasmus namnet, det har alt vore 6 brukarar med namnet Rasmus frå den første vi høyrer om i 1602.

Av den søskenflokken høyrer vi om dei første frå Sjurebruket som for til Amerika. Det hadde nok fare folk frå Loen tidlegare, men det var vel i 1870 åra, at den store amerikafeberen tok til.

Arent var den første som fekk hug å fare over havet. Han var ung då han for kring 1870. Han fekk seg land i Amerika og dreiv som farmar. Han gifte seg med ei kvinne som var frå Lillestøl i Hornindal. Dei fekk ikkje born og Arent døde i sine beste år. Det var visst ikkje så mykje han hadde samla av dollar. Det vart heimsendt noko klæde etter han då han gjekk bort. Mellom anna fekk han Ola ein dress, diplomat frakk. Det var noko han Ola aldri kom til å bruke, og han gav dressen til Loen ungdomslag, dei nytta han i skodespel der det skulle vere embetsmenn eller storfolk.

Rasmus var spelemann då han var heime, og han spela vel til mang ein dans før han for til Amerika. Det fortelst at det var noko mellom han og ei jordegjente. Men foreldra hennar hadde funne ein som hadde meir medel og det laut ho bøye seg for. Rasmus for til Amerika og busette seg i Benson i Minnesota, og han tok seg land, 280 acre i 1877. Han gifte seg i 1879 med Dortea Bødal. Ho var frå Samelbruket. (om dei som for ut frå Sjure6ruket og etterkomarane deira vert det fortalt om i ei eigen bok seinare.)