Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.1 Anders Olssen (f. 1807) og Olina si styringstid

Olina (kvinnene) sin arbeidsdag

Så snart avlinga var koma i hus var det å få fram rokken når dei hadde ei ledig stund. Det var spøtgarnet som dei tok til med først om hausten, det var mykje arbeid som sleit hardt både på sokkar og vottar, elles var det huver og vestar og spøta trøyer og andre ting. Ho Olina hadde sikkert også terne, og då hende det vel ofte at det var to rokkar i stova. Det var i den store røykstova at all denne heimeindustrien gjekk for seg. Når dei var ferdige med spøtgarnet, tok dei til med garnet til det som skulle vevast. Til jul skulle dei vere ferdige med varpet (det er renningen i veven). Til jul måtte alt rydjast ut, og då var det gjort riktig storvask. For jul skulle det haldast like til trettande dag. Etter jul kom så rokken atter på plass i stova, og då var det å koma igang med å spinne veft (innslaget i veven). Det galdt å kome i gang med vevinga, for alt måtte vere ferdigt til dei tok til med vårarbeidet ute på marka. Det var helst ei skam å la vever- stå i gogna over sommaren. Når borna vart så store at dei kunne hjelpe til måtte dei karde opp tullar og vinde opp i nyste tråden av sneldene.

Det var bygdehandverkarar som laga rokkane og kardene. I dei fleste bygder var det ein eller annan som hadde dreiebenk, og dei laga rokkar som dei selde. Den siste her ikring som laga rokkar, var truleg Anders Meland i Oppstryn. Han arbeidde rokkar like til 1920-30. Karene var det og handverkarar som laga, og dei for sjøl ikring og selde varene sine.

I februar måtte heldst vevinga vere komen i gang. Først var det bommen (renningestolen) som måtte inn i stova for å få istand renninga til veven. Her hadde dei eit hol i beten i stova som dei sette bommen opp i, på golvet under hadde dei eit trestykke der det var skore ut ei hole i treet som bommen skulle gå i, der smurde dei med feitt så det skulle gå lett. Det var ein høgtidsdag både for born og vaksne då han Anders kom inn i stova med gognstolane og det andre utstyret og sette gogna (vevstolen) saman. Det var mange omsyn å ta når ein skulle rulle veven på gogna. Veven måtte kome beint på så han i.kkje vart slakk i eine kanten, og ein måte strame renningen så der ikkje kom snur på tråden, og elles få han jamt utover så han gav godt skil når ein skulle til å veve. Og no vart det ei hard tid for ho Olina og terna og seinare dottera då ho vart vaksen. No kappast husmora og tenstgjenta om kven som fortast kunne fylle alna, dei hadde eit band i veven som dei melte alne med, og som dei fløtte i veven etter kvar aln dei hadde vove.

Det var mange vevar som skulle verte ferdige før våronna tok til. Det var vadmål til gangklæde, helst til karane. Så var det enskjeft til underklæde både for kvinner og menn, og det var tøy til kjolar og skjørt og trøyer. Ofte vov dei det med mønster i tøyet. Så var det sengklæde, kvitlar, tepper og ryer som skulle vevast. Det skulle mykje til i alle sengane, og ho Olina var slik at ho også gjerne ville ha eit godt lager, som ho synte fram når slekta eller andre kom der i gjestebod. Sengklæda hekk på stenger i nystova. Åklæder var den mest kunstferdige vevnaden. Der skulle det vere mange fargar og mønster. Det var nytta til overbreidsle på senger, og prydnad på veggane. Dette var den industrien som ho Olina laut syta for vart gjort. Liknande heimeindustri var i gang rundt om på alle gardane.

Men ho fekk ikkje ha stova for seg sjøl. Om kveldane og når det var styggever så karane ikkje kunne gå på skogen kom han Anders med bandeknakken inn i stova. I den første tida hadde han kanskje hjelp av kårmennene. Han Ola livde 7 år etter han kom på kår og han Anders Salveson vart svert gamal og levde endå i 3 år til. Han Anders, som for til Bergen med si eiga byføring, laut drive på å lage så mykje band som råd var til byføringa. Han hadde stor og fin hatleskog og stelte han vel. Når det leid på våren kom også bonteforma inn i stova, den la dei helst opp på ei tynne eller liknande. Dei laga og bjørkevier som dei batt dei ferdige bontane saman med. Det var såleis ein stor heimeindustri i stova om vinteren, der skulle også borna lære leksene sine i det svake lyset frå kola. Oftast om kvelden var det berre det veike lyset frå kola og skinet frå omnen dei hadde å hjelpe seg med i heile stova. Dei hadde sjøle støypt opp mange talgalys, dei kveikte dei når det var noko sers om å gjere i stova. Lysa brukte dei og i sjålykta når dei skulle i fjøsen og til andre rom etter det vart myrkt.