Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.1 Anders Olssen (f. 1807) og Olina si styringstid

Utslåttar for garden Loen

Etter opplysningar frå Lars A. Loen hadde Logarden slått på desse stadane:

Innanfor Smalegjølet og til Tjugen sitt merke: Øvste Berget, Neste Berget, Nakkana, Løndaslettet, Nakkeslettet, Hatlefletene, Bjørkefletene, Neste Støylen, Øvste Støylen. Dei fire siste låg att med smalevegen og det var husmennene som slo der. På Neste Støylen var det ein stor heller, der dei la høyet inn under når det var turt, og drog det heim på snøfør om vinteren. På dei andre slåtteteigane var det nokre som hadde skogalader til å ha høyet i. Sjurebruket hadde ingen slått der som ein kjenner til.

Utan for Smalegjølet låg desse slåtteteigane nedan frå og opp over: Knutesvedene, Rota Kleiva, Neste Kleiva, Øvste Kleiva, Antunssvedene, Halsteinsvedene, Hamnen, Lida og Høgesætra.

Vestan for låg Kopane og Styggeskårane.

På alle desse stadene utan om Styggeskårane var det skogalader.

Ovanfor Lotunet og ut til Tungegjølet låg desse slåtteteigane. Neste Volleberget, Øvste Volleberget, Gjeitastøylen. Lenger vest kom Kalvsvedene, Bokhammarsvedene, Glerene, Omnen og Rausvedene.

I lida mot Rake sitt merke låg desse teigane: Buskårflåten, Korsvikesvedene, Svorabakken, Magnebakken, Kupesvorene, Langesvadet og Hella. Desse slåtteteigane var ikkje så gode og dei var dei første dei slutta å slå ein gong i siste halvparten av 1800 talet.

På sørsida av fjorden frå Vikakråna var det slåtteteigar i Markuskleiva, Hamnen, Utigardsneset, Lyngbakkana, Svartesvedene og Engjane. Her slo Erkebruket og Markusbruket dei 3 inste teigane kvar for seg. Den andre slåtten var delt slik, 6 bruk slo Lyngbakkane og Svartesvedene og dei andre 6 slo Engjane. Og så skifte dei annakvart år, slik at dei som slo Engjane eit år, dei slo den andre slåtten det andre året. I det eine skifte var Sjure, Magne, Mons, Framigard, Knute og Halstein. Til denne slåtten møtte dei opp alle 6 same dagen, og dei slo seg helst ferdige på ein dag. Høyet bar dei til sjøen og førde det i båt over fjorden til Loøyra. Der delte dei slåtten, dei tok det i fanget og delte det i 6 dungar. Ein mann vart så blinda og skulle seie kva dunge kvar skulle ha. Etter på bar eller køyrde dei høyet kvar til sine teigar og hesja eller turka det på marka der. Denne slåtten har vel ikkje vore i bruk etter 1900.

Det var ein strevsam slått, men det var rekna for godt og verdfullt for, og det gjorde at dei kunne vinterfore fleire dyr. Vi har høyrt at Anders heldt vel i stand skogaslåtten, serleg på Kleiva. Og vi har høyrt om andre som og heldt skogaslåtten felt gjev. Det vert fortalt at det var ein mann som bytte bort ein slåtteteig på Looyra i ein slåtteteig på Høgesætra. (Om skogaslått og skogalader har eg sendt inn til Instituttet for sammenlignende kulturforskning, eit kart over utmarka i Loen med namn påsette på kartet av denne slåtten og dei skogaladene som Lars A. Loen kunne vise kvar dei stod.) (sjå kart over utmarka side 92-96) .