Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 3. Hungersår og tronge kår (frå 1783)

3.2 Jannike - Sæten og Breng

Sjøl om ikkje garden ho Jannike kom frå var så stor, så hadde dei mange gode lunnende på Sæten. Såleis hadde dei i gode år framifrå beite på Breng. Der hadde i mellomalderen vore to sjølstendige bruk med eiga skyld, og dei er nemnde i gamle dokument fram til 1469. Garden vart lagd øyde ein gong kring reformasjonen av ei stor vassdemme som kom ifrå Brengsdalen. Segna seier at folket frå det eine bruket hadde fare bort då dei var redd for ovanfåre, på det andre bruket vart dei verande heime, og då vassdemma fløymde over alle bøane og reiv bort husa,sette dei livet til. Breng vart seinare eit underbruk til Sæten, og vart nytta til sæter. Der kom groden svert tidleg til om våren, og når det var våtsommarar var det eit frodig beite like til hausten. Det gjekk eit ord på Sæten som har halde seg til denne dag, at ein måtte ikkje fore kyrne for sterkt om vinteren, for det var når dei kom til Breng dei skulle få utbytte av mjølka.

Omlag alle bruka på Sæten har gamle ætter sitjande på gardane. Og på mange av dei er det nemnt at dei hadde "god formue". Sjøleigarar hadde dei og vore sidan kring 1700. I mellomalderen budde det ei rik slekt på Sæten. Sæten var den gongen berre eitt bruk. Den første vi høyrer om heitte Ellend, han høyrde til i 1300 talet. I 1401 ver det fortalt om kor mykje jordegods han let over til sonen Jon Ellendson. Det syner seg at han åtte omlag alt i Ytre Nesdal, Hogrenning, Helset og Breng utan om eigedomen på Sæten. I 1469 får vi høyre om at dotter hans Ulvhild Jonsdotter har moteke eigedomane hans, og då har ho i tillegg til det som er nemnt som faren åtte også fått eigedomspapir på Yri i Olden, Felde på Breim og Lefdal i Eid. Ho var vel av dei rikaste jordeigarane i Nordfjord på den tid.

I 1563 et der to mann som legg skatt på Sæten. Den eine, Laurits Mogenson, er lagrettemann i 1584. Det er truleg at han slektar til Ulvhild Jonsdotter. Dette finn ein i Bygdeboka (side 645, 646, 649 og 650). Den andre som legg skatt er Rasmus Settenn, han betalar 1/2 dl. 9 skil. i skatt for jordegods. Om han vert det sagt i 1626 at han hadde "god formue". Han kan kanskje ved slektskap ha fått noko av Ulvhild sin rikdom frå 1469. Rasmus er den første vi høyrer om på Perbruket br.nr. 1, og han er ættefar til den Janikke Rasmusdotter som kom ved giftarmål frå Perbruket til Sjurebruket.