Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 3. Hungersår og tronge kår (frå 1783)

Jannike og situajonen på Sjurebruket

På begge sider til Loenvatnet var det store vidder med utmark, beite og skogaslått, som høyrde Sæten til. Sjøl om somme av bruka hadde lite åker og slåttevidde heime, så var der så mange lunnende til garden at dei var rekna for store og gode gardar. Og dei hadde lært seg til å nytte vel ut desse godane som dei hadde. Janikke hadde sikkert fått ei god oppskuling, både med utearbeid og med sætergonga til Breng om sommaren og med veving og spinning og mange huslege gjæremål om vinteren. Det kom vel med for i dei første åra ho var i Sjure var det både uår og noko av dei trongaste tidene som folk hadde opplevt. Husa på garden var og svert gamle. Dei Sjurekarane som hadde vore der tidlegare, hadde halde vedlike dei gamle husa så dei var brukande, og dei hadde sett fram til den dagen dei var komne så godt i veg at dei kunne fare ut i Markane og kjøpe seg husetimber. Men i fleire generasjonar hadde dei gått bort før dei kom så langt. Der kom nok nye brukarar som gifte seg med enkjene, men det var ikkje det same med slike som kom inn på garden og ikkje hadde nokon som skulle ta til etter seg. Det vert ikkje eit slikt storarbeid dei då går i gang med.

Å kome så langt at dei fekk nye hus på garden var no den store planen for dei to nygifte på Sjurebruket. Men så kom desse uåra og hungersåra på, og borna kom til og kravde sitt og det vart fleire munnar å mette. Dei laut difor vøla på det gamle best dei kunne, og slå frå seg tanken om byggjing for det første.