Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 3. Hungersår og tronge kår (frå 1783)

Ny røykstove - Bygging av stova i 1837

No skreiv dei 1837 då dei kom i gang med husebyggjinga for godt. Det var same året som Lokyrkja vart bygd. Han Sjur Ola gjekk når han hadde ei ledig stund og såg alt tilrettes med husebyggjinga. Han vill ikkje spare på nokon ting, og det skulle vere slik som han hadde sett det i andre bygder. Ei stund tenkte han på å få ein av dei store malmomnane, som han hadde høyrt at dei hadde i prestegarden. men det var å gjere seg alt for stor mellom grannane, og ikkje hadde han pengar å koste på det han kunne spare. Det vart til det at han bygde ein røykomn i eine kråa, det var og ein føremun fram om den opne grua midt på golvet.

Sjuregamlestova

Dør frå koven og ut i gangen det ville han ha. Han skulle bli den første i bygda som våga seg til med det. Det var fleire gamle som hadde råda han ifrå. Kårmannen han Anders Salveson var utolug, og spådde at dei skulle bli ille plaga av dei underjordiske, når dei slapp inn i koven utan å måtte gå inn i stova først. Ikkje ville han utsetje borna for at huldrene skulle kunne kome seg så lett til å byte dei til seg. Han Ola meinte at no fekk det vere slutt med å tru på tuss og troll. Han hadde funne ut at gav ein seg til å sjå etter så var det berre naturlege ting alt. Dei skulle få sjå at det kom ikkje til å bli bygd ein einaste kove utan at han hadde dør ut i gangen.