Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 10. Nytt stovehus og utskiftning av Lovik og utmarka (1927)

Mellomkrigstida. Elektristetsverk, turisme

Han Ung-Ola hadde stor hug til lesing og skriving, og då han tok til å skriva i blada kalla han seg Olav Alvheim, frå den tid tok han og til å nytte skriveforma Olav i brevskifte og til dagleg bruk. Han vart konfirmert i 1918. Og no var dei både ein ung og ein gamal om arbeidet. Når det galdt slåtten så var og Marte like god å slå som nokon kar. I 1914 kjøpte dei slåmaskin, og no var det den dei brukte der det let seg gjere å slå med maskin. No vart det og meir skogsarbeid om vinteren enn det hadde vore i det siste. Det vart både famneved og band. Det gjekk fint no då dei var to om arbeidet i skogen.

Hausten 1920 reiste Olav til Voss Folkehøgskule. Han hadde hug på lesnad og skule, og Lars Eskeland var då landskjend for skulen sin. Det vart ein overlag gild skulevinter, men så vart det ikkje høve til meir skulegonge for han.

I 1919 hadde dei bygt eit elektrisitetsverk for Sæten og Haugen. Det var eit lite likestraumsverk, men det vart til det at Loen og fekk kraft der ifrå. Til jul 1920 bygde dei linje til Loen, og dei fekk installert til lys. Ein fekk og noke kraft til kokeplate og strykejarn, meir kraft var det ikkje å få. Dette var eit stort framsteg, likeeins som parafinlampa hadde vore eit stort framsteg då dei tok den i bruk ein 50-60 år tidlegare. Men då måtte ein bere lyset med seg når ein i mørkret skulle til uthusa eller nystova og staburet. Den gongen hadde ein lykter til det bruk, og dei var nokså bra å ta i handa, men no var det berre å skrue på ein brytar, så hadde ein lyset både i fjøs og lade og kvart eit rom ein trengde gå i etter det var mørkt. No fekk ein installert i alle dei rom ein trengde om lys.

Turistbåtane som hadde vore borte sidan krigen tok til i 1914, tok i 1921 til å kome igjen, og sende turistar til Kjendalsbreen. Loen skysslag kom igang igjen med ca. 50 hestar med skysskjerre og somme med triller (kjøyretøy med fire hjul). Heile Lobygda var med dei som hadde hestar og frå Raksgrenda like ut til Strand. No var det han Olav som måtte stå for skjussinga. Og ho Olina og ho Karen hadde fått seg nasjonaldrakt, det var hardangerbunad, og dei reiste til Kjenndalen restaurant. Markus Loen leigde bygdegjenter både frå Loen og Lodalen til å vere med i matsalen og på kjøkenet. Det var festdagar som dei likte, og turistane var flittige å fotegrafere både natura og dei bunadklædde gjentene. Men det var harde dagar, ei av gjentene måtte på støylen til krøtera når dei kom heim, og ofte måtte dei andre drive på ut. etter kvelden for å ta inn turrhøy. Mang ein gong kom og regnet på turrhøyet før skyssinga var ferdig, men ein kunne ikkje gå frå turistkøyringa før ein var ferdig med det, kva som røynde på med turthøyet heime.