Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 10. Nytt stovehus og utskiftning av Lovik og utmarka (1927)

Bygging av nytt stovehus. 1926

No var dei blitt god hjelp på Sjurebruket, og no måtte ein tenkje på å få opp stovehuset, som alle stunda svert etter. Det var fint i gamle stova og, men etterkvart tykte både ho Marte og borna at det vart for trongt og vanskeleg no då alle var vaksne, og hadde bruk for meir rom etter slik som tida kravde det no.

I 1924 kom tvillingbror til Marte, Ola Skarstein, som budde i Straumsnes i Sunnfjord, her til for å vere med han Olav og laga glas og dører til det nye huset. Dei budde hjå Jakob Beines i Olden, han var gift med Brite, som var søster til Marte. Dei hadde eit småbruk på Skarstein og dei var barnlause. I andre høgda på huset hadde dei ein stor sal, og der innreidde dei seg med høvlebenkane, og anna snikkarutstyr. Dei var der om vinteren og fekk laga ferdige alle glas og dører til huset.

Neste haust tok dei til å minere og skyte stein, for å få til det som rast av stein til husmuren. Han Ola var enno så bra at han kunne vere med og slå på boren. Ein dreiv då ei tid med to lag. Jakob Beines og han Ola var eit lag, og han Olav og Anders Mykland det andre laget. Anders var ein steinarbeidar som var nærmaste grannen, og var kalla Tamburen fordi han i sine unge dagar hadde vore tambur i det militære på Nordfjordeid. Ei stund hadde dei og han HalsteinElias som utan om bondeyrket også var ein flink murar og steinarbeidar.

Om vinteren hadde dei dugnad og køyrde steinen heim, og våren 1926 tok dei så til med grunnen for-huset. Kvar huset skulle stå hadde Andreas og Marte sett ut for lenge sidan, og der vart huset bygt. Rett aust for vegen som gjekk opptil kyrkja. Grunnen tok dei ut med eiga hjelp og med ein leigekar, og grusen køyrde dei ut med hest.

Halstein-Elias var formann for å setje opp stovemuren, og han hadde tre mann med seg. Det var fin murstein, og dei fekk snart og fint opp muren. Dette var siste huset i Loen som det vart nytta gråsteinsmur til.

Til å byggje fekk Marte to av brørne sine, Ola og Anders. Ola var bygningsformann, han hadde vore formann og sett opp mange hus. Så var det Jakob Beines og Simon Muri, han var ein søsterson til Marte. Simon Raudi var og med ei tid, men han var så uheldig og hogg seg i foten, slik at han måtte slutte i arbeidet.

Huset var av tre toms tømmerplankar, der også deleveggane var av same sort tømmer. Det var bygt med liggande plank. I første høgda over kjellaren var det to stover med eit lite rom i mellom som gjekk ut til ein innbygd veranda. På austsida var det frå syd kjøken, gong og eit soverom. Frå gongen gjekk tropp opp på andre høgda. Der var i syd to soverom og eit lite skrårom for klæde og anna utstyr. I midten var gongen og eit utbygt ark som var nytta til soverom. I nord var det ein stor sal og eit skrårom på kvar side.

Der var tropp opp til øfste loftet, det var i eit rom og vart nytta til å setje tilsides mange ting som ein ikkje til dagleg hadde bruk for. Til tak vart nytta vosseskifer. I kjellaren var det oppsett grue oppmura av gråstein. Den vart brukt til klævask, baking av fint flatbrød og mange andre ting i den første tida. Kjellaren var avdelt med to rom til potetene, men arbeidsrom og vaskerom var i eitt.

Marte var glad då dei hadde fått dette bygverket frå seg. Det hadde kosta mange kontante pengar, men både løner og prisar hadde gått mykje ned etter den høgkonjunkturen som var etter første verdenskrig. Men tidene vart trongare etter kvart med arbeidsløyse og lite å få for det ein hadde å vende. Alle på Sjurebruket var nøgde og gla for at Marte no hadde berga tiltaket vel i hamn.

Bilde av det nye stovehuset