Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 10. Nytt stovehus og utskiftning av Lovik og utmarka (1927)

10.5. Nystova og gamlestova vert selde og fløtte bort

I 1926 då Sjurane bygde det nye huset kom Gabriel Gildestad og ville kjøpe nystova til bustadhus for seg og huslyden. Han hadde fått seg tomt på Auflem. Det vart til det at han fekk kjøpe nystova, og dei reiv og fløtte huset og bygde det opp på tomten på Auflem. Den ligg på neset der ein kallar "Kråka", like vest for riksvegen mellom Loen og Olden. Huset vart bygt opp igjen slik det var, utan at svalegongane eller skota vart bygd opp igjen Og no hadde dei kjellar under heile huset. Det er no Dagfinn Gildestad, son til Gabriel, som bur i huset.

I 1938 ville Alfred L. Loen byggje på ei tomt han hadde på Trulsbruket syd for elva rett ovanfor riksvegen mellom Loen og Olden. Han kom då og ville kjøpe gamlestova. Ho stod då utan å vere i bruk, og taket tok til å verte dårleg slik at det trengdest nytt tekkje på heile taket. Det vart til at Olav selde stova til Alfred, og han reiv og fløtte den til tomten i Lovik, og sette huset opp der. For at det no skulle vere tenleg som bustadhus gjorde han mange endringar. Han delte av den store røykstova, og bygde på høgda slik at han no fekk lem med rom over heile den høgda. Timra i koven hadde vore utbygt noko slik at det ikkje jamfølgde med timreveggen i stova på sydsida, dette bygde han opp slik det var etter gamalt. Han gifte seg og fløtte inn i huset i 1939. I desember same året døde Alfred etter ei ulukke på vedaskog. Det har sidan vore bortleigt. No vert det av brukaren på Trulsbruket utleigt til turistar.