Nordfjord - Loen sokn - RakeBilde - Kart - Tekst

Rake

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 82 Rake

Namn og opphav

Namnet truleg av råk, dativ raki: ein stad der lause ting, «råk», rek saman. Ordstomnen rak har ein i mange gardsnamn. Det er dativforma som har fest seg i namnet. Dativforma er brukt noko ustød i mellomalderen såleis: i Raki, a Raki, a Rake. I 15. og 16. århundre er namnet skrive Raak, Rake, Rage. Namnet er særs høveleg då garden ligg på eit nes imot Olde- og Lo- buktene, der straum og vind tidt fører mykje «rak» med seg.

Garden er sværande gammal. I stranda mellom Rake og Solvik er ei - kan hende to - gravrøysar: dei er visst ikkje granska; er truleg frå bronsetida.

Rake er nemnd i Bj. K. Ulfi a Raki er nemnd saman med nokre andre menn som vitne på ei semje 4.9. 1328, sjå om det under Flo og Glomnes. Same stad ser ein at prestebolet i Alda då åtte 6 1. i Raki. Jostein a Raki, n. 1328, er vel den same som den Jostein Arnarson som i 1340, 19.1., saman med broren Håkon, Erling på «Harinum» (Håheim?) og presten Sigmun i Alda var vitne på at Ivar på Rake i kyrkja i Alda rekna opp for Olav Ogmundson veitsler, avfall og øydejord i Alda. Ivar var vel anten sysselmann eller lensmann.

Rake er og nemnd i Munkelivboka. Munkeliv-klosteret eig i 1427 VIII (m.m.b.) i «Raak i Vtnikom(!) i Nordfiordum». I 1463 eig klosteret 1 1/2 laup i Rake. I 1519 legg Hallkel p. Rage 10 lodd sølv og Halword p. R. 3 1. s. i tiendepengar, og Halw. legg 3 1. s. for jordegods. Hallkel er og nemnd i 1522 og svarar då 16 mk. i «brevbrud» (det er gebyr for utskriving av off. dokument). I 1563 legg Peder, Jon, Elling og Anders (Endreson) på Ragenn vanleg leiglendingsskatt, dei tre førstnemnde 1 dl. kvar, Anders l 1/4 dl., og Jon la 2 1/4 dl. i jordskatt. I 1567 svarar Rache 6 gsk. 4 bsk. i leiding, og etter det skulle landskylda då vere om lag 7 laup.