Nordfjord - Loen sokn - RakeBilde - Kart - Tekst

Rake

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 82 Rake

Åstadssak 1732

År 1732, den 9.7. o. f. d., var det åstadssak mellom Rake og grannegardane Oppheim, Marså og Strand om merkeskil og bruk, féhamn og slætter etter krav av Rake-karane, som klaga over at dei hadde lide urett av brukarane på Oppheim, som m. a. uløyves hadde lagt inn slåttekvier av den sams féhamna som dei lysta. Oppheimsmennene svara hertil at Rake-mennene vel veit at Marsåelva frå aralds tid har vore lovleg merkeskil mellom Marså og Rake på ytre og Oppheim på indre sida for féhamne, men for skogbruket hadde ei line frå Brennesteinen og inn i Storeskreda ved Lo-merket vore merkeskil. Dei kravde desse linene haldne i lovleg hevd. Elles skulda dei Rake-mennene for å la krøtera gå lause på beite kvar som helst. Åstadsretten tok til med ei gransking og samla partane ved Brennesteinen. Men då Oppheimsmennene «merkede at saken vilde falde dem contrairi, ginge de vrede bort og likesom foragtede retten».(!)

Retten heldt likevel fram med granskinga og sette fem merkesteinar i lina mellom Brennesteinen og Merkesholen ved Lomerket. Så sette retten sju steinar i ei line frå Féhammaren og ut og opp under Lieset-hammaren som merkeskil mellom Oppheim inn og ovafor og Rake og Marså ut og nedafor. Stølsmarka ovafor Liesethammaren skulle som før vere sams stølshamn for dei tre gardane. Sidan sette retten lovlege merkesteinar mellom skog- teigane åt dei fire gardane ute på stranda.

I 1832 vart avsagt dom i strid om fébeite mellom Rake og grannegardane.