Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane Lodalsulukka 1905

Raset og bølgjene

Det var sundagskvelden den 15. januar 1905, noko etter sengetid, då alle folk på Lodalsgardane var gått til ro og flest alle låg i djup svevn, at det brast ut eit uhorveleg stort fjellstykke frå den tverrbratte nordsida av det høge Ramnefjellet på søre sida av Lodalsvatnet. Fjellstykket, som sikkert var fleire tusen kubikkmeter, for med ofse og toreliknande brak og døn nedetter fjellsida og slo seg i sund i uteljande molar. Det sopa med seg alt som i vegen var: stein og bergknausar, mold, torv, skog, og for så ned i vatnet nedunder. Steinskredet hadde slik ei ovmakt at det reiv med seg ei veldig steinurd nede ved vatnet. Her stakk før fram eit noko stort nes, men skredet tok bort heile neset, så det her sidan har vore ei djup vik.

Skredet valda at det i vatnet reiste seg ei ovstor båre, som fylgde djupålen, og det var ho som valda den store skaden. Ein part av storbåra skåla innetter mot Nesdalslandet, sopte bort Ytre- Nesdal med hus og alt som i var av levande og livlaust. Ein annan part av storbåra braut innover Bødalslandet på nordsida av vatnet midt imot skredet. Ho skåla og langt innover land, braut ned og tok med seg sørvestre parten av Bødalsgarden. Ein part av båra for innetter sundet nordafor Nesdalsgardane og slo mot fjellet. Atterslaget av denne parten møttest med den parten som hadde sko1a over Nesdalsgarden, like ved nystova til Lars Indre-Nesdal. Vass-spruten stod jamhøgt med taket, men nystova vart ståande. Hadde det ikkje gått såleis til, hadde truleg Indre Nesdal og stroke med. Denne garden slapp heppeleg med noko mindre skade. Ei løe hjå Ola M. Indre-Nesdal vart ramponert, og smalefjøset under løa vart bortrive, så 20 smalekrøter vart drepne. Fleire kjellarar på Indre-Nesdal vart fylte med vatn, og snøraket låg så tjukt i tunet at det gjekk midt opp etter husveggane. Båreskvalet rakk ikring 80 meter innover Nesdalslandet og nådde radt inn til Kvernelva, der tre kvernhus vart øydelagde. Her fann dei sidan ei kiste frå Ytre-Nesdal.

Den parten av storbåra som slo mot Nesodden, det høge bergknausneset nordafor vatnet i søraust for Bødal, skolda lendet her for grassvor, mold og tre, så berre snauberget var att. I lang tid etter synte det her skilgreitt kor høgt opp båra hadde gått. Eit særs godt prov på det og kva makt båra hadde, har vi i det som hende med dampbåten «Lodølen», som låg i vinterlæge i naust her ved Nesodden. Han vart av båra lyft opp ikring 50 meter og slengd ikring 500 meter innover land, der skroget vart liggjande som eit talande minnesmerke over den sørgjelege tilburden. Etter den parten av båra som sko1a vestetter vatnet, tedde det og synbert merke om morgonen då folk kom ned til fjæra. Alle nausta kringom vatnet på eitt nær var bortskola, og 70-80 båtar var øydelagde. Tilmed Sætabrua på Vassenden ikring 7 km frå skredstaden var bortskola.