Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane Lodalsulukka 1905

Skaden

Det vart no etterrøkt kor stor skaden var. Det synte seg snart at skaden var mykje større enn mange kunne tenkje seg. Av menneske gjekk det til, som før nemnt, i alt 62 i ymse aldrar frå udøypt barn til gamle kårfolk. Av krøter vart drepne 94 naut, 10 hestar, 145 smalar og 16 griser. Alle husa i Ytre-Nesdal - sikkert over 25 - og truleg like mange i Bødal, vart bortsopte, tre kvernhus vart øydelagde, og ymse huseskade leid Indre-Nesdal, alle nausta ved Lodalsvatnet på eitt nær, dampbåten «Lodølen», Sætabrua, ei mengd med innbu av ymse slag, for, matvarer, klede o. m. m. vart øydelagt. Dertil kom all jordskaden på dei tre gardane. Pengeverdet av skaden vart rusa med det same til ikring 120 000 kroner. Det er vel heller lågt sett. Pengeverdet då var vel mangedobbelt imot no. Jordskaden vart verdsett av ei skyldsetjingsnemnd, tilsett av fylket. Ho sette avtaket på gardane 24.11. 1905 såleis: Av Ytre- Nesdal vart avteke halve skylda 7,53 skmk. i 20 år og sidan 2,01 skmk. for alltid av kvart av dei tre bruka. Året etter vart avtaket sett til 1,75 skmk. av kvart bruk. Av Bødal vart avteke berre 1,75 skmk., utjamna på alle 7 bruka; nr. 6 hadde lide mest og vart avteke 0,51 skmk., fem bruk vart avteke frå 0,18 til 0,28 skmk. og eitt bruk 0,02 skmk.