Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane Lodalsulukka 1905

Omverda får vite om ulukka

Folket i den næraste grenda vart sjølvsagt visse med kva som hadde hendt straks etter skredet hadde gått, med di dei vart vekte av det fælande braket og den sterke brusinga etter ovbårene, og dei kom seg vel på føtene straks. Dei kunne då trass mørkret få ein vissmon om at noko sørgjeleg hadde bore til, men sikker greie på kor stor ulukka var, fekk dei først om morgonen då det vart ljost. Det såg då fælt ut. Heile Ytre-Nesdal og halve Bødal bortsopt, og på vatnet låg og råk ei myrje av tre, materialar og leivder av hus, døde krøterskrottar, klede, matvarer, høy og halm, alt samanbunde i ei uløyseleg vase.Men lenger borte varde det ein god del av mandagen før folk fekk full greie på skaden, då skadestaden var heilt avstengd frå bygdene ikring av di der ingen telefon var, og alle båtar og dampbåten var øydelagde. Den einaste måten å nå fram på for folk utanfrå, var å gå stranda på nordsida av vatnet, men midtvinters var det svært mødesamt å nå fram den leia. Dei laut då sistpå køyre båtar frå Lonausta opp til Vassenden. Men så skulle denne utvegen med å nå fram med hjelpa og verte stengd med di det vart ein fælande sterk storm som gjorde det umogleg å ro vatnet; stormen vara over eit døger. Den første utanbygdsmannen som kava seg opp stranda og nådde fram etter mykje bal og møde, var dokter Brodtkorb, som vart varsla om å kome til hjelp for dei som var funne i live. Han vart verande på staden eit heilt døger og var den første som kunne gje verda utanfor grenda full utgreiing om kor stor ulukka var.

Tysdagen vart det så sendt telegram til bygdeblada og til storblada i Bergen og Oslo, og derved frettest ulukka så å seie over heile verda. («Verdens Gang» hadde 19.1. ei lang telegrafisk melding frå dr. Brodtkorb.) Fretnaden vekte sjølvsagt åtgaum og stor medkjensle vide kringom, og det kom då hjelp og tilbod om hjelp frå mange stader. Ei sjukesyster vart send til hjelp, men laut som mange andre liggje vérfast på Vassenden. Den første nauda tok grannar og bygdefolk seg av. Sidan kom det hjelp vide ifrå, meir enn som trengdest i første tida. Etter som dei fekk oversyn over skaden, vart det sendt ut opprop og skipa innsamlingsnemnd, og det kom då inn mykje pengar, mat, klevarer og materialar, så dei skadelidne fekk ei god stød.