Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane Lodalsulukka 13. september 1936

Raset og bølgjene

Då kom ulukka på nytt. Sundag den 13. september 1936 rasa det atter ut eit stykke av Ramnefjellet og fall i Loenvatnet. Denne gongen laga det og ei stor båre som slo innover land, og ei ulukke enda større og fælare enn den i 1905 gjekk over Bødal og Nesdal.

Den ofselege båra som reiste seg etter raset, sopa med seg alt som fanst i hennar veg. Om lag 50 meter høgt gjekk ho oppetter bakkane på andre sida av sundet, og ho gjekk fleire hundre meter innover land. I Nesdal tok ho bort tre heimar med alle menneska som var der. Det var Fredsvoll, Anbjørn-huslyden og Mons-huslyden. Lars-stova fekk innslege ein vegg, og halve løa vart øydelagd, men ingen av huslyden kom til skade. I Bødal vart alle husa bortsopte. Berre eit lite hus som var nytta til ysteri og stod høgare oppe enn dei andre stod igjen. Det gjorde teneste som sjukestove, der tok dei inn og stelte alle dei som var såra og sjuke.

På Hogrenning vart Sanda-stova teken og førd på vatnet. Ho hadde stått urøyvd i 1905. To smågutar kom bort, men mora og to andre gutar kom seg opp på taket og vart berga. På Vassenden, 8-9 km frå ras-staden, vart ein heim teken av båra og riven bort. To av huslyden fylgde med og sett livet til, medan to vart berga.

Alle naust, båtar og bryggjer kring heile vatnet vart tekne med unnatak av naustet på Helset. I Kjenndalen vart den store restauranten kasta langt innover land, og vognhus og kjerrer vart mykje øydelagde.

Lodalen Dampbåtlag miste alt sitt materiell så nær som motorbåten «Kjenndal», som var liggjande på land ved osen. Den vart sett på vatnet og nytta til flytting av folk og varer og alt ein måtte frakte bort. Denne båten vart teken av eit like stort ras som kom den 11. november same året, og han gjekk då til botnar.

Også nedanfor vatnet vart det gjort store skader, både av båra og av elva, som vart større enn i nokon storflaum. Sætabrua vart riven bort, sameleis Haugen og Sæten Elektrisitetsverk og ein verkstad. Lenger nede vart Lobrua teken - og ei stampe og i alt 5-6 kvernhus. Det vart og gjort skade på jord, skog, telefon og lysleidningar.