Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane Lodalsulukka 13. september 1936

Hjelpearbeid og gravferd

Det vart straks sett i gang eit stort hjelpearbeid. Distriktslegen, lensmannen og ordføraren var snøgt på plassen og planla hjelpearbeidet. Og så snart det spurdest til andre bygder, kom det eit stort hjelpemannskap. Det første det galdt om, var å finne fram og stelle dei som var såra og å hjelpe dei attlevande. Sidan var det å leite fram dei døde som var å finne og få dei sende ned til Loen. Distriktslege Freihow stelte med dei såra, og då eit ambulansefly nådde fram, fekk han dei sende med det til Nordfjord Sjukehus. Saman med sjukesøstrer og andre tok han seg sidan av dei døde og stelte dei så pent at ingen kunne tru at dei hadde fått ei så fæl uferd. Skulehuset i Loen vart teke til likstove, og der låg det på ein gong 20 av dei døde ein hadde funne att.

Onsdag 16. september var gravferdsdagen. Kronprins Olav var til stades, og då bispen i Bjørgvin var i Danmark, møtte domprost Knutsen i hans stad. Det hadde møtt opp mange tusen menneske. Aldri har så mange vore samla kring Loen kyrkje. Dei sørgjande fekk ei kjensle av at dette var ikkje berre ei bygdesorg - det var ei landssorg.

Det var ei gripade sørgjehøgtid i Loen kyrkje, der dei 20 kistene var ordna etter midtgangen som ein stor kross. Musikken spela «I ensomme stunder, når det er tyst» av Ole Bull, og etter salmen «Eg veit i himmerik ei borg», tala domprost Knutsen og sokneprest Eriksen. Etterpå var det atter salmesong og musikk før kistene av slekt og vener vart borne ut til den siste kvilestaden. Norsk Rikskringkasting hadde stelt til høgtalaranlegg for alle som måtte stå ute, og heile høgtida vart send direkte gjennom radioen.